Noreg har truleg nådd smittetoppen av koronaviruset. Det vart klart onsdag førre veke.
Og med fleire smitta er det også fare for at fleire vil slite med sjukdommen lenger.
Men legar som jobbar tett med covid-19 seier at dei ser eit mønster hos dei som har seinfølger, eller long covid:
Dei overvaker symptoma for mykje.
Dei meiner sjukdomsforløpet vert kortare om ein er mindre redd.
– Vil ikkje vere i denne situasjonen
Men dei som har hatt sjukdommen allereie meiner det blir for enkelt å seie.
– Eg har ikkje noko ønske om å vere i denne situasjonen. Eg vil berre tilbake i full jobb og fungere normalt, seier Solveig Blomstrøm Nordbø.
Lille julaftan 2020 blei Nordbø (32) smitta av korona. Ho håpa det skulle gå fort over. Men det gjorde det ikkje. No har ho hatt korona i over eit år.
Dei første månadane var sjølv enkle gjeremål var utmattande.
– Eg klarte ikkje å sitte oppreist lenge nok til å gjennomføre eit zoom-møte, fortel ho.
I dag jobbar ho 50 prosent. Men ho skulle gjerne ha jobba meir. Om ho hadde klart det.
– Det er betre no, men det har ikkje sleppt taket. Det er superfrustrerande.
Bekymringar og stress forverrar symptoma
Vegard Bruun Wyller, er professor ved UiO og ein av dei fremste forskarane på seinfølger av covid-19, også kalla long covid, i Noreg.
– Årsaka er samansett, men bekymringar og stress ser ut til å både forlenge og forverre symptoma, fortel Wyller.
Også Signe Flottorp, forskingssjef ved FHI, fortel at om ein overvaker symptoma for mykje kan sjukdommen vare lenger.
– Å vere redd for å få plager kan i seg sjølv forsterke og halde ved like symptoma, seier ho.
– Då høyrest det ut som om dei med long covid er hypokondrar. Er dei verkeleg det?
– Det er ikkje slik at ein skal kjenne på skam for ikkje å ha blitt frisk. Det er ein balanse. Viss ein verkeleg slit kan ein ikkje bere ta seg saman, seier Flottorp i FHI.
Hjernen feiltolkar sjukdommen
Wyller forklarar at symptoma frå long covid kan henge saman med endra koplingar i hjernen.
– Det er ikkje noko som er nokon sin skuld, eller noko ein innbiller seg. Hjernen overvakar kroppen heile tida. Av og til vil han oppfatte ting feil.
Om dette er tilfellet, må hjernen verte trent opp igjen. Og då treng hjernen anna erfaring.
Og her kjem merksemda ein gir sjukdommen inn, ifølge Wyller.
– Det betyr at det kan vere fornuftig å bruke kroppen forsiktig. Då vil hjernen gradvis lære at det går bra.
Utfordringa for legane er å formidle dette til folk, utan at dei som er sjuke føler at det ikkje vert tatt på alvor.
– Kjipt å høyre
Nordbø stiller seg kritisk til legar som seier at etterverknadene er meir framståande hos folk som fryktar covid.
– Eg synest det er litt kjipt å høyre. For min del var det først då eg aksepterte situasjonen at eg klarte å bli betre, seier ho.
Sidan sjukdommen er usynleg vert det vanskeleg for folk som slit med sjukdommen lenge å få forståing for det.
For at Nordbø skulle bli friskare måtte ho gjere mindre. Ho måtte respektere avgrensingane som sjukdommen gav.
Usynleg – men ikkje noko du innbiller deg
Flottorp i FHI peiker på at fysiske og psykiske symptom vert sidestilt i legevitskapen i dag.
– Det er avleggs å tenkje at noko er anten fysisk eller psykisk. Korleis vi opplever ting har med medvit å gjere.
– Hovudet er ein del av kroppen, og det går ikkje an å skilje det.
– Kvifor verkar det då som at usynlege sjukdommar ikkje er like «ekte» som synlege?
Wyller ved UiO trur årsaka til at folk skammar seg meir over sjukdommar ein ikkje kan sjå, blant anna kjem frå helsevesenet sitt behov for å måle alt.
– Om du ikkje har ein blodprøve eller ein røntgen som er unormal, verkar det som at dette er noko du innbiller deg. Det er frustrerande for pasientane.
– Har du vondt ein stad er det ikkje noko du innbiller deg.
Nokon blir friske av å gjere mindre
Kvar helseregion pliktar å ha eit opplegg for pasientar med seinfølger etter covid. Maja Wilhelmsen er overlege på seinfølgeklikken ved Universitet i Nord-Norge (UNN).
– Nokon pasientar har veldig mykje frykt. Difor jobbar vi med å formidle at seinfølgar er noko dei ikkje kontrollerer med å skru heilt ned aktiviteten.
Overlegen fortel at for dei fleste er det best at dei held oppe aktivitet i kvardagen.
– Eg trur etterverknadene kan vare kortare om ein ikkje er så redd.
Men for nokon, slik som Nordbø, handlar det ikkje om å gjere meir, men å gjere mindre, eller gradere aktiviteten.
– For mange handlar det om å jobbe med å akseptere at dei no har litt nedsett funksjon. Dei kan ikkje kvile seg friske, men må gradere seg oppover til normalt aktivitetsnivå, seier Wilhelmsen.