Hopp til innhold

Storm i 26 av 31 dagar i januar: – Vi kan skulde på Storbritannia

Det har vore storm i 26 av 31 dagar i januar. Meteorologane har sendt ut nær dobbelt så mange farevarsel. Kvifor? Svaret finn vi over Storbritannia.

Storm i Stavanger sentrum.

Særleg vestlandet har kjent på vinden i Januar. Meteorologane sende ut to farevarsel for ekstremvêr. Det er to fleire enn i fjor.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Januar er kjent for ein stormfull månad.

Men i år har januar vore spesielt stormfull.

Heile 26 av 31 dagar har det vore storm i Noreg i januar.

Men kvifor har det vore så mykje storm i januar?

Det kan vi skulde Storbritannia for. Eller i alle fall eit høgtrykk som har låge der i januar.

Dobbelt så mange farevarsel

Martin Granerød, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, fortel at dei har sendt ut uvanleg mange farevarsel i januar i år.

I januar 2022 har dei sendt ut:

  • 82 gule farevarsel

  • 12 oransje farevarsel

  • 2 ekstremvêr Møre og Romsdal / Trøndelag

For same månad i fjor sende dei ut:

  • 46 gule farevarsel

  • 3 oransje farevarel

  • 1 raud farevarsel

Det vil seie at dei har sendt ut om lag dobbelt så mange farevarsel i januar i år som i fjor.

Og det er ikkje utan grunn.

– Vi har hatt eit stabilt høgtrykk over Storbritannia. Det sørger for at lågtrykka vert styrt rett over til Skandinavia, seier Granerød.

Godvêr i Storbritannia gir storm i Noreg

Og det dårlege vêret kan vi på sett og vis skulde Storbritannia for.

– Vi kan skulde på Storbritannia, eller i alle fall høgtrykket som har låge over Storbritannia, seier meteorologen.

Storbritannia har nemleg har godvêr i heile januar. Og godvêret har dytta det dårlege vêret nordover til oss i Noreg.

– Disse lågtrykka bringar med seg mykje vind dersom det utviklar seg stormsenter, seier meteorologen.

Martin Granerød

Meteorolog Martin Granerød fortel at om høgtrykket ligg over Russland blir det rolegare, men kaldare vêr. Det er fordi det er mindre hav mellom Noreg og Russland

Foto: Kamilla Pedersen/MET

Det er temperaturforskjell mellom sørlege område og nordlege område som lager vêret.

På vinteren er disse temperaturendringane størst. Difor får vi dei kraftigaste stormane på vinteren. Det er nemleg temperaturforskjellen som spinn opp stormsenteret.

Sidan høgtrykket har lege over Storbritannia i lang tid har lågtrykka som vil forbi hopa seg opp. Dei har rett og slett stått i kø.

Difor har det kanskje verka som at som at heile januar har vore ein einaste lang storm. Eigentleg har det vore mange ulike lågtrykk som har prega vêret.

English row terrace house in spring season, England UK. Brick building in the town.
Pompaem Gogh

I Storbritannia har januar vare prega av høgtrykk. Difor har lågtrykket blitt pressa opp til Noreg.

Foto: Shutterstock

– Om det er lågtrykk som ligg i kø kan ein få ein langvarig periode med mykje nedbør, seier meteorologen.

– Er dette ein uvanleg situasjon?

– Det er ikkje første gong vi har hatt eit stabilt høgtrykk over Storbritannia, men denne gongen har det vore spesielt fordi mange lågtrykk som har blitt liggande i kø. Det er nok ei stund sidan sist det var lik, seier meteorologen.

Er dette den nye normalen?

Når det har blitt sendt ut dobbelt så mange farevarsel i januar i år som i fjor, kan ein spørje seg korleis det vert framover.

Klimaforskar Hanne Heiberg fortel at klimamodellane for storm om uvêr er meir usikre enn dei for temperatur og nedbør langt fram i tid.

Hanne Heiberg

Klimaforskar Hanne Heiberg ved Meteorologisk institutt fortel at det er venta å kome sterkare syklonar i tropiske område.

Foto: Magne Velle

Men vi kan forvente oss meir intens nedbør i framtida. I alle fall på sommaren.

På vinteren kan det sjå ut til å bli mindre nedbør i låglandet, meir i høglandet, og varmare vêr over heile fjøla.

Og det er slikt varmt vêr som rokkar litt i vêret vi er vande med.

– No blir det meir intenst i begge retningar, og det har vore snakk om at blokkerande høgtrykk som er langvarige, gir lite nedbør, seier klimaforskaren.

– Kan klimaendringane kan påverke varigheita av det slik dei varer lenger?

– Klimamodellane har ikkje så godt tak på dette enno. Men viss det er tilfellet aukar sjansen for at ein får langvarig stabilt vær over lenger tid. Då kan vi få eit større spenn i vêr, seier Heiberg.

Rekord-januar

Og januar har vore ein rekordmånad på mange vid. Det har òg vore både regn- og mildvêrsrekordar.

Med heile 32 rekordar for døgnnedbør blei truleg støvlar og paraply flittig brukte fleire stadar.

Uvær i Bodø

For heile landet under eitt kom det 45 prosent meir nedbør enn normalt i januar.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Men ved fem stasjonar i Viken blei det målt rekordlite nedbør for januar. Lågtrykka frå vest gjer at Austlandet ligg i le.

Sunndalsøra i Møre og Romsdal kan skryte av den høgaste temperaturen i januar. 24. januar blei det målt 13,6 grader.

I Noreg var temperaturen 1,7 grader over snittemperaturen dei siste 30 åra.