Hopp til innhold

Frp-politikar vil ha Forsvaret til å stenge grensa til Noreg

Over heile landet har folk sett bilar med utanlandske skilt og møtt turistar på tur. Ein stortingspolitikar frå Frp vil at Forsvaret fysisk skal stengje grensene.

Hanne Dyveke Søttar, Frp

Stortingsrepresentant Hanne Dyveke Søttar frå Frp meiner Heimevernet bør stå på grensene til Noreg.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Hadde eg fått vilja mi, hadde grensene vore stengde i dag.

Hanne Dyveke Søttar er stortingsrepresentant for Framstegspartiet i Nordland. Ho er frustrert over å sjå turistar frå andre land feriere i Noreg.

No har ho stilt spørsmål til justisminister Monica Mæland om grensene kan stengjast heilt for turistar.

– Skal vi ha stengde grenser, so må vi ha stengde grenser. Om dei ikkje har kapasitet til å stå og passe på, då må dei sperre grensa fysisk, slik at ingen kjem seg inn. Vi må få attende Heimevernet og Sivilforsvaret som stod der tidlegare, seier Søttar.

Eit kjend fenomen

Den 15. juni vart kravet om ti dagar karantene oppheva for tilreisande frå ei rekke land, mellom anna Finland, Danmark og Island. Turistar frå andre land, til dømes Sverige, vert vist bort på grensa – om grensa er bemanna då turistane kjem.

Men det herskar forvirring kring korleis turistane skal handterast og kven som er ansvarlege for det.

Lokalt politi, Helsedirektoratet, Justisdepartementet, UDI, Politidirektoratet – peikefingrar går i alle retningar, men det er enno ikkje klart kven som skal handtere eventuelle turistar frå andre land enn dei det er opna for.

– Kven er det som har ansvar for å syne bort utlendingar på grensa? No er det jo campingplasseigarar og innbyggarane som må syne bort utlendingane, og det kan absolutt ikkje vere rett, seier Søttar.

Justisdepartementet treng tid

Då ein minister får eit skriftleg spørsmål frå ein stortingsrepresentant, har hen seks arbeidsdagar på å gje eit skriftleg svar. Til vanleg plar ikkje ministrar eller departement å uttale seg om spørsmål som det Søttar no har stilt, før eit slikt skriftleg svar ligg klart.

– Først må departementet og ministeren ta imot og sjå på brevet. Først då kan det bli aktuelt å kommentere innhaldet, seier kommunikasjonsrådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet Raheela Chaudhry.

Sjølv meiner Søttar at seks dagar er for lenge, og ynskjer ei stenging av grensa med det same.

Men no har altso justisminister Monica Mæland fram til neste veke å kome med eit svar på stortingsrepresentanten sitt spørsmål.

Monica Mæland snakker i en mikrofon på en pressekonferanse.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix