Hopp til innhold

Boreal varsla ikkje om denne øydelagde baugporten på ferja

Ved minst fem høve unnlét Boreal å melde ifrå om alvorlege hendingar, ifølgje Sjøfartsdirektoratet. Her er svaret på kvifor ferjer og hurtigbåtar vart kommandert til kai.

Baugporten på MF "Husøy".

Hydraulikksylinderen til baugporten blei bøygd på begge sider då porten falt ned. Hendinga om bord på MF «Husøy» er ein av sakene Sjøfartsdirektoratet ser alvorleg på, og som medvirket til at reiarlaget fekk seilingsnekt.

Foto: NRK-tipser

Boreal sine ferjer og hurtigbåtar er igjen i trafikk, etter at Sjøfartsdirektoratet onsdag ettermiddag gav reiarlaget seilingsnekt på grunn av alvorlege sikkerheitsbrot.

Innstilte båtavgangar hadde da råka folk langs hele kysten frå Rogaland i sør til Finnmark i nord.

I eit brev som NRK har fått tilgang til, sendt frå direktoratet til Boreal, er det lista opp fleire konkrete hendingar.

Dokumentet har tittelen «Plan for korrigerande tiltak».

Dette er hendingane Sjøfartsdirektoratet reagerar på

Sjøfartsdirektoratet meiner Boreal sitt system for avviksbehandling ikkje er tilfredstillande teke hand om. Dette er hendingane som leggast fram som bevis:

NRK har også fått tilgang på bilete som skal vise skadane på baugporten til bilferja MF «Husøy», som trafikkerer mellom Stokkvågen og Træna på Helgelandskysten. Sjøfartsdirektoratet bekreftar at dette er ei av sakene de reagerte på.

Baugporten på MF "Husøy" sviktet.

Her kan ein tydeleg sjå korleis hydraulikksylindaren er knekt. Det blanke staget vi ser her skal gå inn i den kvite sylindaren. Her står han i staden rett opp.Bildet viser nokon av skadane på festet til baugporten om bord på MF «Husøy», da hydraulikken svikta i november. Sjøfartsdirektoratet seier de ikkje blei varsla om hendinga.

Foto: NRK-tipser

– Her var det ei hending med baugporten som gjorde at den til slutt datt ned. Viss det hadde vore folk eller biler under kan man tenke seg kva utfallet hadde vore.

Det seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet. Han legg til at det og ligg andre hendingar til grunn for at Boreal fekk seglingsnekt. Direktoratet blei ifølge Aarhus ikkje tilstrekkeleg varsla om uhellet.

– Det skjer mange hendingar på båtar gjennom eit år, men då er det ei plikt i å rapportere det til oss. Det kom ein rapport om at det hadde lekka ut hydraulikkolje, men det var jo ikkje det mest alvorlege, seier han.

Det er uklart om det var passasjerar om bord då uhellet skjedde. Men direktoratet meiner liv og helse kan ha blitt sett i fare, gjennom at de ikkje blei varsla og fekk vurdere skaden.

– Den er ein viktig del av strukturen til båten, og dei segla også vidare med skader på baugporten. Det er ikkje bra, seier Aarhus.

Baugporten på MF "Husøy" sviktet

Sjøfartsdirektoratet meiner de ikkje blei varsla om uhellet med baugporten om bord på MF «Husøy» i november, da porten datt ned og gjorde skader på sylinderen.

Foto: NRK-tipser

Boreal: – For dårleg

Konsernsjef Kjetil Førsvoll i Boreal seier han blei gjort kjent med saka i går.

Han bekreftar overfor NRK at dei hadde ei hending med baugporten på MF «Husøy».

Førsvoll er heilt tydeleg på at dei burde ha varsla Sjøfartsdirektoratet om desse hendingane.

– Vi har vore for dårleg på rapportering til Sjøfartsdirektoratet, og meir opptatt av å utbetre skader. Vi har ein plikt til å rapportere, og det har vi ikkje vore gode nok på, understrekar han overfor NRK.

– Men kvifor har de ikkje varsla?

– Eg vil ikkje skulde på nokon. Då hendinga med baugporten skjedde, blei det vurdert som ei mindre alvorleg hending. Då dei kom til land oppdaga mannskapet at den var større. Då blei den rapportert, men det skjedde for seint.

Konsernsjefen bekreftar også at det var bilar med passasjerar om bord, men understreker at ingen blei skadd.

Politikarar krev gransking

Svært mange blei råka da Sjøfartsdirektoratet onsdag trakk tilbake den såkalla DOC-en (sikkerheitsstyringssertifikatet) til Boreal.

Mellom anna vart 600 tonn laks frå sjømatkonsernet Nova Sea, som skulle ut til kundar i Europa, ståande fast.

Arbeidarpartiet meiner at saka reiser ein del spørsmål som både Stortinget og det norske folk må få svar på.

– Derfor har vi tenkt å utfordre statsråden i Stortinget på dette før Stortinget tar juleferie, seier Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran.

Han vil vite korleis ei ferje kunne gå i trafikk i fire veker med øydelagt baugport over eit av de heftigaste havområda som vi har ferjetrafikk i Noreg – frå Stokkvågen til Træna.

– Vi veit jo alle at den offisielle forklaringa på kvifor passasjerferja «Estonia» forliste og tok med seg 852 menneske i døden, var ein defekt baugport. Hendinga på «Husøy» kan gi ganske ekle assosiasjonar, seier Skjæran.

Hurtigbåter til kai i Bodø etter at Boreal fikk seilingsnekt av Sjøfartsdirektoratet

Boreal sine ferjer og hurtigbåtar er igjen i trafikk, etter at Sjøfartsdirektoratet onsdag ettermiddag gav reiarlaget seilingsnekt på grunn av alvorlege sikkerheitsbrot. Her frå kaia i Bodø.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Han vil også vite kva som ligg til grunn for at Sjøfartsdirektoratet veljar å sette i verk de mest inngripande tiltaka som er gjort overfor norsk sjøfart sidan andre verdskrig.

Også Frp krever gransking.

– Då bør det ligge alvorlege brot til grunn på sikkerheitskulturen til reiarlaget, seier fylkesleiar i Nordland Frp Dagfinn Olsen, som også er los av yrke.

Når ein då nokre timar etterpå har hatt møter med ministeren, og kan byrje å gå igjen, då lurar han på kor trygt det er.

– Var det alvorlege brot? Om det var det, kor trygt er det for dei reisande no, spør Olsen.

Næringsminister Iselin Nybø (V) var sjølv i møte med Sjøfartsdirektoratet i går kveld. Ho seier ho har tillit til direktoratet.

– Det var et drastisk tiltak å legge alle ferjene til kai, det var derfor eg også ynskja eit møte for å få informasjon om tiltaket og tidshorisonten framover. Men det er Sjøfartsdirektoratet som har tatt avgjerda, seier Nybø.

Forsvarar seglingsnekt

Men i dag forsvarar Sjøfartsdirektoratet avgjerda om seglingsnekt.

– Det var ikkje ei lett avgjerd. Men når vi gjennomfører ein revisjon og finn fleire alvorlege hendingar som ikkje er rapportert til oss, kor fleire hadde potensial for alvorleg skade på menneske og materiell, så forsvarar vi det.

Han samanliknar avgjerda med funn av sikkerheitsbrot i flybransjen, og håpar folk har forståing.

– Eg lurer på om folk hadde reagert på same måte om Luftfartstilsynet hadde sett eit flyselskap sine fly på bakken, etter funn av dårleg sikkerheitskultur. Eg trur dei fleste hadde vore nøgd om det hadde blitt gjort, seier Aarhus.

At reiarlaget fekk grønt lys til å segle att same kveld, er ikkje nokon innrømming av at Sjøfartsdirektoratet tok for hardt i, meiner Aarhus.

– Vi ser også at dette fekk store konsekvensar, og tar ikkje lett på legge 50 fartøy til kai. Difor hadde vi også ein beredskap med mange på jobb i går, som var klare til å jobbe med ein plan når vi fekk den frå reiarlaget. Normalt ville vi kanskje ha venta til dagen etter, men her hadde vi folk til langt på natt som jobba med dette saman med reiarlaget, seier Aarhus.

– Er det trygt å reise med Boreal?

– Vi meiner inngrepet i går var riktig, men har sett gjennom planen reiarlaget har levert at dei tar dette på alvor. Difor har dei fått lov til å segle igjen.

Sjøfartsdirektoratet er no i dialog med Boreal om den vidare prosessen.

Har laga ein plan

Konsernsjef i Boreal, Kjetil Førsvoll, understrekar at dei tar tryggleiken på alvor. Selskapet har no lagt fram ein plan for styresmaktene.

– Dette for å forsikre om både eigen organisasjon og Sjøfartsdirektoratet om at vi handterer dei regelkrava vi skal forvalte. Det skal ikkje vere mogeleg at vi ikkje rapporterer, understrekar han.

Ifølge Førsvoll har reiarlaget aldri hatt tilsvarande situasjonar før. Han seier seilingsnekten i går kom «veldig overraskande på».

– Det var mange folk som ikkje kom seg heim i går. Det vil eg beklage.

– Ikkje alle dagar ein er like stolt

Fleire tilsette i Boreal opplevde det som tungt då selskapet fekk seilingsnekt onsdag ettermiddag.

Det fortel hovudtillitsvalt Jørn Halsen i Norsk Sjømannsforbund.

– Då ferjene måtte gå brått til kai, kunne ikkje mannskapa gi frustrerte passasjerar informasjon på ståande fot. Dei fekk kjeft, og opplevde det belastande.

– Det er ikkje alle dagar ein er like stolt av jobbe i Boreal, seier han.

Jørn Halsen

Hovudtillitsvalt Jørn Halsen i Norsk Sjømannsforbund.

Foto: Privat

Han presiserer at det skjer hendinger i alle reiarlag, men at han aldri før har høyrt om ein så omfattande og akutt reaksjon frå Sjøfartsdirektoratet.

Han kjenner ikkje til kva hendinger eller ulykker selskapet ikkje skal ha meldt frå om.

– Boreal har ei ny flåte, og eg har generelt inntrykk av at dei tilsette kjenner at det er trygt å gå på jobb.

Halsen meiner samtidig at dei tilsette er gode på å rapportere inn små og store hendinger.

– Dette er eit stort reiarlag. Avvikssystemet fungerer stort sett, men vi har kunnskap om enkelthendingar. Då er vi opptatt av å vareta våre medlemmer. Vi har kanskje ein del veksesmerter, for vi har vakse enormt mykje dei siste åra.