Det blir færre og færre gardsbruk i Noreg. Det var 37.682 bruk i Noreg i 2022. Det er ein nedgang på rundt 400 frå året før, viser tal frå SSB.
Ein av grunnane til den søkkande trenden er at bønder ikkje får selt gardane sine. Per Ivar Laumann er ein av dei.
Han driv ein gard på Bognes i Nordland, men nærma seg tida for å pensjonere seg. Difor ligg bruket på 1000 mål til sals. Men interesserte kjøparar har det vore lite av.
– Det har vore vanskeleg, seier Laumann.
Han trur grunnen til mangel på kjøparar er samansett.
– Det skuldast både kapitalmangel og kjøparar som har lite erfaring med gardsbruk.
Om han ikkje får selt garden snart, gir han seg sjølv tre år til som bonde, før han avviklar drifta. Då vil bruket forfalle.
Utfordring over heile landet
Noregs Bondelag kjenner godt til utfordringane Per Ivar Laumann opplever.
– Det er noko vi ser over heile landet, seier leiar bondelaget, Bjørn Gimming.
– Svak økonomi er ein viktig årsak til at gardar forsvinn. Det skjer også store endringar, nye krav, og behov for investeringar som er vanskelege for mange å handtere. I tillegg er det små miljø i mange bygder og kommunar, og få kollegaer å samarbeide med.
Bonden Per Ivar Laumann seier at han er avhengig av hjelp for å få nokon til å ta over garden. Og akkurat det skal han no få.



Per Ivar Laumann har prøvd å selje garden sin i eit år.
Kommunane Steigen og Hamarøy har nemleg starta eit prosjekt for å snu denne utviklinga.
Målet å sikre talet på gardsbruk og få opp optimismen i næringa.
Per Ivar Laumann håper at landbruksprosjektet kan hjelpe.
– Eg trur det viktigaste er å få opp drivkrafta i landbruket og sjå at det er liv laga å vere her, for det er det.
Fokus på rekruttering
Saman med Nordland Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, har dei to kommunane tilsett ein prosjektleiar i ei halv stilling som skal hindre at gardsbruka forsvinn.
– No har vi sett i gang ein prosjektleiar som brenn for lokalmat. Vi er ein kommune som produserer mykje mat, som mjølk, kjøt eller fisk. Og då må vi halde fram med å satse på dette, seier ordføraren i Steigen, Aase Refsnes og legg til:
– Om vi sikrar at ein eller to gardar blir vidareført og selt, så har vi lykkast.
Astrid Regine Nässlander er prosjektleiaren. Ho skal blant anna jobbe med rekruttering, vise fram moglegheitene i området og sikre landbruksmiljøet.
Astrid Regine Nässlander brenn for lokalmat.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK– Eg skal spreie informasjon om kor viktig matproduksjon er, spreie optimisme og rette blikket mot dei moglegheitene som er her.
– Er ei halv stilling nok til å snu utviklinga?
– Eg syns begge kommunane og bondeorganisasjonane fortener mykje skryt for å ha fått til ein halv stilling som skal jobbe målretta mot dette. Eg syns det er ein stor tillit, og det er absolutt betre enn ingenting. Men det er klart at ein ikkje får utretta nokre mirakla med ein halv stilling i ei tidsavgrensa periode.
– Utfordring for neste generasjon
Ein times køyring sørover for Laumann på Bognes, har Ketil Erdal drive med økologisk mjølkeproduksjon på Skagstad-Gard i 30 år. Han trur prosjektet i kommunen er viktig.
– Eg trur vi treng ein pådrivar for å sjå viktigheita av landbruket i desse kommunane. Dette vil vere ein fin måte å belyse problemstillingane i landbruket på.



Bonde Ketil Erdal har drive Skagstad-Gard i 30 år.
Ei problemstilling som Erdal har tenkt ein del på, er dei nye krava som kjem i 2034. Då må all storfe og mjølkeproduksjon skje i såkalla lausdriftsfjøs der dyra ikkje står på bås.
– Det blir ei stor utfordring for neste generasjon om dei har inntening nok til å ta på seg slike investeringar, ifølge Erdal.
– Få opp inntektene
Leiar i Nordland Bondelag Trond Bjørkås seier det er rundt 270–280 fjøs som driv med mjølkeproduksjon i fylket.
– Og for å få dei med oss framover til 2034 så er det mange som må bygge nytt, bygge om og investere store summar i gardsbruka.
Leiar i Nordland Bondelag, Trond Bjørkås.
Foto: Ole-Christian OlsenDette må bøndene ha pengar til, så for å snu søkkande trenden meiner han det må gjerast noko med inntektene.
– Vi må gjere noko med inntektene. Dei ligg langt under gjennomsnittet til alle som får lønn i Noreg. Vi må greie å snu det i dei kommande jordbruksoppgjera, seier Bjørkås.
Men han syns også det er bra at den politiske leiinga i dei to kommunane tek sats og starta prosjektet.
Bjørn Gimming, leiar i bondelaget nasjonalt, fortel at det finst ulike rekrutteringsprosjekt rundt om i Noreg, men han er usikker på om dei liknar på prosjektet i Hamarøy og Steigen.
Uansett heier han på det dei gjer i kommunane i Nordland.
– Denne type prosjekt er bra. Vi trenger nokon som kan vise kva for moglegheiter gardsbruk gir unge folk som ynskjer ein anna type jobb, seier han.