Sola blenker i det blikstille vatnet.
Morten Aronsen speidar mot det blå. Der ute skimtar han ein finne stikke opp av djupet.
Det er nett den han har venta på.
Aronsen kastar seg ut i vatnet og svømmar bort.
Varsla av hyttenaboen
– Det var ei magisk oppleving. Det var heilt surrealistisk å kjenne auga hennar sjå rett igjennom meg, seier han.
Fridykkar Morten Aronsen har lenge hatt ein draum om å svømme med brugda. No har han fått draumen oppfylt – heime på Skarstad i Narvik kommune.
– Hyttenaboen varsla meg. Vi hadde et sosialt lag, så kom hyttenaboen forbi og fortalde at det var ei brugde i fjæra.
Aronsen sprang ned med det same for å sjå. Så spurte naboen kvifor Aronsen ikkje hadde med seg dykkarutstyret.
– Det var jo eit jævlig godt spørsmål. Då var det berre å kome seg heim og hente det.
I fridykkarutstyr svømte Aronsen ut mot den digre haien.
Hovudet til brugda målte han til ein meter. Han talte seg bakover, og meiner brugda målte mellom seks og åtte meter.
– Ho var så roleg. Eg dykka ned ein gong, då tok ho to slag ifrå, men så kom ho rundt igjen, fortel han.
– Ho sirkla rundt meg et par gonger, og slapp meg innpå seg. Det visast ikkje på filmen, men på det nærmaste var eg rundt ein halvmeter frå hovudet.
130 observasjonar i år
Heldigvis for Morten et brugda berre plankton – bitte små krepsdyr.
Forskar Claudia Junge frå havforskingsinstituttet, synast videoen til Morten er fantastisk.
– Det er sjeldan ein ser denne typen film av brugda. Haien vi ser her er roleg og ikkje stressa, seier ho.
Ho har aldri før sett videoar av folk som svømmer med brugde, sjølv om ho har fått sjå mange andre brugdevideoar i år.
Til no i 2021 har Havforskingsinstituttet nemleg fått inn 130 observasjonar på deira folkeforskningsportal dugnadforhavet.no.
Det er ny rekord.
Og det kan vere positivt. For brugda er nemleg raudlista.
– For meg syner det at folk er ute i naturen og hygger seg. Det er vanskeleg å seie om det er difor det er fleire observasjonar i år, seier Junge.
I tillegg kan det vere at det er fleire som har høyrt at havforskarane er interessert i bilete og video av den store fisken.
Men det kan også vere endringar i miljø og hav som gjer at brugda trekker nærmare kysten.
– Viss det er vind eller andre vêrforhold i fjordar, som til dømes Vestfjorden, kan det verte meir plankton. Det er veldig fint for brugda, seier havforskaren.
Frå satelittmerkeforsøk har dei sett at brugda kan svømme heilt frå Storbritannia til Newfoundland, eller frå USA til Brasil.
Det finst ulike typar brugde, så kvifor nokon tek fatt på maratonøktar, medan andre plaskar ved kysten veit dei enno for lite om.
Dette skal havforskarane undersøke nærmare framover.
Om fleire ønsker seg naturopplevingar som Morten, har Junge nokre tips.
– Morten held litt avstand, er roleg sjølv og i eitt med naturen. Gjer ein som han kan ein få ei oppleving som denne. Er ein i båt kan det vere ein idé å slå av motoren så ein ikkje skremmer vekk brugda, seier ho.
Meir på avstand neste gong
Tilbake i Skarstad i Narvik vert fjæresteinane på heimplassen til Morten Aronsen aldri det same.
– Det er første gang eg har sett brugda i live, og eg er nærmast oppvaksen i fjærsteinene her.
I etterkant har han lese seg opp på den digre haien.
No veit han at ho har nok kraft i seg til å til dømes gjere eit hopp opp av havet.
– Eg syntest det var heilt magisk, men i etterkant ville eg nok heldt meg litt meir til sida, i fall ho tok eit byks framover.