Ingerid fekk korona. Då ho var tilbake i klasserommet, hugsa ho ikkje namnet på elevane

Ungdomsskulelæraren var utsliten etter å ha hatt covid-19. Eit nytt behandlingstilbod for etterverknadar av koronasjukdom blei redninga hennar.

Ingerid Oppedal ved kateteret.

BAK KATETERET: Grunna utmatting sat Ingerid Oppedal Ingerid Oppedal Dowerdock meir på stol og underviste etter ho hadde hatt covid-19.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Eg blir heilt andpusten. Eg får hjartebank, seier Ingerid Oppedal Dowerdock.

Ho er på veg opp i andre etasje på jobb. Trappene på Sandgotna skole i Bergen har ho gått i ni år.

Men det siste halvåret har dei bydd på fleire utfordringar enn før. I oktober i fjor vart ungdomsskulelæraren smitta av covid-19 på jobb.

Sju månadar etter slit ho framleis med plager, som tungpust, dårleg minne og utmatting.

– Eg har følt meg fysisk deprimert. Heile kroppen har vore tung, og eg har sove store delar av ettermiddagen, fortel ho.

Ingerid Oppedal i klasserommet

LÆRAR: Ingerid Oppedal Ingerid Oppedal Dowerdock har vore lærar i mange år. Etter ho fekk korona sleit ho med å hugse namn på elevar.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Intensiv behandling

I februar fekk Dowerdock plass på eit heilt nytt behandlingstilbod for etterverknadar av covid-19.

I regi av Helse Bergen har Helse i Hardanger starta eit tilbod der dei som slit med tungpust og utmatting etter covid-19-infeksjon kan få behandling.

Marte Jürgensen er psykiater og gruppeleiar for det nye pilotprosjektet.

– Kanskje så mange som 20 prosent av dei som har hatt korona slit lenge etter sjukdommen er over. Difor er det eit stort behov for denne typen behandling, seier ho.

Behandlinga er kort og intensiv, over tre dagar.

I grupper på ti vart pasientane møtt av eit tverrfagleg team beståande av fysioterapeutar, legar, psykologar, ernæringsfysiologar og farmasøyt.

– Eg trur behandlinga er effektiv fordi ein får hjelp frå fleire fagfolk på ein gong, fortel Bente Frisk, som er prosjektleiar og fysioterapeut.

Marte Jürgensen og Bente Frisk.

TVERRFAGLEG: Marte Jürgensen og Bente Frisk er ein av mange ulike behandlarar på senteret.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Fysiske testar

På behandlingssenteret som ligg i Øystese får pasientane først sjekke den fysiske helsa si gjennom ulike testar.

Slik kan dei bli trygge på at det ikkje er noko fysisk i vegen for vera aktive og «pushe seg sjølv», forklarar Frisk.

Pasientane får undervisning om koronasjukdomen og korleis den påverkar lungene og kroppen generelt. I tillegg får dei gode øvingar for å styrke både kropp og sinn.

– Nokre treng hjelp med å endre eit tankemønster, fortel Jürgensen.

Test av lungekapasitet.

LUNGETEST: Før pasientane startar sjølve behandlinga vart deira fysiske helse testa. På den måten veit behandlarar og pasientar sjølv at det ikkje er helsefarleg å trene.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Tar ein «Nansen»

For ungdomsskulelæraren i Bergen vart behandlinga starten på ein ny måte å tenkje på.

– Noko me lærte var å ta ein «Nansen». For når Fridtjof Nansen vart spurt kva han gjorde då han vart sliten, svarte han «eg gjer noko anna». Det gjer eg òg no, fortel Dowerdock.

I staden for å leggje seg ned og sove set ho seg ut i hagen eller teiknar.

– Ein kan ikkje liggje på sofaen og vente på at etterverknadane skal gå over av seg sjølv. Det gjer dei ikkje.

Ingerid Oppedal heng opp plakatar av Fridtjof Nansen.

TA EIN NANSEN: Under behandlinga lærte Ingerid Oppedal Dowerdock å gjere som Nansen om ho følte seg sliten. Plakatane skal henge i klasserommet til inspirasjon for ho og elevane.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Stort behov

Tidleg i mai fortalde Erna Solberg til NTB at mange koronapasientar får god hjelp på kommunalt nivå, men at andre har behov for utgreiing i spesialisthelsetenesta.

Difor ber ho dei regionale helseføretaka etablere tverrfaglege seinfølgeklinikkar.

– Dei som ikkje får behandling for seinplagane kjem ikkje tilbake i jobb eller studiar. Berre det gir store samfunnsøkonomiske konsekvensar og ikkje minst store konsekvensar for den enkelte, seier fysioterapeut Bente Frisk.

No vonar Helse Bergen at dei kan vera til inspirasjon for andre helseføretak som skal etablere liknande behandlingstilbod.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 12.06.2021
1 129
Smittede siste 7 dager
47
Innlagte
789
Døde
1 929 544
Vaksinerte