Det viser tal frå Nutek og Statistiska Centralbyrån i Sverige.
Nestleiar i Reiseliv i Hamsuns Rike, Frank Olsen seier utanlandske turoperatørar no medvite styrer unna alle forseinkingane ved dei mange fergestrekningane i fylket.
- Me trur dette har med å gjere at folk har lest og høyrt på radioen at det er opptil 10-12 timar ventetid på ferjeleie, seier Olsen.
Har mista turistar
I år har talet på utanlandske turistar i Nord- Sverige auka med 20 prosent, medan talet på utanlandske turistar i Nordland har gått ned med 11 prosent. Resultatet er at reiselivsnæringa i Nordland har mista store inntekter.
- 22 000 gjestedøgn er borte i Nordland i forhold til 2007. Dette er ei verdiskaping verdt 20 millionar kroner, seier Nestleiar i Reiseliv i Hamsuns Rike, Frank Olsen.
Bestille på førehand
No krev Reiseliv i Hamsuns Rike at styresmaktene legg til rette for at turistane kan bestille plass på ferjene på førehand.
- Turistane må få moglegheit til å planleggje sin ferietur, slik at dei slepp å stå i endelause køar. Dei skal ikkje kjenne at dei kastar bort ferietida, seier Olsen.