Hopp til innhold

Zelda blei forsøkt kidnappa: – Ofte ønsker kriminelle seg hund til vakthald

Framande menn prøvde å nappe hunden Zelda rett under nasen på eigaren. Dyrevernalliansen meiner hundeeigarar bør vere førebudd på hundetjuvar.

Hunden Zelda i fullt firsprang i Lofoten.

Hunden Zelda var veldig nær å vorte kidnappa – rett under nasen på matmor.

Foto: Privat

Camilla Tindsett var på tur med hunden ved Moskenes i Lofoten.

Det var ein heilt vanleg torsdag.

Plutseleg var ho midt i ein kidnapp-situasjon – tjuvar ville ta hunden hennar.

– Synleg at dei har gjort det før

– Dei spurte om dei kunne få helse på hunden, seier Camilla Tindsett til NRK.

Ho fortalte først om hendinga på eigen Facebook-side.

– Eg rakk ikkje å svare eingong før den eine karen stilte seg framfor meg og den andre karen bøygde seg ned og knipsa bandet av hunden.

Dei to mennene la på sprang.

Men då fann Zelda ut at ho ikkje ville vere med på nokon kidnapping.

– Heldigvis har eg ein tangsprell av ein hund, som også er lydig. Ho klarte å sprelle seg ut av armane på fyren og kom løpande rett tilbake til meg, seier Tindsett.

Hunden Zelda var veldig nær å vorte kidnappa - rett under nasen på matmor.

Då matmor ropte på Zelda løp ho rett tilbake og kikka opp på Camilla Tindsett. Som om ingenting hadde hendt.

Foto: Privat

Det som var mest skremmande for Tindsett var likevel kor rutinerte dei to tjuvane var.

– Det var veldig synleg at dette har dei gjort før.

Stel hund for vakthald

– Vi har ikkje mange av disse sakene i Nordland. Men det skjer, seier etterforskningsleiar ved Nordland politidistrikt, Erling Johannessen.

Politiet har ein eigen avdeling mot dyrekrim som ofte kallast dyrepolitiet.

Johansen rår folk som opplever at hunden vert stolen eller forsøkt stolen, slik som Camilla, å melde frå til dei med det same.

– Det kan vere fleire årsaker til at folk kidnappar hundar. Ofte er det kriminelle som ønsker seg hunden for eiget selskap og vakthald. I kriminelle miljø har rasane Rottweiler og Dobbermann gått igjen.

Kriminelle kan òg selje hunden for vidaresal eller oppdrett på til dømes valpefabrikkar.

Han fortel at dei ikkje ser ein tydeleg trend i landet nett no.

Men at det kjem bandar med hundetjuvar frå tid til anna.

Til dømes i 2015 var et ein stor gruppe som organiserte seg som ei tjuvebølgje og stal hundar frå heile landet.

Ver vaktsam

Kaja Ringnes Efskind, kommunikasjonsrådgivar i Dyrevernalliansen, fortel at det no er ein veldig stor etterspørsel etter hundar.

Difor vert det òg fare for meir tjuveri.

Kaja Ringnes Efskind - Dyrevernalliansen

Kaja Ringnes Efskind er kommunikasjonsrådgivar i dyrevernalliansen.

Foto: ihne pedersen / ihne pedersen

– Vi oppfordrar alle hundeeigarar til å vere vaktsame. Spesielt om det er aktive hundetjuvar i området, seier Efskind.

Efskind nokre gode råd til korleis du kan sørge for at hunden din ikkje vert stolen:

NRK forklarer

Kva kan du gjere for at ikkje hunden din skal bli stolen?

Kva kan du gjere for at ikkje hunden din skal bli stolen?

Ta bilde

Ta bilde eller video av tjuven om du rekker det. Om du får skrive ned bilnummer gjer du jobben til politiet lettare. Pass også på å ha gode bilde av hunden liggande, i tilfelle han vert stolen.

Kva kan du gjere for at ikkje hunden din skal bli stolen?

Meld frå til politiet

Legg merke til så mange detaljar du kan og meld frå til politiet så fort du kan. 

Kva kan du gjere for at ikkje hunden din skal bli stolen?

Ha chip på hunden

Ha chip på hunden som viser at du er eigaren, og ha haldsband med sender. 

Kva kan du gjere for at ikkje hunden din skal bli stolen?

Ikkje la hunden vere åleine ute

Om du til dømes skal på butikken bør ikkje hunden stå åleine ute. Det er ofte på offentlige stader at hunder vert stolne. 

Zelda er ein Staffordshire bull terrier. Det er ein veldig populær rase. Både til å avle vidare og som kamphund.

Folk som kjøper hund må difor òg vere på vakt for at dei ikkje bidreg til å halde liv i eit kriminelt nettverk av hundetjuvar.

– Ikkje kjøp hund av tvilsame kjelder. Kontakt Mattilsynet om du er i tvil om seljaren, seier Efskind.

Set ikkje hunden utanfor butikken

Moskenes i Lofoten er ein liten plass.

For Camilla Tindsett var det sjokkerande at ei slik hundekidnapping kunne skje der.

Matmor Camilla Tindsett og hunden Zelda kan halde fram med å gå tur saman etter den dramatiske hendinga.

Matmor Camilla Tindsett og hunden Zelda kan halde fram med å gå tur saman etter den dramatiske hendinga.

Foto: Privat

Ho trur ho kjem til å verte enno meir forsiktig med hunden sin framover.

Tidlegare har ho latt han stå utanfor butikken i band medan ho var inne. Det trur ho ikkje at ho kjem til å fortsette med.

Men hunden Zelda fekk ikkje mange varige mén.

– Eg trur ikkje ho skjønte kva som skjedde. Ho er ikkje så glad for å bli bore, og sprella vekk frå tjuven av seg sjølv. Då eg ropte på ho sprang ho tilbake og kikka opp på meg.