Det seier regiondirektør Bjørn Fridfeldt i Utlendingsdirektoratet.
- Ein del tilbod var rett og slett ikkje gode nok. Dei holdt ikkje mål, seier han.
Men sidan mange av tilboda om asylmottak ikkje tilfredsstilte krava, vert det færre asylsøkarar enn planlagt.
Kunne plassert 300
300 nye asylsøkarar kunne Utlendingsdirektoratet plassert rundt omkring i Nord-Noreg i år, dersom alle tilboda dei fekk inn om å drive asylmottak hadde vore gode nok.
- Det handlar om at dei ikkje hadde tenkt over korleis dei skulle skaffe kvalifisert arbeidskraft til mottaka, eller at byggningane ikkje var godkjende, seier han.
No her dei berre plassar til halvparten. Fridfeldt ser ikkje bort i frå at mange som ynskjer å drive eit asylmottak veit for lite om kva det er.
- Det kan vere ei av årsakene. Dei kan vere uerfarne med å levere inn anbod i slike konkurransar, eller dei trur at det er enklare enn det eigentleg er, seier Fridfeldt.
Hattfjelldal
Ein av dei få som UDI er nøgd med, er tilbodet frå Freddy Hågensen. 1. desember opnar han asylmottak i Hattfjelldal, som i år tek i mot 25 personar. Han er godt i gang med å gjere eit heimevernshus om til asylmottak.
- Me er godt i gang med førebuingane, og har allereie vorte kontakta av folk som vil jobbe på mottaket, fortel Hågensen.
Men for dei som leverte inn tilbod som ikkje var gode nok, er ikkje toget gått.
- Dei anboda vert returnert med ei forklaring på kva som ikkje var godt nok, og så vil dei kunne vere med på ein ny konkurranserunde seinare, seier regiondirektør i UDI, Bjørn Fridfeldt.
Folkemøte måndag
Hattfjelldal kommune skal i kveld ha folkemøte om asylmottaket.
- Me har teke initiativ til folkemøtet. Me ynskjer å gi innbyggjarane informasjon om mottaket, og gi dei moglegheit til å kome med spørsmål i samband med mottaket, fortel ordførar Asgeir Almås i Hattfjelldal.
Almås fortel at innbyggjarane lurer på korleis UDI kan plassere eit mottak i kommunen utan å ha fått ei godkjenning i kommunen.
- Dette er spørsmål me ynskjer å gi svar på i kveld, seier han.
Har ikkje vorte spurde
Ordførar Asgeir Almås fortel at kommunen ikkje har vorte spurde i saka.
- Me har invitert oss sjølve når UDI har vore her på synfaring og me har ikkje vorte spurde om å ta imot flyktningar. Det einaste me har fått fortald er at det har vore kontakt mellom eit firma på Mo I Rana og UDI, seier Almås.
han seier at dei allereie har byrja førebuingane.
- Me har allereie hatt kontakt med folk som er interessert i å drive norskopplæring ved mottaket, og me har eit godt helsetilbod i kommunen, seier han.