Hopp til innhold

Forventar å vinne i retten

Ordføraren i Hemnes meiner Terra-kommunane har ein god sak, når dei no saksøker Citigroup.

Terra-ordførere i møte med kommunalministeren 12.februar 2008.

Terra-ordførere rustar til ny kamp, denne gongen mot Citigroup. Biletet er frå eit møte med kommunalministeren 12.februar 2008.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Om vi ikkje meinte vi hadde ei god sak, så hadde vi sjølvsagt ikkje stilt oss bak eit slikt søksmål, seier ordførar Kjell Idar Juvik (Ap) i Hemnes.

I dag blei det kjent at konkursboet etter Terra Securities saman med sju av de såkalla Terra-kommunane saksøker den amerikanske finansgiganten Citigroup for over 200 millionar dollar, eller omlag 1,2 milliardar kroner.

- Eg føler vi ikkje hadde gjort jobben vår, om vi ikkje hadde gjort dette, seier Juvik.

Hemnes kommune sitt att med eit tap på 69, 5 millionar kroner etter Terra-skandalen. No forventar dei å få pengane tilbake. Også Hattfjelldal, Rana, Narvik, Bremanger, Vik og Kvinesdal stiller seg bak søksmålet. I tillegg har også Haugesund tapt store pengar på Terra-saken.

- Skjulte informasjon

Det er den amerikanske finansgiganten Citigroup som står bak lånepakken knytt til verdipapira som ble selt til kommunane gjennom Terra Securities.

Kommunane meiner, saman med bubestyraren etter Terra Securities, at Citigroup satte saman eit produkt som dei ikkje fortalte om risikoen ved.

- Vi meinte vi gjekk inn i ei konservativ investering, og det viste det seg jo at det ikkje var. Men det gjekk ikkje fram i noko av materialet vi vart presentert verken muntleg eller skriftleg frå Citigroup, seier Juvik.

Det er boet etter Terra Securities som har tatt initiativ til søksmålet. Bubestyrar for konkursbuet, advokat Jon Skjørshammer hos advokatfirmaet Selmer seier dei har undersøkt saka grundig før dei valde å gå til søksmål.

- Vi har oppdaga desse feila, og lagt dei fram for ekspertar i inn og utland. De seier at dette er feil som ikkje skulle ha skjedd i denne typen produkt. Då meiner eg som bubestyrar at det er mi plikt overfor kredittorane å prøve om det gir grunnlag for ei erstatning som kan komme dei til gode, seier han.

– Norske reglar vil ikkje gjelde

Men førsteamanunsis Hugo Matre ved Universitetet i Bergen, trur det blir vanskeleg for dei å nå fram med søksmålet.

– For det første så går sikkert denne rettsaka i engelsk rett, for det er vanleg at desse bankane krev å bruke retten i sitt eige heimland, slik at dei vanlege norske reglane vil ikkje gjelde, seier han.

Matre påpeikar at dette er profesjonelle partar, og at det dermed ikkje vil vere aktuelt med noko form for forbrukarvern.

– For det andre er det slik at den aktive part i salet har vore Terra-meklarane, og ikkje den utanlandske banken som har stått for finansieringa, seier han.

Risikerer større tap

Terra-kommunane er allereie saksøkt av DnB Nor, fordi dei har nekta å betale tilbake pengane dei lånte frå banken. I tillegg er Narvik og Haugesund kommunar involvert i ei rettssak mot irske Depfa Bank i London, knytt til utlån i samband med investeringane i amerikanske verdipapir. Såleis kan gjelda til kommunane vekse betrakteleg om dei ikkje vinn fram med krava.

Kjell Idar Juvik i Hemnes seier han ikkje er bekymra når kommunane no går til nok eit søksmål mot ein finansgigant i samband med Terra-saka.

- Saka skal gå i amerkansk rett sidan søksmålet er retta mot Citibank sitt hovudkontor i New York. Då snakkar vi om brot på amerikansk verdipapirlov.
Det er alltid ein risiko ved å gå til søksmål. Men i denne saka er at det er buet sine midlar vi satsar. Det betyr at om vi tapar, så vil det blir mindre igjen i buet, men det vil framleis vere 300 millionar kroner igjen, seier han.

Det er førebels ikkje klart når ei eventuell rettssak mellom buet og Terra-kommunane, og Citigroup vil starte.