Jubel for Lofast

Fastlandssambandet har slått svært positivt ut for Lofoten, slår ny rapport fast.

Lofast

Lofast har opna for ny trafikk. No kan du køyre frå Svolvær til Evenes lufthavn på to og ein halv time.

Foto: Nils Mehren / NRK

Svolvær er den store vinnaren etter at Lofast blei opna for trafikk 1. desember 2007. Fastlandssambandet har skapt vinnarar, men har også opna for nye utfordringar. Det slår ein ny rapport frå Transportøkonomisk institutt fast.

Nær 250.000 bilar passerte gjennom Lofast frå januar til august i år, og Lofoten opplevde ein vekst på 14 prosent i talet på turistovernattingar i løpet av sommarsesongen.

Sambandet har redusert reisetida kraftig mot destinasjonar i nord og i aust. For turistar som kjem frå sør kan imidlertid Lofast opplevast som ein omveg, hevdar rapporten.

Turist-boom i Lofoten

Lofoten opplevde ein kraftig vekst i talet på overnattingar i sommar. I stor grad skuldast det fleire besøkande frå nord og aust. I Lofoten auka talet på overnattingar med 29.000 netter, medan Vesterålen hadde ein liten nedgang.

Les: Besøksrekord for Lofotr

Fleire reiselivsaktørar hevdar i følgje rapporten at reduksjonen på sambandet mellom Svolvær og Skutvik har gjort det vanskelegare å reise til Lofoten frå sør. Ein konsekvens av dette kan bli at Nordland på sikt kan miste turistar som reiser gjennom Nordland for å komme til Lofoten, og at desse i staden reiser igjennom Sverige.

Les også: Svenskane vinn turistane

Lofast

Nye tunnelar, bruer og veg kosta til saman 1, 5 milliardar kroner.

Foto: Nils Mehren / NRK

Rapporten understrekar at strategiar, planlegging og investeringer vil vere viktige i tida framover for å skape ringverknader av Lofast. Men etter kun eit knapt år med fastlandssamband er det noko tidleg å gi nokon endeleg fasit på korleis Lofast har påverka samferdsel i nord.

Fordelar for transport

Direktetransport frå Lofoten til Narvik, Harstad og Tromsø går raskare med Lofast, og næringa slepp å betale ferjeavgifter. Det har gitt betre stabilitet, fleksibilitet og gjort det enklare å planleggje.

For delar av fiskerinæringa er dette ei viktig endring, men for bedriftene som held til vest i Lofoten er Lofast så langt unna, at ferje sørover framleis er mest aktuelt.

Bru

Alterstraumen bru er berre ein liten del av det store nye Lofast-sambandet.

Foto: Helge Lyngmo

Sjølv om mange av aktørane Transportøkonomisk institutt har intervjua er positive til Lofast, ventar mange at styresmaktene følgjer opp med investeringer i andre delar av vegnettet i Lofoten. Krav om at kart og skilt blir oppdatert blir også påpeika.

Rapporten trekk fram den reduserte kapasiteten på fergesambandet mellom Skutvik og Svolvær som ein negativ konsekvens av Lofast, kor det no går kun ei ferje dagleg. Samtidig har trafikken auka kraftig på sambandet Bognes-Lødingen, som er styrka med fire ekstra avganger dagleg kvar veg.