– Dyra er ikkje enkle å fange, og når du først har fanga dei, er det vi gjer vanskeleg, seier Petter Kvadsheim.
Han er forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og legg no bak seg seks veker med testing i Stamsund i Lofoten.
Han er ein del av et større eksperiment, som har møtt mykje motstand.
Forskarane skal teste korleis kvalar reagerer på lyd. For å gjere det må dei fange kvalane, for dei blir utsette for støy.
Prosjektet skal vare i fire år og har fått løyve frå Mattilsynet. Det er FFI, amerikanske myndigheiter og US Navy som står bak prosjektet.
Første runde med testing var i fjor.
Den gong protesterte dyrevernarane, som har sendt inn ny klage til Mattilsynet i år.
I fjor klarte ikkje forskarane å teste ein einaste kval. Men det klarte dei altså for første gong i år, då dei fanga to levande bardekvalar.
Men heller ikkje i år klarte forskarane å teste lyden på kvalane.
OVERSIKT: Bildet viser verdas største dyrefelle med to kilometer not og ein laksemerd.
Foto: Rune Roland / FFI– Men no har vi alle dei andre stega på plass. Vi har visst at vi må ta eit steg om gangen og er veldig fornøgde med framdrifta. Vi begynner å kjenne oss sikre på at vi kan få til dette, seier Kvadsheim.
Den eine kvalen viste teikn på stress og blei difor sloppen ut igjen. Den andre ville ikkje svømme frå det store bassenger til det vesle.
VÅGEKVAL: Vågekval er ein art av bardekvalen. Her er ein av dei fanga i fella mellom Æsøya og Kvannholmen.
Foto: Rune Roland / FFIKvalen sin viktigaste sans
Forskarane har fått løyve til å fange og undersøke høyrselen på 12 av dei minste bardekvalane, som er vågekvalen.
Årsaka er at forskarane veit svært lite om kvalane sin høyrsel, samtidig som menneskeskapt støy i havet aukar.
Støyen kjem frå båtar og skip, seismiske undersøkingar etter olje og gass, militære sonarar og eksplosjonar.
Dyra brukar lyd som sitt viktigaste verktøy for å kommunisere og finne mat.
Eit av vilkåra som forskarane legg til grunn, er å forsøke berre éin gong per kval som blir fanga. Dette er for å ikkje stresse dyra meir enn nødvendig.
Under testinga i sommar har forskarane observert over førti kvalar. Berre to av dei gjekk inn i den to kilometer lange nota.
HØYRSEL: Målet med det fire år lange prosjektet er å lære meir om kvalane sin høyrsel.
NOAH: – Kan vere veldig skadeleg
Kvaleksperimentet har fått internasjonale organisasjonar til å reagere.
NOAH, ein norsk organisasjon for dyrerettar, har igjen gått saman med Animal Welfare Institute (WI), Whale and Dolphin Conservation (WDC) og 60 internasjonale forskarar og veterinærar.
Dei ber Mattilsynet om å trekke tilbake godkjenninga av dyreforsøket.
ØNSKER AVSLUTNING: – Metodane er heilt unødvendige, seier Siri Martinsen i NOAH.
Foto: Bente Isefjær / NOAH– Vi er kritiske til at dei fangar inn og held fast store ville dyr som vågekvalen. Det kan vere veldig skadeleg og det er klart at dei blir stressa av dette, seier Siri Martinsen, leiar i NOAH.
Ho meiner det eksisterer nok kunnskap om kvalane sin høyrsel til å sette i verk tiltak for å redusere støy, utan eit eksperiment av denne typen.
Sjefforskar: – Frykteleg naivt
Kvadheim forstår ikkje kritikken.
– Det er eit paradoks at dyrevernsorganisasjonar motset seg denne type forsking. Formålet er å betre forstå korleis menneskeleg aktivitet kan forstyrre kvalane, og vi ønsker å forstå dyra sine grenser.
ULIKE: – Dyra kan ha individuelle reaksjonar, seier Kvadheim.
Foto: Privat– Det er frykteleg naivt å tru at ein skal begynne å regulere og avgrense olje- og gassverksemd utan å faktisk å kunnskap om korleis det påverkar dyra negativt.
– NOAH meiner vi har nok kunnskap om dette og ber dykk om å avslutte prosjektet. Kva seier du til det?
– Det er eg totalt ueinig i. Vi veit ikkje kva bardekvalane høyrer, og eg forstår rett og slett ikkje kva ho meiner, seier Kvadheim.
Han har god tru på at dei skal klare å få teste høyrselen til kvalane i seinare testrundar.