Hopp til innhold

Rekordhøg sjømateksport, men ingen optimisme i næringa

For første gong kan den norske sjømateksporten nå 150 milliardar kroner, viser ferske tal frå Noregs sjømatråd.

Tørrfisk på hjell ved Hamnøy i Lofoten

Trass i rekordhøge omsetningssummar har tørrfisken fått seg ein knekk. Sjømatrådet peikar på den italienske marknaden som årsaka.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Norsk sjømat blir eksportert for rekordhøge summar.

Og det etter at eksporten til næringa nådde milepælen på 120 milliardar kroner i fjor.

Allereie 25. oktober i år vart den milepælen passert.

Det er heilt vanvitige tal.

Det seier Eivind Hestvik Brækkan. Han er sjømatanalytikar hos Noregs sjømatråd.

Årsaka til årets gode resultat? Det er mellom anna tilbakelagd pandemi og høge matvareprisar, skal vi tru Brækkan.

Fisk norsk eksport

Norsk laks har framleis ein god posisjon på den internasjonale marknaden.

Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX

– Heile marknaden i restaurant, hotell og catering-bransjen har komme tilbake. I tillegg har vi høg inflasjon og auka kostnader over heile verda, seier han.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) gler seg over eksportalane.

– Dette viser at norsk sjømat har ein knallsterk posisjon i verdsmarknadene, og det viser at vi har ei sjømatnæring der det blir godt drive og det går godt. Så finst det dei som har bekymring over at matvareprisar stig, seier han.

Usikker på framtida

For alt er ikkje positivt. Brækkan vil ikkje seie at det er optimisme i sjømatnæringa, trass i skyhøge eksportprisar.

– Alle kjenner på auka kostnader langs heile verdikjeda. Det må ein ta omsyn til, uavhengig av om ein er fiskar, oppdrettar eller driv med produksjon på land.

– Kjøpekrafta går ned, og vi er usikre på korleis det blir å gå til neste år. Nedgangstida i økonomien vil gi utfordringar for etterspurnaden av norsk sjømat.

Samtidig slit ein spesielt tradisjonsrik del av nordnorsk fiskeeksport: Tørrfisken.

Torsk i kar.

Torsken har vorte dyrare. Det bidreg til at tørrfiskprisen går opp.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Brækkan peikar på Italia som ei stor årsak.

– Det er den største marknaden. Dei har mange av dei same utfordringane vi ser. Folk har svakare kjøpekraft enn før. Tørrfisken har vorte dyrare, og det har han vore nøydd til å bli. Det blir brukt fersk torsk i produksjonen. Og når råstoffet er dyrare, vil ein trenge høgare pris frå kundane.

Les også Norge eksporterer laksesmolt til Russland: – Bidrar til å holde krigen gående

BioMar fabrikk på Myre.

Vil framleis styrkje posisjonen

Så korleis skal ein då sikre framtida for norsk sjømateksport?

Brækkan peikar på at næringa gjer det dei kan for å effektivisere produksjonen. Samtidig gjer Sjømatrådet det dei kan for å marknadsføre han.

– Det er viktig i nedgangstida at ein held fram med å styrkje posisjonen for norsk sjømat når etterspurnaden kan bli utfordrande.

– Men er tørrfisken godt nok marknadsført då?

– Det er avgrensa kor mykje ein er i stand til å bremse dei negative effektane med marknadsføring. Men vi får ha såpass trua på oss sjølve, at utan noko marknadsføring ville det sett enno mørkare ut.

Bjørnar Skjæran står på kaia i Bodø. Han smiler og ser rett i kameraet.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran gler seg over eksporttala.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

Også fiskeriministeren er klar på at ein også må stå på framover.

Det er viktig at vi held fram med å jobbe med det vi kan. Eg og departementet jobbar med å opne nye marknader. Vi har fått ei opning i Indonesia, og jobbar godt med Storbritannia og mange andre land for å ha så god marknadstilgang som mogleg. Og det vil bety veldig mykje den dagen marknadene oppfører seg annleis enn no, seier Skjæran.

Les også Alf-Gøran selger laks for over hundre kroner kiloen, men mener prisen nesten er blitt for høy

Brødrene Håvard og Gjermund Olsen sammen med svoger Alf-Gøran Knutsen i Kvarøy Fiskeoppdrett.

Samtidig er han klar på at jobben som Sjømatrådet gjer er viktig.

– I tillegg har alle ambassadane våre og heile utanrikstenesta dette på tapetet kvar dag. Vi jobbar på mange frontar for å styrkje sjømateksport og annan eksport.

Tør ikkje spå ny rekord

Sjømatanalytikaren tør ikkje å spå eit nytt rekordår for 2023.

– Kva ligg i uvissa?

– For laksen sin del så forventar vi noko auka produksjonsvolum. Men det er meir uvisst korleis det blir. Når kjøpekrafta går ned, vil folk ete mindre på restaurant. Den veksten vi har fått i år på det området, vil gå tilbake til neste år, seier Brækkan.

I tillegg trekkjer han fram ei lågare torskekvote som vil føre til mindre eksport av torsk.

– Men den store uvissa ligg i den økonomiske situasjonen, og den lågare kjøpekrafta hos dei som et norsk sjømat.

Les også EU vil gjere det ulovleg å selje grønsaker i plast

Frukt og grønt pakka inn i plast