Hopp til innhold

Legar seier korona kan vare kortare om ein ikkje er redd: – Kjipt å høyre

Legar meiner covid-19 kan vare lenger om du kjenner for mykje etter. Solveig (32) har long covid, ho meiner det blir for enkelt å seie.

Solveig Blomstrøm Nordbø.

Solveig Blomstrøm Nordbø har lenge slitt med verknadene av koronasjukdom.

Foto: Privat

Noreg har truleg nådd smittetoppen av koronaviruset. Det vart klart onsdag førre veke.

Og med fleire smitta er det også fare for at fleire vil slite med sjukdommen lenger.

Men legar som jobbar tett med covid-19 seier at dei ser eit mønster hos dei som har seinfølger, eller long covid:

Dei overvaker symptoma for mykje.

Dei meiner sjukdomsforløpet vert kortare om ein er mindre redd.

– Vil ikkje vere i denne situasjonen

Men dei som har hatt sjukdommen allereie meiner det blir for enkelt å seie.

Solveig Blomstrøm Nordbø.

32-åringen håpa det skulle gå fort over.

Foto: Privat

– Eg har ikkje noko ønske om å vere i denne situasjonen. Eg vil berre tilbake i full jobb og fungere normalt, seier Solveig Blomstrøm Nordbø.

Lille julaftan 2020 blei Nordbø (32) smitta av korona. Ho håpa det skulle gå fort over. Men det gjorde det ikkje. No har ho hatt korona i over eit år.

Dei første månadane var sjølv enkle gjeremål var utmattande.

– Eg klarte ikkje å sitte oppreist lenge nok til å gjennomføre eit zoom-møte, fortel ho.

I dag jobbar ho 50 prosent. Men ho skulle gjerne ha jobba meir. Om ho hadde klart det.

– Det er betre no, men det har ikkje sleppt taket. Det er superfrustrerande.

NRK forklarer

Kva er long covid?

Kva er long covid?

Kva er seinfølgar etter covid-19?

For dei fleste er covid-19 ein mild og forbigåande sjukdom, men nokre får vedvarande plager utover den akutte fasen. Slike langvarige symptom er tidlegare rapportert etter ein rekke andre infeksjonar. FHI seier at det difor ikkje er overraskande at ein del personar opplever seinfølgar etter covid-19.

Kva er long covid?

Kva er dei vanlegaste symptoma?

Blant personar med covid-19 som ikkje blei innlagt på sjukehus, er de vanlegast rapporterte symptoma 6–12 månader etter sjukdommen:

  • Nedsett minne
  • Endra smak- og/eller luktesans
  • Utmatting/trøytte
  • Nedsett evne til å tenkje og konsentrere seg (såkalla «hjernetåke»)
  • Tung pust
Kva er long covid?

Kva andre symptom kan ein ha med long covid?

Også angst, søvnproblem, muskelveikskap, hovudverk, smerte, svimmelheit, depresjon og langvarig hoste er symptom for seinfølgar av covid-19.

Kva er long covid?

Kva skal ein gjere om ein trur ein har long covid?

Helsedirektoratet rår personar som har hatt ein mildt eller moderat sjukdomsgang å kontakte fastlege dersom dei etter fire veker har symptom som gjer det vanskeleg å delta i kvardagsaktivitetar.

Du kan lese meir om seinfølgar etter long covid på Helse Norge: www.helsenorge.no/koronavirus/senfolger-etter-covid-19/

Bekymringar og stress forverrar symptoma

Vegard Bruun Wyller, er professor ved UiO og ein av dei fremste forskarane på seinfølger av covid-19, også kalla long covid, i Noreg.

– Årsaka er samansett, men bekymringar og stress ser ut til å både forlenge og forverre symptoma, fortel Wyller.

Også Signe Flottorp, forskingssjef ved FHI, fortel at om ein overvaker symptoma for mykje kan sjukdommen vare lenger.

Vegard Bruun Wyller

HAR INNVERKNAD: Vegard Bruun Wyller, forskar og professor ved UiO, fortel at korleis ein steller seg til sjukdommen ser ut til å ha ein innverknad.

Foto: Oslo universitetssykehus

– Å vere redd for å få plager kan i seg sjølv forsterke og halde ved like symptoma, seier ho.

– Då høyrest det ut som om dei med long covid er hypokondrar. Er dei verkeleg det?

– Det er ikkje slik at ein skal kjenne på skam for ikkje å ha blitt frisk. Det er ein balanse. Viss ein verkeleg slit kan ein ikkje bere ta seg saman, seier Flottorp i FHI.

Hjernen feiltolkar sjukdommen

Wyller forklarar at symptoma frå long covid kan henge saman med endra koplingar i hjernen.

– Det er ikkje noko som er nokon sin skuld, eller noko ein innbiller seg. Hjernen overvakar kroppen heile tida. Av og til vil han oppfatte ting feil.

Test på Gardermoen

Fleire har covid-19 ei nokon gong, og då er det òg fare for at fleire får long covid. Men om du ikkje overvakar symptoma kan du kanskje sleppe.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Om dette er tilfellet, må hjernen verte trent opp igjen. Og då treng hjernen anna erfaring.

Og her kjem merksemda ein gir sjukdommen inn, ifølge Wyller.

– Det betyr at det kan vere fornuftig å bruke kroppen forsiktig. Då vil hjernen gradvis lære at det går bra.

Utfordringa for legane er å formidle dette til folk, utan at dei som er sjuke føler at det ikkje vert tatt på alvor.

– Kjipt å høyre

Nordbø stiller seg kritisk til legar som seier at etterverknadene er meir framståande hos folk som fryktar covid.

Solveig Blomstrøm Nordbø på julaften

Nordbø på julaftan.

Foto: Solveig Blomstrøm Nordbø / Privat

– Eg synest det er litt kjipt å høyre. For min del var det først då eg aksepterte situasjonen at eg klarte å bli betre, seier ho.

Sidan sjukdommen er usynleg vert det vanskeleg for folk som slit med sjukdommen lenge å få forståing for det.

For at Nordbø skulle bli friskare måtte ho gjere mindre. Ho måtte respektere avgrensingane som sjukdommen gav.

Usynleg – men ikkje noko du innbiller deg

Flottorp i FHI peiker på at fysiske og psykiske symptom vert sidestilt i legevitskapen i dag.

– Det er avleggs å tenkje at noko er anten fysisk eller psykisk. Korleis vi opplever ting har med medvit å gjere.

– Hovudet er ein del av kroppen, og det går ikkje an å skilje det.

Signe Agnes Flottorp er forskningssjef i FHI og har svart på spørsmålene om senfølger («long covid»).

VAKSINE HJELPER: Signe Agnes Flottorp, forskingssjef i FHI, seier at det ser ut til at færre får seinfølger av covid-19 no som fleire er vaksinert.

– Kvifor verkar det då som at usynlege sjukdommar ikkje er like «ekte» som synlege?

Wyller ved UiO trur årsaka til at folk skammar seg meir over sjukdommar ein ikkje kan sjå, blant anna kjem frå helsevesenet sitt behov for å måle alt.

– Om du ikkje har ein blodprøve eller ein røntgen som er unormal, verkar det som at dette er noko du innbiller deg. Det er frustrerande for pasientane.

– Har du vondt ein stad er det ikkje noko du innbiller deg.

Nokon blir friske av å gjere mindre

Kvar helseregion pliktar å ha eit opplegg for pasientar med seinfølger etter covid. Maja Wilhelmsen er overlege på seinfølgeklikken ved Universitet i Nord-Norge (UNN).

– Nokon pasientar har veldig mykje frykt. Difor jobbar vi med å formidle at seinfølgar er noko dei ikkje kontrollerer med å skru heilt ned aktiviteten.

Overlegen fortel at for dei fleste er det best at dei held oppe aktivitet i kvardagen.

– Eg trur etterverknadene kan vare kortare om ein ikkje er så redd.

Maja Wilhelmsen er overlege ved senfølgeklinikken for covid-syke ved Universitetssykehuset i Nord-Norge.

AVDRAMATISERE: Maja Wilhelmsen, overlege på seinfølgeklinikken ved UNN, fortel at dei jobbar med å avdramatisere og normalisere plagene som kan kome etter covid.

Foto: ørjan rodal hansen / NRK

Men for nokon, slik som Nordbø, handlar det ikkje om å gjere meir, men å gjere mindre, eller gradere aktiviteten.

– For mange handlar det om å jobbe med å akseptere at dei no har litt nedsett funksjon. Dei kan ikkje kvile seg friske, men må gradere seg oppover til normalt aktivitetsnivå, seier Wilhelmsen.