Hopp til innhold

Influensar fortviler etter at OnlyFans opnar for å selje pornografisk innhald likevel

Nettstaden OnlyFans vil halde fram med å selje seksuelt innhald. Barne- og familieministeren reagerer. Influensaren Sonja Iren (21), meiner unge vert freista av pengane.

Sonja Iren

Sonja Iren Johnsen fekk tilbod om 500 dollar for å selje bilde av seg sjølv halvnaken.

Foto: privat

Frå 1. oktober i år skulle plattforma OnlyFans forby publisering av eksplisitt seksuelt innhald.

I dag annonserte dei at dei likevel ikkje kjem til å gjennomføre endringa.

Årsaka seier dei er at dei står for inkludering.

OnlyFans

OnlyFans kjem ikkje til å gjennomføre endringa dei tidlegare sa de skulle gjere.

Foto: Skjermdump

Lett å la seg freiste

Tidlegare har NRK skrive om influensaren Sonja Iren Johnsen frå Leirfjord.

Ho nytta nettstaden og planla å leggje ut halvnakne bilde av seg sjølv på OnlyFans i staden for på Instagram.

Då kunne ho nemleg tene gode pengar på bilda.

Plattforma tilbyr privatpersonar å spørje direkte om bilde frå folk dei abonnerer på.

Jo meir kropp ho viste, jo meir kunne ho tene på det.

Ho fekk tilbod om 500 dollar for å vise brysta sine til ukjente privatpersonar.

– Det er då hemningane dine forsvinn. Ein ser kor mykje ein kan få for eit bilde, samstundes som ein tenkjer at plattforma er trygg.

Sonja Iren

Sonja Iren Johnsen har over fleire år vore influensar og publisert bilde av seg sjølv på mellom anna Instagram.

Foto: Privat

Nakenbilde for eit mangfaldig skaparsamfunn

Inntil i dag såg det ut til at OnlyFans ville endre retningslinjene for nettopp bilde som viser nakenheit.

Dei skreiv til NRK at endringane skulle overhalde førespurnader frå deira bankpartnarar og utbetalingsleverandørar.

Men at folk på nettstaden framleis skulle ha lov til å leggje ut innhald med nakenheit – så sant det samsvarte med dei nye retningslinjene.

På Twitter skriv dei i dag at dei har sikra forsikringar som er naudsynte for å støtte eit mangfalding skaparsamfunn.

Det er årsaka til at dei har stoppa planane for endringa av retningslinjene.

NRK har ikkje lukkast å kome i kontakt med OnlyFans for å kommentere kvifor dei no ikkje endrar retningslinjer likevel.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) reagerer sterkt på at OnlyFans snur om seksualisert innhald.

– Det er utruleg kritikkverdig at OnlyFans no snur. Det sender eit signal om at dei ikkje forstår alvoret, seier Ropstad.

Barne- og familieministeren er bekymra for kva dette gjer med barn og unges oppvekst. Særleg om materiale verst spreitt slik at dei unge mister kontrollen.

Tidligere barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad under Arendalsuka 2021.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) er bekymra for at barn og unge mister kontroll over bilda på OnlyFans.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Bra for nokon

– Eg trur det vert dumt for andre unge jentene som vert freista, seier influensaren i Leirfjord.

Ho trur plattforma snudde på hælen då dei såg kor mykje merksemd dei nye retningslinjene fekk i sosiale media.

– Det såg vel at dei kom til å øydelegge det plattforma eigentleg er laga for. Dei tenkjer vel òg økonomi, seier Johnsen.

Sonja Iren

Sonja Iren Johnsen meiner influensarar bør vike for prostituerte: – Det er tryggare for dei å jobbe over nett.

Foto: privat

For unge jenter som henne sjølv trur ho det vert lett å sjå seg blind for pengane.

– Det freista meg veldig. Eg trur ikkje folk forstår at det kan hamne over alt og at ein trør over eigen grense, seier influensaren frå Leirfjord.

Men Johnsen meiner at det ikkje berre er dumt at OnlyFans no ikkje endrar på retningslinjene.

Ho trur at for nokon gjer det arbeidsdagen tryggare.

– Influensarar kan tene pengar på andre ting. Det finst folk som treng pengane frå nettstaden. For prostituerte er det tryggare å jobbe over nett.

Men sjølv kjem ho ikkje til å leggje ut nokon bilde på OnlyFans.

– Det freista ei stund, men eg kjenner at det ikkje er noko eg treng. Eg har aldri vurdert å gå tilbake til OnlyFans.