Fleire legar tar til orde for at folk skal uroe seg mindre for koronasymptoma.
Då kan ein nemleg bli ferdig med sjukdommen raskare. Og sleppe «long covid», som er seinfølgar av koronaviruset.
Mellom anna forskingssjef ved FHI, Signe Flottorp, seier at å vere redd for å få plager i seg sjølv kan forsterke og halde ved like symptoma.
Men ikkje alle er samde i denne påstanden.
Nokre meiner til og med at det kan få store konsekvensar.
Har ikkje høyrt om psykologsatsing
Sidsel Fjelltun frå Nordland er psykolog og jobbar med kroniske smertepasientar på smertepoliklinikken på A-hus.
Fleire av pasientane har sterkt fokus på smerte. Det er nemleg ikkje så lett å oversjå.
– Eg må ofte bruke tid på å ta bort skam frå pasientane fordi dei føler at dei ville ha blitt friske, om dei ikkje var stressa.
Ho meiner at det blir for enkelt å legge skulda over på pasientane når dei fokuserer på smerte – også dei som er sjuke av «long covid».
UNATURLEG: Psykolog Sidsel Fjelltun meiner det er heilt unaturleg for pasientar å ikkje vere bekymra for eigen sjukdom.
Foto: Privat– Mi erfaring er at når medisinen ikkje skjønner korleis ein skal løyse ei medisinsk utfordring, begynner dei å prate om psykiske faktorar, seier Fjelltun.
– Det er merkbart når dei trekk fram det psykologiske. Det er til dømes ikkje ved kreft eller hjarteinfarkt. Det er når dei ikkje har så god oversikt over forskinga.
Men om det stemmer at ein vert lenger sjuk av korona om ein er bekymra, meiner ho at det må bli satsa meir på psykologhjelp.
– Om dette er ein reell utfordring for folkehelsa må myndigheitene på banen. Då må vi ha ein storsatsing på psykologar. Det har i alle fall vi ikkje høyrt noko om, seier psykologen.
NRK forklarer
Kva er Long Covid?
Kva er seinfølgar etter covid-19?
For dei fleste er covid-19 ein mild og forbigåande sjukdom, men nokre får vedvarande plager utover den akutte fasen. Slike langvarige symptom er tidlegare rapportert etter ein rekke andre infeksjonar. FHI seier at det difor ikkje er overraskande at ein del personar opplever seinfølgar etter covid-19.
Kva er dei vanlegaste symptoma?
Blant personar med covid-19 som ikkje blei innlagt på sjukehus, er de vanlegast rapporterte symptoma 6–12 månader etter sjukdommen:
- Nedsett minne
- Endra smak- og/eller luktesans
- Utmatting/trøytte
- Nedsett evne til å tenkje og konsentrere seg (såkalla «hjernetåke»)
- Tung pust
Kva andre symptom kan ein ha med long covid?
Også angst, søvnproblem, muskelveikskap, hovudverk, smerte, svimmelheit, depresjon og langvarig hoste er symptom for seinfølgar av covid-19.
Kva skal ein gjere om ein trur ein har long covid?
Helsedirektoratet rår personar som har hatt ein mildt eller moderat sjukdomsgang å kontakte fastlege dersom dei etter fire veker har symptom som gjer det vanskeleg å delta i kvardagsaktivitetar.
Du kan lese meir om seinfølgar etter long covid på Helse Norge: www.helsenorge.no/koronavirus/senfolger-etter-covid-19/
– Gjer medisinske sjukdommar psykiske
Jonas R. Kunst er professor i psykologi ved UiO. Han seier han ikkje har høyrt om noko fagfellevurdert forsking på Long Covid som støtter at ein får et kortare sjukdomsløp av korona om ein er mindre bekymra.
BIOLOGISK: Jonas R. Kunst er professor i Psykologi ved UiO. Han peiker på at fleire har blitt dårlegare når dei ignorerer symptoma sine, og at helsemyndigheita i Storbritannia åtvarar mot det.
Foto: Privat– Disse påstandane er problematiske fordi dei gjer medisinske sjukdommar psykiske, seier han.
– Betydninga av fokus på symptom og sjukdomsforløpet er antakeleg svært avgrensa. Folk kan ikkje tenkje seg frisk.
Andre viser til skader av hjernen, ubalanse av tarmbakteriar, eller dei tyder på at viruset blir verande i kroppen.
– Medan forskarane jobbar på spreng for å finne ut av det, og utprøving av medisinar går føre seg i mange land, bør vi lytte til pasientane i staden for å spekulere i psykologiske årsaker for deira lidingar.
– Ikkje berre å tenkje seg frisk
Lege Henrik Vogt fortel at long covid er forbundet med ein kroppsleg reaksjon som ein òg ser etter andre virusinfeksjonar. Han seier ein ser det same i ME.
LEIAR: Henrik Vogt er også leiar av organisasjonen Recovery Noreg. Dette er ein organisasjon med medlemmar som har blitt friske frå mellom anna kronisk utmattingssyndrom eller ME, med hjelp av mentale eller åtferdsbaserte metodar.
Foto: Privat– Eg trur vi kunne hatt færre «long covid»-pasientar dersom vi ikkje var så redde for det. Vi veit at frykt og symptomfokus kan forverre og forlenge symptom.
Vogt meiner frykt for long covid spreidd av legar, forskarar og media gjer det til ein sjølvoppfyllande profeti at symptoma blir forlenga.
– Å tenkje seg frisk høyrest lettvint ut. Men det inneber ikkje berre tenking.
Ifølge Vogt og medlemmene i Recovery Noreg krev det store omleggingar av livet og hard jobbing.
Legen peiker på at ein sjeldan snakkar om det biologiske som skjer i kroppen ved til dømes alvorlege depresjonar. Men også det har ein kroppsleg reaksjon.
– Det vi kallar psyke er forankra i kroppen. Om vi endrar kva vi tenkjer og gjer, endrar det også korleis hjernen og system i kroppen jobbar. Akutte hjarteinfarkt som er skulda stress er til dømes velkjent, seier Vogt.
Solveig Blomstrøm Nordbø meiner det blir for enkelt å seie at ein skal oversjå eigne symptom når ein har long covid.
Foto: PrivatSolveig Blomstrøm Nordbø har hatt etterverknadar av viruset sidan ho blei sjuk jula 2020.
– Eg synest det er litt kjipt å høyre. For min del var det først då eg aksepterte situasjonen at eg klarte å bli betre, har Nordbø tidlegare sagt til NRK.
Vogt meiner det er viktig å vere bevist at ikkje alle kan få hjelp på same måte, og at ulike behandlingar kan fungere i ulike periodar i livet og fasar av sjukdommen.
– Det er reelt at et menneske som ser at andre blir friske, men som ikkje ser at det er innan rekkevidd kan oppleve det negativt.
– Blir for lettvint
Professor og barnelege Ola Didrik Saugstad blei oppnemnt av de Svenske Vetenskapsrådet (Forskingsrådet) i fjor haust for å vurdere svenske forskingsprosjekt om temaet.
– Det er klart at «long covid» er ein kompleks sjukdom som kan ramme ei rekke organsystem, som lunger, hjerne og hjarte, seier Saugstad.
KAN TA SKADE: Professor og barnelege Ola Didrik Saugstad meiner enkelte vil kunne ta skade av fysisk trening.
Han fortel at ein finn betydelege forandringar i disse organa hos enkelte pasientar.
Blodårene kan bli angripe og ein kan finne blodproppar i diverse organ.
– Det blir lettvint og nærast uansvarleg å hevde at dette er ein opphengt stressrespons kvar løysinga er å tenkje mindre på sjukdommen, seier han men legg til:
– Det er sjølvsagt godt viss ein klarar det, men lungeskaden, eller dei strukturelle endringane i blodårer, blir neppe borte med dette.
Han meiner difor at det er viktig å skilje mellom dei som har strukturelle endringar i diverse organ, og dei som ikkje har det.
– Før ein veit meir om denne sjukdommen, er det viktig å ikkje gå ut med bombastiske løysingar utan basis i forsking, seier han.