Hopp til innhold

Forskarar vil bruke forskarstemmer til å skremme bort elg

Ny forsking tydar på at lyden av menneskestemmer kan skremme bort elg og hjort frå togsporet. No skal dei teste det ut i praksis.

Elg i sporet, rett nord for Koppang på Rørosbanen.

Elg i sporet, rett nord for Koppang på Rørosbanen.

Foto: Anders Haakonsen / Bane NOR

Tog og elg eller hjort er ein dårleg kombinasjon.

Men vintrar med mykje snø og lite mat gjer at elgen ofte trekker til togsporet.

Toget køyrer raskt og stille og treng opp til ein kilometer for å stoppe.

Men no har forskarane kome fram til ein måte å skremme bort elgen før han vert påkøyrt:

Med lyd.

No skal forskarar frå Ruralis og NIBIO, saman med Bane Nor, montere lydutstyr på toga til Rørosbanen og Nordlandsbanen.

– Vi håper og trur denne teknologien vil vere effektiv, seier banedirektør Vibeke Aarnes i Bane Nor.

Ikkje alle lyder skremmer elgen

Dei siste to åra har forskarane samla inn mykje verdifull kunnskap om kva som skremmer elgen, og korleis han oppfører seg når han blir skremt.

Eit togtut fungerer til dømes dårleg.

Slik såg det ut når forskarane spelte av lyden av eit tog for elgen.

Då prøvde forskarane med lyd frå dyr som elgen koplar til noko farleg å skremmande. Til dømes lyden av bjeffing frå hund eller ulvehyl.

Men det som fungerte best overraska forskarane.

Slik reagerte elgane når dei i staden fekk høyre ein monoton forskarstemme.

– Best respons har vi fått når vi bruker menneskestemmer.

Det seier Ruralis-forskar Aina Winsvold, som leiar Viltvarslingsprosjektet i Noreg.

Heile 90 prosent av elgane rømte frå fôringsplassen som forskarane hadde sett opp når dei blei utsett for den skremmande, monotone forskarstemma.

Målet er at elgen forlét togsporet raskt.

– Då er det viktig at vi finn lyder som gjer at dei søker dekning i skogen fort, i staden for å springe i eller langs skjenene, seier Winsvold.

Raske forskarar

Leif Egil Amundsen jobbar som ettersøkingsjeger i Rana kommunes vilt-ettersøkingsgruppe. Han er òg nabo til ein av dei mest utsette togstrekningane.

Han er meir kritisk til om prosjektet vil fungere.

– Eg har dårleg tru på det. Elgen blir fort husvarm. Dei har gjort mange rare forsøk opp igjennom tindane, men han er bestemt, seier Amundsen, som ser føre seg at han kjem til å høyre den monotone forskarstemma mykje framover.

Elg påkjørt og drept på Nordlandsbanen i Rana kommune

ELGFOSTER: Leif Egil Amundsen jobbar som ettersøkingsjeger i Rana kommunes vilt-ettersøkingsgruppe. – Det er tragisk. Denne skulle vore født i mai, seier han.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Ettersøkingsjegeren har nemleg sett mange forsøk på å halde elgen borte frå sporet.

For 40 år sidan prøvde forskarane seg på refleks langs togsporet. Så forsøkte dei med såpe.

Elg påkjørt og drept på Nordlandsbanen i Rana kommune
Likevel ligg det stadig elg på togsporet, fortel Amundsen.
Elg påkjørt og drept på Nordlandsbanen i Rana kommune
– Du skulle tru han skydde området når han såg sine medsamansvorne ligge spreitt på sporet, men det ser han ikkje til å bry seg om.

– Eg har sjølv prøvd å jage elg, og viss han ikkje vil flytte seg, så kjem han og tar deg.

Og det er allereie gjort planar for eit prosjekt for å få bukt med elgen: Eit halvannan mil langt gjerde ved Dunderland.

– Dei må gjerne gjere eit forsøk, men det kan ikkje gå på kostnad av gjerdet som vi allereie har planlagt, seier Amundsen som likevel trur prosjektet kan ha noko føre seg vidare sør mot Mo i Rana.

Les også: Fortvilte naboer krever slutt på dyrelidelsene: – Denne skulle vært født i mai

Elg påkjørt og drept på Nordlandsbanen i Rana kommune
Elg påkjørt og drept på Nordlandsbanen i Rana kommune

Skal teste på fleire tog

Banedirektør Vibeke Aarnes i Bane Nor seier at det er få tiltak dei har i dag som verkeleg er effektive for å forhindre at tog køyrer på hjortedyr.

– Vi bygger masse gjerde. Men det kostar mykje pengar. Vi har brukt 85 millionar kroner. Difor er vi interessert i andre moglegheiter også, i tillegg til gjerde, seier ho.

Banedirektør Vibeke Aarnes i Bane NOR

Banedirektør Vibeke Aarnes i Bane Nor har trua på at lyden av menneske kan bidra til å halde elgen borte frå togsporet.

Foto: ANNE METTE STORVIK / Bane NOR

På Nordlandsbanen har dei bygd 45 km med gjerde dei siste fire-fem åra.

Gjerda må vere lange og bli kombinert med passasjer der dyra trygt kan passere for å bli effektive, fortel Banedirektør Vibeke Aarnes i Bane Nor.

Difor er utstyr som speler av lyden av menneskestemme, mykje billigare. Og kanskje ein enda enklare metode å skremme bort hjortedyr på.

Nordlandsbanen, rein påkjørt av tog, Kvalfors bruk

Nokre strekningar vert togspora farga raude av blod på Nordlandsbanen, som her ved Kvalfors bruk etter at reinsdyr vart påkøyrd.

Foto: Ole Henrik Kappfjell

Ifølge Aarnes er det ingen grunn til å uroe seg for at gjerdeprosjekta som allereie er sat i gang, vil bli fullført.

– Dei gjerda som vi har sat i gang med å byggje, vil gå vidare som planlagt. Det er ikkje lenge til vi set gjerdestolpen i jorda ved Dunderland i Mo i Rana. Men det er andre strekningar der dette er relevant, seier banedirektøren.

– Kvifor har de valt å prøve det ut nett på Nordlandsbanen?

– Nordlandsbanen er eit område er vi diverre har eit del dyrepåkøyrsler. Det same gjerde delvis på Rørosbanen. Vi er spent på om elgen reagerer ulikt de to stadene.

Reinsdyr påkjørt på Nordlandsbanen

Ifølge Mattilsynet låg denne reinkalven hardt skadd i éin veke før den blei funnet og avliva. Reinkalven blei påkøyrt av toget på Nordlandsbanen sør for Mosjøen.

Foto: Ole Henrik Kappfjell

No skal forskarar teste ut avspeling av menneskestemme i førarhuset på 15–20 lokomotiv. Samstundes skal dei filme åtferda til dyra.

– Då kan lære meir om korleis dei reagerer og i kva retning dei spring når ulike signal blir sendt ut frå tog i fart, seier Winsvold.

I tillegg til utstyr i toga skal forskarane sette opp utstyr som sender ut skremmelydane ved tunnel- og gjerdeinngangar.

Då kan dei fange opp korleis dyra oppfører seg spesielt i disse områda.

– Vi synest dette er veldig spennande, og er veldig spente. Difor er det viktig at vi undersøker og testar vidare, seier banedirektør Aarnes.

Eit dokumentarprogram i National Geographic synest også resultata var interessante. Difor vil dei prate om prosjektet i deira dokumentar.

Les også: Døden på skinnene

Nordlandsbanen, rein påkjørt av tog, Kvalfors bruk
Nordlandsbanen, rein påkjørt av tog, Kvalfors bruk