Hopp til innhold

Kokk foreslår å bytte ut salt med tare – forskar vil undersøke dette nærmare

Kokken Jacek i Lofoten brukar tare i om lag all mat han kokkelerer, og anbefaler andre å teste det ut. Mattilsynet meiner ein må passe på skjoldbruskkjertelen.

Jacek Kukielka

Kokken Jacek Kukielka bruker tare i all mat han lager.

Foto: Lofoten Seaweed

Verdas helseorganisasjon (WHO) anslår at 2 milliardar menneske har jodmangel. Deriblant mange nordmenn.

Tare inneheld mykje jod.

Men Mattilsynet vil likevel ikkje anbefale å ete meir tare.

Bruker tare i alt

I Tangeria, kjøkkenet på Lofoten Seaweed står kokken Jacek Kukielka over kasserollene.

Han bruker tare i om lag alt han lager.

– Eg liker verkeleg å eksperimentere og det er eit veldig spennande produkt som veks her lokalt og vilt, seier han.

Angelita Eriksen, Lofoten Seaweed

Angelita Eriksen i Lofoten Seaweed ønsker tettare samarbeid med mattilsynet, mellom anna for å sjå på moglegheitene som ligg i tare.

Foto: Sofie Ret

I staden for å bruke salt bruker han nemleg tare.

– Tare er veldig næringsrikt og har naturleg salt i seg. Det er eit bra produkt som gir ekstra smak til retten samstundes som det vert salta naturleg.

Men det er ikkje alle som er samd med han.

Tare har fått mykje merksemd i det siste. Mellom anna fordi det er mykje jod i tareprodukt.

Mattilsynet åtvarar

Mattilsynet åtvarar mot å bruke mykje tare i matlaging.

– Tare kan innehalde fleire tusen gonger så mykje jod som anna mat, seier Solbjørg Hogstad, seniorrådgjevar ved seksjon biologisk mattryggleik i Mattilsynet.

Jod er eit grunnstoff som har viktige funksjonar i kroppen, men for mykje jod kan vere helseskadeleg ved å påverke funksjonen til skjoldbruskkjertelen.

Trøffeltang-carbonara

På Tangeria i Lofoten er mellom anna Trøffeltang-carbonara ein rett dei lager.

Foto: Lofoten Seaweed

– I ein matoppskrift som inneheld ein toppa matskei tørka sukkertare, vil ha eit innhald på hele 25 mg jod. Til samanlikning inneheld eitt glas mjølk (2dl) ca. 30 mikrogram.

Særleg gravide, ammande og små barn er utsett om dei får for mykje jod.

Men det er òg gruppa menneske som er utsett for å få for lite jod.

Nasjonalt råd for ernæring anbefaler difor at alt salt blir tilsett jod. Årsaka er at mange nordmenn, og spesielt unge kvinner og gravide lir av jodmangel.

Har du ete tare?

– Eit smalt vindauge mellom for mykje og for lite

Helle Margrete Meltzer, forskingssjef i Folkehelseinstituttet har leia arbeidet i ei anbefaling der dei ber helsestyresmaktene innføre ei lov om å tilsette jod i industrisalt, brød og bakarvarer.

– Vi har vore opptatt av at vi får i oss for lite salt. Årsaka er at unge jenter i dag et for lite fisk og drikk for lite mjølk. For 30 år sidan hadde vi ikkje jodproblem i Noreg.

Ho er ikkje sikkert på at tare vil vere det beste alternativet for salt.

– Problemet med tang og tare er at det er så høge verdiar av jod. Du skal ikkje ha korkje for lite eller for mykje og det trygge vindauget er smalt, seier Meltzer.

Trøffeltang

Trøffeltang er ein tang med markant smak av trøffel. Lofoten Seaweed meiner det nyttar seg godt i matlaging.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ca. 50 mg tørka fingertare, stortare eller sukkertare er tilstrekkeleg. Det vil seie ei mengde som knapt er synleg om du legg det på tuppen av ein fingernagl.

– Om du bruker det i tørka form i staden for salt vert det eit dosespørsmål, seier forskingssjefen.

Men tangen vi bruker i sushi har lågt innhald av jod.

Hogstad frå Mattilsynet peiker og på at norsk tang og tare kan innehalde anna uønskt stoff. Tangen kan innehalde tungmetallet kadmium og uorganisk arsen, i tillegg til jod.

– Det er store variasjonar mellom både arter, staden det veks, alder og årstider. Fleire pågåande forskingsprosjekt har som mål å auke nytten av tang og tare frå norske farvatn.

Meiner små grep kan verte gjort

Ei av dei som jobbar dagleg med tang, og har trua på at det vil vere framtida i sjømatnæringa, er Angelita Eriksen i Lofoten Seaweed.

Ho ønsker tettare samarbeid med mattilsynet, mellom anna for å sjå på moglegheitene som ligg i tare.

– Det er sant at nokon arter inneheld mykje jod. Vi i Lofoten seaweed nyttar difor ikkje disse i våre produkt.

I samarbeid med Mattilsynet har dei utarbeidd ein merking på varene slik at kunden kan vite kor mykje de kan bruke for å få i seg anbefalt dagleg dose av jod.

Og det er ikkje all tare som inneheld for mykje jod, seier ho. Ho, og dei andre tareprodusentane bruker andre typar tare enn dei mattilsynet trekk fram.

Ifølge Eriksen er det òg enkelt å få vekk joden i tangen.

– Det er mange måtar å redusere jodinnhaldet i tare før du bruker den som ingrediens i maten, spesielt om du ønsker å bruke artene sukkertare og fingertare. Ein kan blansjere, legge den i vann før bruk i mat.

Inger Aakre, forskar på sjømat og ernæring i Havforskingsinstituttet seier det førebels er for lite forsking på tare til å kunne slå dette sikkert fast.

humus med tare

Tare kan òg verte nytta for å lage ein annleis smak i humusen ifølge kokken Jacek Kukielka i Lofoten.

Foto: Lofoten Seaweed


– Det er mange tareprodukt på marknaden med høge nivå av jod sjølv om dei er tilarbeida, men noko forsking viser at bransjering og koking reduserer jodinnhaldet.


Det er stor forskjell på jodinnhald i ulike arter. Sjøgressalat har til dømes ikkje høge nivå, medan brunalger framleis vil ha for høge nivå av jod sjølv om du reduserer det med 80 prosent.


Likevel avskriv ikkje forskaren tare heilt.

Taresanking, Noritang, Lofoten

Noritang veks vilt i langs heile norskekysten. Det er mykje brukt i det japanske kjøkkenet

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK


– Tare kan bli kjelde til jod når ein finn ut meir om verdiane, seier Aakre.

Tangprodusent Eriksen meiner derimot folk må få vite at det er ting du kan gjere med tare for å få nytta tare på ein ufarleg måte.

– Med tanke på at store deler av befolkninga ikkje får i seg nok jod, skulle tang og tare spele ein viktig rolle som matvare i framtida, seier Eriksen.

Ho seier produsentane har ansvar for å teste og merke produkta med jodinnhald slik at kundane får informasjon kor mykje de kan ete for å få i seg nok jod per dag.

– Dette har vi jobba mykje med og håper Mattilsynet vil vere med å formidle korleis vi kan ete tang på ein trygg måte i staden for å skremme folk frå å bruke tang i mat.

Angelita Eriksen og Tamara Singer ved Lofoten Seaweed

Tareprodusentane Angelita Eriksen og Tamara Singer leiar Lofoten Seaweed saman. Singer har røter frå Japan og er van med mykje tare i kosten derfrå.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Og kokken Kukielka på Tangeria, restauranten til Lofoten Seaweed, vil i alle fall halde fram med å bruke tare.

– Eg har enno ikkje funne ein rett eg ikkje kan bruke tare i. Det gjeld berre å bruke det på rett vis.

NRK gjør oppmerksam på at tittelen er endra etter publisering. Opphavleg tittel var «Kokk foreslår å bytte ut salt med tare – Mattilsynet seier det kan vere helseskadeleg».

NRK har også endra sitat etter førespurnad frå Lofoten Seaweed. Kva sitat som er endra sjåast av lista under.