Hopp til innhold

No blir det lettare å få bustadlån: – Den aggressive stiginga må jo ta slutt

Regjeringa har gjort det lettare å få bustadlån frå 1. januar. Årsaka er nye reglar for renteheving.

Mathias Haraldsvik på gata i Bodø sentrum, iført svart jakke og blå skjorte.

ENDRING: Ei endring i utlånsforskrifta gjer det lettare for nokre å få lån til bustad i banken. Det er overraskande og positive nyheiter for Mathias som er på bustadjakt.

Foto: Ola Helness / NRK

– Det visste eg faktisk ikkje. Det er positive nyheiter for oss.

Mathias Haraldsvik er på bustadjakt i Fauske. Drøymefangsten er ein einebustad i Valnesfjord, helst med litt tomt og område rundt.

– Vi har jo fått mindre og mindre budsjett på grunn av auka rente, så banken har sett litt rammer for oss.

Men no skal nye reglar for renteheving gjere det lettare for enkelte å få lån hos banken.

– Trur du renta vil fortsette å stige slik ho har gjort?

– Eg trur ikkje renta vil stige like mykje, det vil eg ikkje tru. Det kjem jo sannsynlegvis an på om vi får inflasjonen under kontroll.

– Eg håpar jo det vil skje ettersom det har vore ganske aggressiv stiging. Det må jo ta slutt ein dag, seier Haraldsvik.

Bodø

MEIR REALISTISK: – Det viktigaste er å gjere eit mest mogleg realistisk reknestykke av beteningsevne til kundane og det meiner vi at vi gjer. Dei nye forskriftene er også ei hjelp i så måte, seier banksjef Kristian Haubakk.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Nye reglar 1. januar

Dei nye reglane det er snakk om, er endringar i utlånsforskrifta.

Denne er det Finansdepartementet som set. Forskrifta hjelper bankane med å regulere kven som får lån og ikkje.

Forskrifta stiller krav til to ting:

  • Eigenkapital, altså lånegrad i eigen bustad.
  • Avdragsbetaling, altså at ein betalar delvis fram til heile beløpet er betalt.

Tidlegare har det vore slik at den som treng lån i banken må tole ein auke på opp til fem prosentpoeng.

No er det endra til:

  • Tre prosentpoeng auke frå dagens nivå
  • Men minimum ei rente på sju prosent

Den lågaste stresstesten som bankane kan bruke er altså sju prosent.

Endringane gjeld frå 1. januar 2023 til og med 31. desember 2024.

Les også Inger og Jon Dagfinn la ut huset sitt for sal i juni: – Det har gått treigt

Jon Dagfinn Larsen og Inger Johanne Larsen fra Mo i Rana opplever tregt boligmarked

Lettare å få lån

– Det er ei lita endring i rentestresstest, seier Kristian Haubakk.

Han er banksjef for personmarknaden i Bodø i Sparebank1 Nord-Norge.

I banken merkar dei at fleire har dårleg råd. Det kjem til uttrykk ved fleire spørsmål om å få stabla økonomien riktig og ønske om fridom når det gjeld avdrag.

forbrukerøkonom i Sparebank1, Kristian Haubakk.

FORDELAR: Fordelane er at dette gir eit meir realistisk reknestykke. Gitt forventningane no om at rentebane og prognosane til sentralbanken seier at vi begynner å nærme oss toppen, seier Haubakk.

Foto: Sparebank 1 Nord-Norge

– Så opplever vi også at kundane er meir bevisste og tar eigne grep i økonomien, og det er positivt.

– Kven er det som vinn på endringa frå i dag?

– Det er jo kanskje dei som ville ha slite med beteningsevna før den endringa. For mange vil det nok framleis bli opplevd som krevjande å få lån fordi prisar på andre ting har auka.

Det blir uansett tatt med i reknestykket som bankane gjer.

Ifølge Haubakk vil likevel rentestresstesten gjere det lettare for enkelte å få lån.

– Kva vil denne endringa utgjere i renteheving?

– Med dagens rentenivå reknar vi på ein sju åtte prosent for dei fleste.

Penger

RAMMER: Det er Finansdepartementet som har sett nye rammer for bankane sin praksis for utlån.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Forsiktig med lån

– Nordmenn er jo i verdstoppen når det kjem til gjeld. Alt er dyrt no, bør ein ikkje låne mindre?

– Jo, ein skal vere forsiktig med å låne meir når prisane har stige og renta også er blitt høgare. Det er jo noko både bankane tar omsyn til når vi reknar kor mykje folk skal tole, men også noko folk sjølv må ta sine vurderingar på, seier Haubakk.

– Grunnen til at renta går opp er jo nettopp for å regulere at vi ikkje brukar for mykje og meir enn vi har råd til, legg han til.

Les også Fortsatt lav ledighet kan gi høyere rente

NAV-logo

– Har de grunn til å tru at det kjem fleire inn på marknaden no med denne endringa?

– Det er vanskeleg å spå korleis dette vil påverke bustadmarknaden. Eg trur folk har fått opp auga for at økonomien er krevjande og det vil dei nok ha med seg i bakhovudet når ein skal sjå etter bustad og søke lån.

Meir spenning på nyåret

For Mathias Haraldsvik har den største frustrasjonen vore fåtal på ledige bustader.

– Vi håpar det kjem litt meir no på nyåret, då brukar det kanskje å vere litt meir spenning.

Renteoppgang eller ikkje får dei ikkje gjort noko med uansett.

– Vi må rett og slett berre budsjettere etter det, vi kan ikkje påverke det. Vi må berre stelle oss til det slik som det er.

Les også Trakk seg fra leiekontrakt da hun så reglene: – Kunne like gjerne bodd hjemme

Eira Wisthus