Hopp til innhold

Inger og Jon Dagfinn la ut huset sitt for sal i juni: – Det har gått treigt

I dag legg Eiendom Norge fram tal for bustadprisane i oktober. Jon Dagfinn Larsen og kona har prøvd å selje bustaden i fleire månader. – Folk sit lenger på gjerdet, seier han.

Jon Dagfinn Larsen og Inger Johanne Larsen fra Mo i Rana opplever tregt boligmarked

SKAL SELJE BUSTAD: – Vi flytter fordi vi skal ha ein mindre bustad, vi er jo berre to personar, seier Jon Dagfinn Larsen og Inger Johanne Larsen.

Foto: Privat

Det blir stadig fleire uselde bustader i den norske eigedomsmarknaden – også utanfor dei tradisjonelle pressområda.

– Det har gått treigt. Renteoppgangar gjer nok at folk sit lenger på gjerdet og ventar. Det er vanskeleg, kanskje, for mange å få lån i banken og så mykje pengar.

Det seier Jon Dagfinn Larsen i nordlandskommunen Rana, som saman med kona sel familiebustaden for å kunne flytte til noko mindre.

I dag kjem Eiendom Norge med oppdaterte tal på prisstatistikken for bustader i oktober. Sist veke viste regionrapporten deira for tredje kvartal ein nedgang i bustadprisane i dei fleste områda i landet.

I Rana, kor Larsen har ein bustad på marknaden, ligg bustadene i snitt 24 dagar før sal.

45 prosent av det som er seld i oktober, er under prisantyding, seier Tomi Christian Johansen, dagleg leiar i Aktiv Eiendomsmegling.

Enebolig i Mo i rana til salgs

Her er bustaden Jon Dagfinn Larsen og Inger Johanne Larsen har hatt ute for sal i Mo i Rana sidan juni. Prisframlegg: 7 millionar kroner.

Foto: Aktiv eiendom

Finn: Låg interesse og fleire bustader

På marknadsplassen på Finn akkurat no ligg det 14.500 bustader for sal på landsbasis. Det er 10 prosent fleire enn i fjor.

Jørgen Hellestveit er leiar i Finn Eiendom. Han fortel at seljarar må ned med fleire hundre tusen i prisantyding.

– Årsaka er at det er fleire bustader på marknaden og ikkje så høg interesse. Akkurat no ligg det om lag 10 prosent fleire bustader på Finn mot same dag i fjor.

Dei same tendensane ser ein i Nordland. Der er det 716 bustader for sal akkurat no, som er 5 prosent fleire enn på same tidspunkt i fjor.

Bodø

Færre får selt unna bustaden sin når dei legg han ut for sal. Ifølge Finn Eiendom går interessa per annonse, ned. Her frå Bodø.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Interessa ser ut til å gå noko ned på dei dyrare bustadene, einebustader og rekkehus. Ved sal av leilegheiter og rimelegare bustader held aktivitet seg noko høgare enn resten, seier Hellestveit.

– Ikkje lenger brennheitt

Eigedomsmeklar Tobias Bronder er dagleg leiar i Partners Eiendomsmegling i Bodø.

Han fortel at marknaden ikkje lenger kan kallast brennheit. Til no er det seld i underkant av tusen bustader i Bodø, mot knapt 1.100 på same tid i fjor. Det er ein nedgang på cirka 100 bustader.

– Frå at kvar bustad gjekk etter stort sett første visning, opplevast det nok som ein bråbrems når det tar to kanskje tre gonger før bustadene blir selde. Samtidig er vi på ei tid på året kor det er naturleg at det er litt rolegare.

tobias bronder i partners eiendomsmegling

– Trenden no er at det tar lenger tid å omsette kvar bustad. Det er færre folk på visning og det har medført at det ligg ein del fleire bustader for sal i dag, kontra same tidspunkt i fjor, seier eigedomsmeklar Tobias Bronder.

Foto: Partners Eiendomsmegling

Bronder legg til:

Eg fryktar at ein framleis progressiv renteauke vil slå negativt ut på folk sin privatøkonomi, seier han.

Kvifor det tek lenger tid før folk slår til, er komplekst, meiner han.

– Det er lett å sjå på den progressive renteauken, som gjer at folk er litt meir tilbakehaldne. Folk brukar betre tid og er meir sensitiv for endringar i privatøkonomien.

Situasjonen har også gjort det vanskelegare å prise bustadene.

– Vi må vurdere kvart enkelt objekt meir prissensitivt. Der vi henger litt etter på prisjusteringa, må vi no korrigere oss ned igjen. Bustader som blir relanserte, kjem sjølvsagt ut med ny pris for å prøve å tilpasse oss marknaden.

Vurderer å vente med salet

I Mo i Rana vurderer Jon Dagfinn Larsen å vente med bustadsalet til etter jul.

– Marknaden rår, og eg reknar ikkje med at det skjer noko før jul. Ser vi at bustaden blir ståande veldig mykje lenger, prøver vi å vente til utpå nyåret.

– Heldigvis er ikkje vi i den situasjonen at vi har kjøpt noko anna. Då hadde vi hatt eit problem. Vi har jo tak over hovudet og trivast her, avsluttar Larsen.