Hopp til innhold

Skepsis i Hattfjelldal

Innbyggjarane i Hatfjelldal er skeptiske til etableringa av eit flyktningmottak i kommunen.

Asylsøkere

Innbyggjarane i Hattfjelldal er skeptiske til å få opptil 75 asylsøkarar i kommunen.

Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

Ordførar i Hattfjelldal, Asgeir Almås har tidlegare uttalt at dei ikkje vart spurde om dei ville ha eit mottak i kommunen, og at det var dei som tok initiativ til folkemøtet måndag kveld.

LES OGSÅ: Velkommen til Hattfjelldal

Folkemøtet hadde representantar frå UDI i Narvik, kommunen og dei som skal drive mottaket, i følgje Helgeland Arbeiderblad.

Skepsis

UDI informerte om behovet for asylmottak i Noreg, og fortalde om ulike konflikter på verdsbasis som er med på å auke behovet.

- Me må hugse på at også Europa har hatt mange flyktningar dei siste hundre åra, også i våre dagar, sa Even Aronsen i UDI til Helgeland Arbeiderblad.

Fleire av dei frammøtte uttrykte sin skepsis overfor Helgeland Arbeiderblad.

- Eg er absolutt ingen rasist, men eg er skeptisk til at så mange skal bu i eit så lite hus utan at me har garantiar for at dei får god nok oppfølgjing. Eg har ei kjensle av at mange er skeptiske. Me har ikkje noko å tilby dei heller. det er dårleg med arbeidsplassar her no, seier Therese Bjørkan til Helgeland Arbeiderblad.

Mange spørsmål

Dei frammøtte hadde spørsmål, både om kvar dei nye sambygdingane kom i frå og korleis dei skulle bu.

LES OGSÅ: Færre asylsøkarar til Nord-Noreg