Hopp til innhold

Regjeringa får kritikk frå eigne rådgivarar om lakseskatten: – Pinleg

Gult lys og fleire manglar. Det er konklusjonen etter at Regelrådet har sett på forslaget om grunnrenteskatt.

Oppdrettsmerde utenfor Lovund

I dag går fristen for å kome med innspel til forslaget om ny lakseskatt ut. Men dei nye reglane har allereie trådd i kraft.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Første januar trådde den nye og omdiskuterte lakseskatten i kraft.

Frå no av skal lakseprodusentane betale 40 prosent av overskotet sitt til staten.

Men fristen for å kome med innspel til forslaget går ikkje ut før i dag. Over 200 har sendt inn høyringsinnspel.

Det har også Regelrådet gjort. Det er eit fagleg uavhengig råd som er underlagt Næringsdepartementet.

Dei meiner at utgreiinga frå departementet har fleire svakheiter.

Rådet stussar blant anna på at skatten trår i kraft før høyringsrunden er over.

– Det er mogleg eg begynner å bli gløymsk, men eg har aldri opplevd dette før. Eg trur ikkje det er vanleg. Regelrådet meiner i alle fall at det er uheldig.

Sandra Riise i Regelrådet

UNNGÅTT BRÅK: – Kanskje hadde fleire usemjer og noko av bråket vore avklart viss ein hadde hatt ei god involvering på førehand.

Foto: Regelradet.no

Det seier leiar for Regelrådet, Sandra Riise.

Innspel før endeleg avgjerd

Ho utdjupar:

– Det er uheldig bruk av høyringsinstituttet.

– Når ein sender ut saker på høyring så er det jo for å få innspel som er viktige at blir vurdert før ei endeleg avgjerd blir fatta.

Ein skal altså få vite og kjenne til kva som er kome inn av høyringssvar, ifølge Riise.

– Det er det vanlege å gjere før myndigheitene tar ei endeleg avgjerd.

Les også Fem punkter som forklarer krangelen rundt lakseskatten

Oppdrettsmerde utenfor Lovund

– Næringa ikkje godt nok involvert

I tillegg er det ei ny lov med ny skatt. Då meiner Regelrådet at det vil vere naturleg å gjennomføre ei evaluering etter ei gitt stund.

– Det ligg ikkje inne i forslaget, og det meiner vi det bør. Vi må heile tida tenke på korleis vi kan involvere næringslivet på ein mest mogleg effektiv måte.

Riise understrekar at det er mykje god kvalitet når det gjeld grunnlaget for vedtaket. Det er likevel ikkje bra nok til grønt lys.

– Eg trur kanskje det kom litt overraskande og uventa på, og at næringa ikkje var godt nok involvert på førehand.

Ho viser til at det blei innspelsmøte med myndigheitene, men at dette blei gjennomført etter at saka blei sendt på høyring.

Les også Høyre avviser forslag om grunnrenteskatt: Mener statsministeren ikke snakker sant

Høyres landsmøte 2021

Frp: – Pinleg

Det var under ein pressekonferanse på Blaafarveværket i Modum i Buskerud i september at statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum tok laksenæringa på senga.

Bråk blei det nesten med ein gong. Aksjekursa fall og fleire spådde tap av arbeidsplassar langs kysten.

Men regjeringa har stått på sitt. Fellesskapet treng pengane, er deira konklusjon.

Og rike oppdrettarar har råd til å betale meir, meiner dei.

Dagfinn Olsen i Frp ser på utsegna frå Regelrådet som eit tydeleg signal til regjeringa.

– Det er pinleg at dei sjølve blir avkledd så til dei grader av dette regelrådet.

Stortingspolitiker Dagfinn Olsen fra Frp.

UTSETTE: – Når deira eige råd avkler dei på denne måten, så bør det vere det sterkaste signalet på at ein set bremsene på og utset heile greia fram til dei har gjort ein ordentleg jobb.

Foto: Mathias Mikalsen / NRK

Sjølv har partiet meint at det ikkje er grunnlag for grunnrente.

Olsen forklarar det med at slik fisk ikkje kjem til av seg sjølv, slik som for eksempel olje, gass og vasskraft.

– Men: viss næringa ønsker det, så må ein i det minste sette seg ned med næringa og gå gjennom det.

– Ikkje overraska

Olve Grotle er fiskeripolitisk talsperson i Høgre. Også han stiller seg kritisk til prosessen.

– Det er forhasta. Då er det viktig at ein tar seg inn igjen slik at ein til slutt kan få ein grunnrenteskatt som kan samle eit breitt fleirtal på Stortinget og stå seg i lang tid.

– For meg er ikkje det overraskande.

Olve Grotle - Ordførar Førde kommune

UFORSVARLEG: – Det uheldige er at havbruksnæringa er undergitt eit nytt skatteregime som har klare manglar, er usikkert, og har kome til på ein uheldig, for ikkje å seie uforsvarleg, måte.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Grotle peikar på at det er mange som har kome med høyringssvar.

Desse viser, ifølge Grotle, til det han kallar dei openberre manglane som heile grunnrenteskatten har når det kjem til saksbehandlinga.

– Vi har vore klare heile tida på at vi burde ha hatt ein vanleg, normal prosess.

– Der ein i alle fall ikkje bestemmer at systemet skal tre i kraft for høyringsfristen har gått ut og før Stortinget har behandla saka.

Grotle forklarar at dei difor har bedt om at regjeringa tar eit steg tilbake og følger den normale saksgangen.

Les også Nå innføres den omstridte lakseskatten – næringa ber om færøysk modell

Adm.dir. Geir-Ove Ystmark i Sjømat Norge

Grotle meiner at regjeringa må ta innover seg at næringa har kome med sitt forslag, og då må dei også vurdere dette i arbeidet som skal gjerast framover.

Svarar på kritikken

NRK har vore i kontakt med Finansdepartementet som ikkje kan uttale seg tystag kveld.

Geir Pollestad snakkar på vegne av Senterpartiet og meiner gult lys frå Regelrådet er til å leve med.

– Det er eit breitt fagleg arbeid som ligg i botn av denne saka. Så er det eit politisk fleirtal som ønsker å gjennomføre grunnrenteskatt på oppdrett og det gjer vi no.

– Eg trur at når saka kjem til vedtak, så vil det vere eit breitt politisk fleirtal som anten sluttar opp om regjeringa sitt opplegg eller som i alle fall støttar prinsippa med å innføre skatten.

Geir Pollestad (Sp)

AKTØRANE KLAR OVER DET: – Så er det viktig at ein får ein ordentleg prosess på lovarbeid og det å gjennomføre skatten. Aktørane veit at dei får ein slik skatt, og så trur eg at innretninga vil ha mindre innverknad på korleis dei faktisk driv produksjonen dette året.

Foto: Odin Omland / NRK

– Er det ikkje litt rart at høyringsfristen er sett til etter at skatten er innført?

– Vi seier at det skal gjelde ein grunnrenteskatt for inntektsåret 2023. Så veit jo aktørane det.

– Vi har hatt dialog med aktørane og gjort endringar på det dei peika på når det gjeld verdifastsetting av laksen. Det har vi gått dei i møte på.

Les også Går mot egen regjering: Ber om at grunnrenteskatten utsettes

Tore O. Sandvik, fylkesordfører (Ap) i Trøndelag.

– Kunne de ha involvert næringa i større grad, slik Regelrådet påpeiker?

– No trur eg ikkje at børssensitivitet er Regelrådet sitt fremste kompetanseområde.

– Vår vurdering var at ein her burde, av omsyn til likebehandling av aksjonærar, kunngjere dette på eitt tidspunkt.

Ifølge Pollestad såg ein at dette hadde innverknad på børsverdien. Difor meiner han at det var rett måte å gjere det på.

– Å spørje ei næring om dei vil ha 4 milliardar meir i skatt, så får du nei som svar. Det er ganske opplagt. Det er eit politisk ønske at den skatten skal gjennomførast.

– Vi gjer dette fordi vi meiner det er ein betre måte å hente desse pengane på, enn å hente det frå folk med vanleg lønnsinntekt.