Hopp til innhold

Natosjefen opplevde dottera sin konsert på ein av Norges mest unike konsertscener

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg har gått frå hektiske dagar i Brussel til ferie i Nord-Noreg.

Stoltenberg på Træna

FESTIVAL: Det var ein blid Stoltenberg på festival i Nord-Norge denne helga.

Foto: Dina Danielsen / NRK

På den knappe ferien har den tidlegare stasministaren gått i prideparade, ete store mengder kveite og sett dottera si opptre.

I grotta Kirkhelleren på øya Sanna opptredde dottera til generalsekretæren i NATO, Catharina Stoltenberg.

Ho speler i elektronikaduoen Smerz saman med Henriette Motzfeldt.

Smerz på Trænafestivalen

SMERZ: Catharina Stoltenberg og Henriette Motzfeldt utgjer elektronikaduoen Smerz.

Foto: Dina Danielsen / NRK

Frå tronge klubblokale til grottescene

Det var under avslutningsdagen på Træna-festivalen, som har samla publikum 33 nautiske mil ute i havgapet i 20 år.

Stoltenberg har fått sjå konserten tidlegare. Den gong inne på små og tette klubblokale.

– Dette er veldig annleis. Det er ein stor og mektig natur på ei vakker øy. Og det er mykje folk som kjem gåande og som har hatt ei fin oppleving, seier han.

Stoltenberg og dottera

FAR OG DOTTER: Jens Stoltenberg med dottera Catharina Stoltenberg etter opptredenen på Træna-festivalen.

Foto: Dina Danielsen / NRK

Ti kilo kveite

– Eg har gått rundt på festivalen og sett enno mektigare og større utsikt og vore saman med folk. Og eg har ete veldig god kveite som vi fekk her på øya.

Publikum på Trænafestivalen

PUBLIKUM: For 20. året inviterer Havfolket til festival langt til havs.

Foto: Dina Danielsen / NRK

– Det var nokre rykte om at du fekk ti kilo kveite for å lage mat til kona di?

– Ja, eg likar å lage mat. Her fekk vi veldig gode råvarer og fin kveite. Så då hadde vi kona mi og nokre vener av barna på kveitemiddag.

– Kva betyr det for dottera di at du er her i dag?

– Eg håpar og trur ho synest det er hyggeleg. Det har i alle fall vore hyggeleg å vere saman her på Træna ei helg. Det er alltid fint å sjå på dottera si, men det er ein fin måte å gjere fleire ting.

Les også Beinrester i populært festivalområde viste seg å være 9000 år gamle

Feltarbeid inni Kirkhellaren Træna

Han legg til:

– Både sjå dottera på konsert og å gå fine turar, og å oppleve regn den eine dagen og strålande solskin den andre dagen.

Fredag kveld gjekk han i Trænafestivalen sin prideparade.

– Heftig popmusikk og heftig vêr

Fredag var Kamelen ein av dei som starta showet.

Dagen etter var det Sverre Breivik, vokalist og låtskrivar i Metteson, sin tur.

Artisten Metteson under Bylarm 2021. I singlet, halvlangt blondt hår, holder mikrofonen foran munnen

PUBLIKUMSFAVORITT: Metteson, alias 28 år gamle Sverre Breivik spelte også på Træna-festivalen i år.

Foto: Håvard Sandvik / NRK P3

– Eg er veldig glad det ikkje var vi som spelte ti minutt etter vi kom i land. Keyboardisten og produsenten var ganske grøne i fjeset og sjøsjuke. Det var imponerande av Kamelen som leverte eit bra show, seier Breivik.

Metteson var nominert til spellemannpris for årets gjennombrot tidlegare i år. Bandet har fleire turar nordover i sommar.

– Heftig popmusikk og heftig vêr er ein god kombinasjon.

Breivik er utdanna skodespelar. Då jobben blei lagt på hylla under pandemien, valte han å satse på musikken.

– No skal eg ri det toget så lenge det går.