Mens hele Noreg har vinterferie desse vekene, er det ikkje fridagar for Martin Nicholai Nilsen (9).
– Nei, e de bajassan?!
Niåringen har blitt med far sin på fiskebruket og møter kompisane på jobb. Ei god lading med torskehovud blir fylt på.
Til stor begeistring.
Denne dagen var det nemleg nok hovud for både Nilsen og dei unge kollegaene hans.
Kvar dag i skreisesongen kjem ungane til fiskebruket for å tene sin andel.
I ein god sesong kan dei tene fleire titals tusen kroner.
– Sjekk denne tunga!
Med godt grep og gode reiskap kan Nilsen skjere ut delikatessa.
Skal ha ny gaming-PC
Det store skreifisket utanfor Nord-Noreg er i gang. Hit kjem den siste robuste torskestammen i verda for å gyte, og verdiane som finst her i form av fornybare fiskeressursar er enorme.
I fjor blei det fiska skrei for rekordhøge 3,8 milliardar kroner.






Med godt grep tar Nilsen tak i torskehovuda.
Foto: Helge LyngmoeUngane jobbar på fiskemottaket Gunnar Klo på Stø i Øksnes. I pausen går dei ut på kaia og ser på at båt etter båt kjem inn med meir skrei.
– Her kjem det meir hovud!
Gutane kan tene godt på jobben, og med god teknikk blir det fylt opp med tunger. Kvar tunge er eitt skritt nærare målet.
– Kva skal du bruke pengane på?
– Ny gaming-PC.
Denne dagen var det nok torsk til alle, og kniven er godt slipa.






Det går raskt frå tunge til tunge.
Foto: Helge LyngmoeKamp om plassane
Verken Noregs sjømatråd eller Råfisklaget har statistikk som viser salet av torsketunger til utlandet, men for det meste går dei til Spania, England, Frankrike, Tyskland, Sverige og Danmark.
Mange har gjort som Martin Nilsen før han. Det er kamp om plassane for dei unge tungeskjerarane.
På fiskemottaket er ventelista lang. Berre no er det rundt 15 personar som ønsker plass.
– Det er alt frå seksåringar til dei på 15–16 år. Dessverre har vi ikkje plass til så mange, seier personalansvarleg i Gunnar Klo AS, Inger Lise Brun.
Fiskemottak har blitt nedringt for å få seg det som blir kalla Noregs best betalte ungdomsjobb, der ungdom kan tene opp til 1200 kroner i timen.
Men det er ikkje berre pengane som er drivkrafta for Nilsen.
– Det er artig, seier han.
– Skal vere forsiktig uansett alder
Men nokre vil kanskje spørje om 9-åringar er skikka til å handtere knivar av denne typen.
Brun fortel at dette er noko dei unge er veldig vande med. Tradisjonen er lang.
– Men dei skal vere forsiktige. Det er ein skummelt reiskap, så forsiktig skal ein vere uansett alder.
– Ungane står på ei linje så dei har eit avgrensa område kor dei står med knivane. Når dei startar på jobb hos oss får dei opplæring, og fleire har gjerne med seg foreldre der dei blir vist korleis dei skal handtere kniv, seier ho.
Tungeskjerarane får heller ikkje lov å gå ned frå linja dei står på med kniven. Dei har slirer til å ha kniven i når dei skal flytte seg frå A til B.