Hopp til innhold

Fødselstala stuper – overlege ber foreldre «planlegge» mindre

Maren og Petter planla sitt første barn som et av de stadig færre barna født i 2022. Overlege Anne Eskild meiner overdriven planlegging er blitt et problem for samfunnet.

Mor og far holder sønn som går i sklia.

OMBESTEMMER SEG: Når skal dei sette i gang med eit barn nummer to? Foreldreparet Maren Victoria Pettersen og Petter Næss blir ikkje heilt einige med seg sjølve.

Foto: Elise Angermo Fossland / NRK

Det er født langt færre barn i fjor enn året før.

Sjølv om tala for desember enno ikkje er klare, ligg det an til ein rekordstor nedgang i tal fødslar frå eitt år til eit anna.

Med 2021 som eit unntak, har det vore ein nedgåande trend dei siste ti åra.

4666 færre fødslar

Det var født 48.133 barn i Noreg ved utgangen i november i fjor. Det er 4666 færre enn på same tid i 2021. Totalt i 2021 var det 56.676 fødslar.

I løpet av november 2022 har 3543 barn blitt født. Det er det lågaste talet så langt i fjor, ifølge tal frå Medisinsk fødselsregister.

Her er ei oversikt på fødde barn prioritert frå flest til færrast til og med november 2022:

  • Viken: 10.543
  • Oslo 7836
  • Vestland: 5809
  • Rogaland 4715
  • Trøndelag 4265
  • Vestfold og Telemark 3183
  • Agder 2790
  • Innlandet 2748
  • Møre og Romsdal: 2156
  • Troms og Finnmark: 2001
  • Nordland: 1911

Les også Har ingen god forklaring på hvorfor nordlendingene føder flere barn

Et par sitter i en sofa med to nyfødte barn i armene.

Meiner støtteordning favoriserer enkelte

– Utviklinga er særleg alvorleg i distrikta, seier Anne Eskild, ved Kvinneklinikken ved Akershus Universitetssjukehus.

I Finnmark er tal fødslar nesten halvert sidan 90-talet. Og den einaste plassen der tala ikkje går nedover er det sentrale Austlandet.

Difor innførte regjeringa gratis barnehage i Finnmark og Nord-Troms frå tusenårsskiftet. Eskild er spent på om det kan hjelpe.

Les også Sandra frykter dårlige tider – vil sterilisere seg etter sin andre fødsel

Sandra er gravid med sitt andre barn, og skal sterilisere seg etter fødselen.

Ho meiner hovudproblemet er ei ordning med foreldrepengar som favoriserer godt vaksne kvinner i godt betalte jobbar, som ikkje er så fruktbare lenger:

– Det er meiningslaust. Då er ordninga med foreldrepengar best for 50-åringar. Den bør vere best for dei som er mest fruktbare, ein må jo spele på lag med biologien.

Toppe: – Urovekkande tal

Barne- og familieminister frå Senterpartiet Kjersti Toppe seier støtta til både studentar og andre kvinner som ikkje har rett til foreldrepengar er blitt betre.

– Men den favoriserer dei som er etablerte og har gode lønningar. Det blir stadig fleire som gjer seg nytte av ordninga.

Kjersti Toppe

VENTAR SVAR: Dersom regjeringa får kunnskap som omhandlar dei utanfor arbeidslivet, meiner Toppe at regjeringa bør sjå på kva som kan gjerast for å støtte desse familiane betre enn i dag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Utviklinga er alvorleg, meiner Toppe.

– Eg synest det er urovekkande at fødselstala blir så låge. I regjeringa er vi ekstra bekymra for nedgangen i distrikta.

– Kva vil regjeringa gjere for å snu trenden med få fødslar i landet?

– Vi ønsker å legge til rette for ein aktiv barnepolitikk. Vi ser på utviklinga i nedgang fødslar og vil gå inn i dei tala for å få meir kunnskap om kva som er årsaka. Så vil vi gjere dei økonomiske prioriteringane vi kan.

– Seier du at støtta til dei som vel å få barn, men som er utanfor arbeidslivet, bør aukast?

– Vi ventar på ei utgreiing kor vi får meir kunnskap om kva som kan vere årsaka til dei trendane vi ser no.

Endrar meining kvar dag

25 år gamle Maren Victoria Pettersen og 27 år gamle Petter Næss i Bodø fekk sonen Johannes på byrjinga av fjoråret.

Dei ville ha barn og køyrde tilnærminga skjer det så skjer det.

– Så skjedde det litt fortare enn vi tenkte kanskje, seier Pettersen.

Mor og far leker med sønn i en sklie

Foreldreparet Maren Victoria Pettersen og Petter Næss med sonen på sklia i open barnehage i Bodø.

Foto: Elise Angermo Fossland / NRK

– Kva tenker de om å få fleire?

– Vi endrar meining dag for dag. Vi lurer på om vi skal få ut alle på ein gong, eller om vi skal vente til han er blitt litt meir sjølvstendig, seier Næss.

– Men vi vil i alle fall ha ein til, legg Pettersen til.

– Kva tenker de om at det blir færre fødslar her i distrikta, men også på landsbasis?

– Det gjeld ikkje akkurat oss, men det handlar nok kanskje litt om sentralisering og at ein må reise langt for å få hjelp, svarar Næss.

Les også Ingrid måtte kjøre flere timer alene med en død baby i magen – fødeavdelinga var stengt

Ingrid Leiråmo fra Dønna kjøre alene helt til Mo i Rana med et dødt barn i magen

Medan han peikar på ønsket om å først stabilisere seg med utdanning og jobb, peikar kjærasten på økonomien.

– Så er det veldig dyrt. Det er jo noko med at vi skal forsørgje dei også. Og hjelpe dei inn på bustadmarknaden når dei blir eldre.

Tidlegare blei fleire til på slump

Barne- og familieminister Kjersti Toppe frå Senterpartiet kallar det alvorleg.

Anne Eskild, professor og avdelingsoverlege for Kvinneklinikken ved Akershus Universitetssjukehus likar heller ikkje utviklinga.

Ho seier det er langt færre i dag som blir gravid «på slump».

Overlege og professor på kvinneklinikken på Ahus, Anne Eskild

Overlege og professor på kvinneklinikken på Ahus, Anne Eskild.

Foto: Dang Thrin / NRK

– Det er kanskje kontroversielt å meine, men det er ikkje nødvendigvis så gale å bli gravid på slump.

Ho forklarar dette med at den generelle haldninga i dag er at alle barn skal planleggast.

Og no har ein subsidiert unge kvinner med prevensjon. Dette er ofte sikker prevensjon som ikkje er brukarstyrt og som har lite feil.

Ho meiner overdriven planlegging kan vere ei medverkande årsak til at unge kvinner føder færre barn.

– Så kan det vere forskjell på ikkje planlagt og uønskt graviditet, sjølvsagt.

Ho viser til overdrivne forventingar i dag om at ein kan bli gravid i høg alder.

– Kanskje ein planlegg seg vekk frå det å få barn. Altså at det kan vere for seint når ein ønsker seg barn.

Les også Menn vil ha færre barn enn kvinner: Kan vere årsak til låge fødetal

Marion Mitchell, Milian, Julian og Ørjan Øye Haug

– Verdt det

I Bodø er foreldreparet Pettersen og Næss klare i si sak.

Det skal i alle fall bli eitt barn til, sjølv om det er både strevsamt og dyrt.

– Det er lett for oss som har barn å seie at det er verdas beste ting i livet å ha. Kanskje tenker andre at dette er ei stor påkjenning meir enn den store kjærleiken ein kan ha.

– Men det er verdt det, seier ho.

– Men det veit ein ikkje før ein har fått ein, avsluttar han.

Les også Instrumentet blei utvikla i romartida: – Det er lite innovasjon innan kvinnehelse

Gynekologisk spekulum