Hopp til innhold

Hagen din kan bli viktig for å redusere konsekvensen av ekstremnedbør

I framtida vil meir nedbør by på større problem, seier rapport. For å bøte på problemet må vi bevare grønområde i både privat og offentleg regi.

Nordland Kultursenter

FØREBUR SEG: I Bodø har kommunen kome i gang med å stille fleire krav, nettopp for å sikre at ein del areal skal kunne ta imot for eksempel ekstremregn.

Foto: Nordland Fylkeskommune

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Barkebiller, flått, skogbrann, hyppigare ekstremvêr og kraftig auke i nedbør.

Det kan bli framtida for Nord-Noreg dersom vi overskrid 1,5-gradersmålet til FN, ifølge ein fersk rapport.

Og det er sannsynleg at vi gjer, ifølge hjernane som står bak.

Grøne område, som hagen din, kan vere ein del av løysinga.

Til venstre i bildet en grønn plen og store trær i rekker som en alle, i bakgrunnen skimtes en kanal, til venstre fortau og helt til høyre biler i kø.

Grøne område, både mindre hagar og større område, kan bli viktige for å ta imot vatnet som kjem med auka ekstremvêr.

Foto: Anne Ognedal

Klima som ønsker skadedyr velkomen

FN slo fast i september at verda ikkje er i nærleiken av å nå dei internasjonale klimamåla. Organisasjonen uttalte at verda er på veg mot 2,5 grader, og reduksjonen til 1,5 ser ut til å vere langt unna.

No slår ein ny rapport fast at ei slik overskriding blir meir og meir sannsynleg, utan markante kutt i utslepp av klimagassar dette hundreåret.

Allereie no opplever nordområda varmare og kortare vintrar.

I rapporten står det at eit varmare klima vil føre til:

  • Gunstigare klima for skadedyr, som barkebiller og flått
  • Kraftig auke i nedbør og hyppigare ekstremvêr
  • Kortare snø- og skisesong, og meir uføreseielege vintrar
  • Eit auka behov for klimaanlegg som kan sikre god innetemperatur på sjukehus og sjukeheim
Tove Breviks hage

Planter og tre er tørste og kan difor ta inn mykje vatn.

Foto: Håkon Eliassen

Grøne område kan motverke flaum

– Konklusjonen er at stigande temperatur vil bety seriøst trøbbel for folk i nord, særleg i form av meir ekstremvêr og auka nedbør, seier Helena Gonzales Lindberg.

Ho er seniorforskar ved Nordlandsforsking og har utvikla rapporten saman med ei gruppe leiande klimaforskarar, byplanleggarar og ekspertar i klimatilpassing frå ulike land.

– Den største påverknaden som skjer i nord er ekstremvêr i form av mykje meir nedbør enn tidlegare. Då blir det behov for å handtere alt overvatnet, seier Gonzales Lindberg.

Særleg to ting blir viktige:

  • Å behalde den vegetasjonen som finst
  • Ikkje fjerne og bygge vekk naturen i byane
Helena Gonzales Lindberg

Forskar Helena Gonzales Lindberg seier at eit varmare klima vil ha langsiktig effekt på økosystem og menneskelege aktivitetar.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Alle tre og plantar sug inn vatn frå bakken. I tillegg blir vatn drenert ned gjennom jorda, i motsetnad til asfalt, seier Gonzales Lindberg.

For Nord-Noreg blir det utfordrande å tilpasse den spådde temperaturauken lokalt, forklarar forskaren. Det er fordi arktiske strøk blir vama opp tre gongar så fort som andre plassar verda.

Områda er ofte privateigde

I Bodø er grøne område svært fragmenterte og oftast i privat eige, noko som kan by på konfliktar i framtidige spørsmål om for eksempel byggeprosjekt.

– Per i dag er det få byplanleggarar som rutinemessig vurderer konsekvensane av mogleg temperaturauke over 1,5 gradar, seier Gonzales Lindberg.

I PROVIDE-prosjektet samarbeider forskarane med Bodø kommune for å sjå på korleis ein kan tilpasse seg endringane.

Men kan kommunane regulere kva privatpersonar gjer med eiga mark?

Stiller fleire krav til private

Kristin Stavnes Jordbru, leiar for by utvikling i Bodø kommune, forklarar at dei no stiller fleire krav enn før.

Ifølge Stavnes Jordbru har kommunen allereie starta med å førebu seg på overflaumen av vatn som er spådd å kome.

– Vi har vedtatt vår første temaplan for overvatn, som forskarar korleis Bodø kommune og samfunnet skal svare på dette.

Leiar for byutvikling i Bodø kommune, Kristin Stavnes Jordbru

Dette gjeld i hovudsak praktiske krav for større utbyggingstiltak, meir enn eit tiltak på ein einebustad-tomt, forklarar Kristin Stavnes Jordbru.

Foto: Per-Inge Johnsen / Per-Inge Johnsen

I temaplanen er det innført krav om at det skal reknast på ein såkalla blågrøn faktor, i alle reguleringsplanar som blir klart for utbygging.

Det betyr kor mange grøne og blå faktorar ein tilfører eller fjernar ved eit prosjekt, altså ei oppteljing på vegetasjon og vatn i byggesaker. Denne faktoren blir rekna etter ein norsk standard.

– Eit døme er å innføre grøne element med å ta ein del av tomta til parkformål, eller etablere plen, tilføre tre og ikkje lukke ein bekk som for eksempel går på eigedomen din.

– Er det snakk om oppmodingar eller reguleringar?

– Dette er krav som er vedtatt i kommuneplanens areal del som er juridisk bindande avgjersler som må følgast når utbyggarar lagar reguleringsplanar for utbygging.

Les også Gammel eik fikk senket høyden på sykehjem

Gammel eik

Stavnes Jordbru påpeikar også at dette er eit reiskap for byggesaksbehandling. Det betyr at det i stor grad ikkje handlar om anbefalingar.

– Vi har kome eit godt stykke på veg med å stille krav, også til dei private.

Dette er relativt nytt for kommunen. Det vart ikkje gjort til eit juridisk bindande krav før juni 2022.

MDG: – Må slutte å bygge ned grøntareal

Partileiar i Miljøpartiet Dei Grøne, Arild Hermstad, fortel at dei jobbar med å bygge fleire grønområde i alle kommunar der dei kan styre og påverke. Spesielt fordi vi står midt i ei naturkrise der tap av natur forsterkar klimaendringane, meiner han.

Byråd Arne Hermstad (MDG) Oslo

Arne Hermstad i MDG.

Foto: NRK / skjermdump

– Grøne område er viktige både for miljøet og for folk, fordi dei skapar gode bumiljø, mindre stress, auka livskvalitet og faktisk gir betre helse.

– Er det riktig at store delar av grøne område er privateigd?

– Det viktigaste er at grøne område blir forvalta på ein god måte, ikkje kor vidt dei er offentleg eller privat eigde. Så er det viktig for myndigheitene å seie nei til skadelege utbyggingsprosjekt, enten det er på offentlege eller private tomter der natur og viktige biologiske verdiar vil gå tapt.

Korleis skal byane best møte utfordringa med mykje overvatn?

– Vi treng tydelege krav og kompetanse ved utviklinga av norske byar som tar omsyn til klimarelaterte utfordringar som vil auke i framtida. Krav om auka tal grøntareal som skal eksistere der folk bur, og tydelege retningslinjer som gjer at nedbygginga av natur i byområde blir stansa.

Les også Mener titusener av dødsfall kunne vært unngått med mer grønn natur

St. Hanshaugen

Les også Norsk selskap planter trær i Afrika: Vil ikke vise klimaregnskapet sitt

Planteskog med eukalyptus i Mosambik.