Hopp til innhold

EU vil gjere det ulovleg å selje grønsaker i plast

EU-kommisjonen foreslår fleire kutt i plastbruk, blant anna rundt frukt og grønsaker. Men norske grønsakprodusentar vil framleis pakke produkta i plast.

Frukt og grønt pakka inn i plast

EMBALLASJE: Eit forbod vil ha liten påverknad for produsentar i Noreg. Miljøvernforbundet meiner ein brukar argumentet om å unngå matsvinn som ei kvilepute.

Foto: Olav-Johan Hemminghyth

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Du hugsar kanskje då sugerøyr og plastskeier blei forbode.

No kjem EU med fleire forbod i sine forslag.

Denne gongen er det plast rundt grønsaker som står for tur.

Men det vil ikkje påverke Noreg.

Forbod på plast rundt frukt og grønt

Miljødirektoratet skriv i ei pressemelding at forslaga vil gi positive effektar for klima og miljø.

Ellen Hambro

Direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

– Miljødirektoratet har nyleg foreslått å skjerpe ansvaret til produsentane, slik at dei må ta større ansvar for produkta etter at dei blir avfall, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Dette skal bidra til meir sirkulære produkt.

Krava som EU stiller vil ifølge Hambro gi mindre avfall, og føre til at råvarene ein brukar til å lage emballasjen blir utnytta lenger og betre.

Virke: – Jobbar mot å emballere for mykje

EU-kommisjonen vil altså forby plast rundt frukt og grønt under 1,5 kilogram.

Men dette er berre dersom plasten ikkje er der for å unngå at grønsakene blir tørre eller skadde under frakt.

Altså dersom plasten bidrar til å hindre matsvinn.

Difor meiner Virke at dette ikkje kjem til å ha ein stor konsekvens for norske daglegvareføretak.

Frukt og grønsaker i Noreg som er pakka inn i plast, er det nemleg for å hindre skadar under frakt eller at dei mistar fukt.

Tord Dale

Leiar for berekraft i Virke, Tord Dale.

Foto: NRK

– Virke meiner at endringane som er blitt føreslåtte av EU-kommisjonen i høgaste grad er positive. Vi jobbar aktivt mot å emballere for mykje.

Det seier Tord Dale, leiar for berekraft i Virke.

– Mitt inntrykk er at Noreg har kome lengre enn mange andre land i EU, sjølv om vi framleis kan gjere mykje.

Bilde av frukt og grønnsaker i plast

PLAST: Frå og med 1. januar blei det forbode å pakke inn ei rekke frukt og grønt i plast i Frankrike.

Foto: Olav-Johan Hemminghyth

Ein daglegvarehandel som ikkje gidd

Leiar i miljøvernforbundet, Ruben Mjelde Oddekalv, meiner det er eit steg i riktig retning.

– Det er den vegen vi må gå i Noreg også. Med små atterhald er eg veldig positiv til dette.

Likevel meiner han at argumentet om matsvinn fort blir ei kvilepute for bransjen.

– Det blir brukt av ein daglegvarehandel som ikkje gidd. Dei seier vi må bruke plast fordi vi skal hindre matsvinn, seier Oddekalv.

Ruben Mjelde Oddekalv

– Eg trur dei skal ta seg ei runde på ein vanleg daglegvarehandel å sjå. Det er ingen grunn i verda for å pakke kålrabi i plast for eksempel, seier Oddekalv, leiar i Noregs Miljøvernforbund.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen

– Det er eit godt argument for seg sjølv, men ikkje når det blir ei unnskyldning og ei sovepute for nokon som berre synest det er komfortabelt å fortsette som før.

– Meiner du det er det Virke gjer i dette tilfellet?

– Ja, til ein viss grad. Her seier ein eigentleg at ein synest det er bra, men vi bryr oss ikkje om å følge det.

Les også Studenter kaster mest mat: 65 prosent av maten regnes som spiselig

Avfall Mathias Westbakken

Han meiner dei burde ha sagt at det er nødvendig med ein full gjennomgang frå vare til vare for å sjå på korleis slike produkt kan bli pakka inn på best mogleg vis.

– Det gjerast ikkje i dag, altså. Ein har begynt på prosessen, men ein er ikkje ferdig.

– Er all plast rundt grønsaker i Noreg der for å hindre matsvinn?

– På ingen måte. Det brukast mykje plast i Noreg berre fordi det er lettare å henge merkelappen på plasten.

Les også Bestilte norsk kål, fikk varer fra Italia: – Forbrukermakten vår blir tatt fra oss

Astrid Regine Nässlander serverer svinenakke fra kokegrop

Oddekalv utfordrar bransjen til å ha to tankar i hovudet på same tid.

Han viser til tidlegare då ein klarte å oppbevare potet og gulrøter gjennom ein heil sesong med kunnskap og utan plast.

– Det er formidable mengder matsvinn i Noreg. Vi er nøydde til å fokusere på å kvitte oss med matsvinnet, samtidig som ein må bli betre å pakke det inn på ein fornuftig måte.

Les også Disse plastbegrene blir brent – meierigiganten lover endring

Yoghurt yoghurtbeger tine

Nødvendig med riktig emballasje

Emballasjeforeininga opplever derimot at aktørane ønsker å ha dei mest miljøriktige løysingane til kvar tid.

– Emballasjeforeininga har i over 50 år jobba med kompetansehevande tiltak overfor industrien innanfor emballasje, seier Kari Bunes, direktør for den norske emballasjeforeininga.

– Vi ser positivt på EU sitt forslag til fellesreglar for berekraftige emballasjeløysingar. Frukt og grønt inneheld opptil 96 prosent vatn, derfor er det nødvendig med riktig emballasje for å hindre uttørking, sikre kvalitet og redusere matsvinn.

– Kor mange varer i norske butikkar vil dette ramme?

– Det har vi ikkje oversikt over i dag. Vi kjem sjølvsagt til å kartlegge dette i næraste framtid.

Les også Viola (3) og Jonas (1) får aktivitetskalender i år: – Fantastisk, seier ekspertane

Viola (3) og Jonas (1) får aktivitetskalender i år