Hopp til innhold

Kampen om Narvik til Netflix

Strøymegiganten Netflix har lagt ut førehandsomtale til filmen Kampen om Narvik, men foreløpig er det berre enkelte land som får tilgang til filmen. Noreg er ikkje eit av dei.

Det skriv avisa Fremover.

Land som kan få sjå filmen den 23. januar i år er USA, Storbritannia, Danmark og Hellas, skriv lokalavisa. I førehandsomtalen som landa har fått, har filmen fått forkorta tittelen til «Narvik».

Noreg, Sverige, Frankrike og Tyskland er blant landa som ikkje får tilgang til filmen endå.

Filmen blir då førebels ikkje å sjå på den norske versjonen av strøymetenesta. Produsent Aage Aaberge sa til Fremover førre veke at dette er fordi filmen skal klare å utnytte kinomarknaden i Noreg best mogleg. Det kan derfor ta ei stund før filmen kan strøymast i Noreg.

Siste veka i desember 2022 var Kampen om Narvik den mest sette filmen på kinoar.

Skuespillerne i filmen "Kampen om Narvik" Kristine Hartgen og Carl Martin Eggesbø ser på hverandre.
Foto: Eirik Linder Aspelund / Eirik Linder Aspelund/Nordisk Film Distribusjon AS