Menn vil ha færre barn enn kvinner: Kan vere årsak til låge fødetal

Fødetala i Noreg har aldri vore lågare. Ei ny undersøking viser at menn sine ønske kan være ein del av forklaringa. Det har vore for stort fokus på kvinner sine ønske, meiner forskar.

Marion Mitchell, Milian, Julian og Ørjan Øye Haug

TO BARN: Marion Mitchel og Ørjan Øye Haug, med sønene Milian og Julian.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Dei siste ti åra har fødetala i Noreg sokke kvart einaste år. Trass i at regjeringa har oppfordra nordmenn til å få fleire barn, for å vege opp for ei stadig eldre befolkning.

Marion Mitchel og Ørjan Øye Haug er foreldre til Julian og Milian. Som tobarnsforeldre ligg dei midt på gjennomsnittet for norske foreldre. For å nå regjeringa sitt mål om auka fødetal, bør dei helst få eitt barn til.

Både Mitchell og Øye Haug er usikker på om dei ønsker fleire barn i framtida.

– Ein må ha både tid og pengar, og alt det der. Det er travelt med barn, seier Mitchell.

– Og no trivst vi godt med desse to, legger Øye Haug til.

Kva er det som er så flott med å ha barn?

– Det er at vi får vere med dokke så masse, seier Ørjan Øye Haug, medan han ser ned på sønene sine.

Samlet fruktbarhetstall (SFT)

SSB sin kurve over Samlet fruktbarhetstall (SFT) i perioden 1970–2018. I 2018 var fruktbarheitstalet 1,56 barn per kvinne. Foto: SSB

Foto: SSB

Menn ønsker færre barn

Menn ønsker i snitt 2,09 barn, medan kvinner ønsker i snitt 2,36 barn. Det kjem fram i ei ny spørjeundersøking frå Institutt for samfunnsforsking. Undersøkinga er ein del av prosjektet «Årsaker til frukbarhetsfallet». 7 794 har deltatt i spørjeundersøkinga.

Det vanlegaste for menn og kvinner er å få to barn, men særleg kvinner ønsker seg eit tredje barn, ifølgje rapporten.

Forsker Sara Cools, Institutt for samfunnsforskning

Forskar Sara Cools ved Institutt for samfunnsforsking.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

– Det er der nedgangen i fødetala har vore, at familiar sjeldnare får tre barn, seier Sara Cools, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.

Kvinner med barn som ønsker seg fleire, oppgir partnar som årsak for at dei stoppar. Spør ein menn om det same, svarar dei at årsaka er at dei sjølv ikkje vil ha fleire barn. Menn ønsker oftare enn kvinner ikkje å få barn i det heile tatt, dette gjeld spesielt dei yngste.

Flest kvinner opplever press frå samfunnet

Ifølgje studien opplever menn oftare enn kvinner press frå partnaren om å få fleire barn. Samtidig opplever kvinner eit større press frå samfunnet om å få barn.

– Dersom forskarar konkluderer med at menn sine ønske om barn er ein årsak til at fødetala søkk, er det viktig at ein nøstar meir i dette for å finne årsakene til det, seier Linda Marie Rustad i Kilden kjønnsforskning.

Linda Marie Rustad

SER STØRRE: Linda Marie Rustad i Kilden Kjønnsforskning ønsker mindre fokus på kjønn i fruktbarheitsdebatten.

Foto: KILDEN KJØNNSFORSKNING.NO

Ifølgje Rustad har det blitt forska lite på menn sine ønske og rolla deira for å få barn tidlegare. Ho meiner det kan det løne seg å sjå meir på kva tiltak som skal til for menn for å få fleire barn

– For menn med barn er dei økonomiske tiltaka viktigast, medan for kvinner handlar det i større grad om tiltak som gir meir tid, seier Cools.

I undersøkinga kjem det fram at gratis barnehage og gratis SFO av kvinner utan barn og av menn blir sett på som dei viktigaste tiltaka for å gjere det meir attraktivt å få fleire barn. For menn er i tillegg tiltak som auka barnetrygd viktig. Kvinner er meir opptatt av kortare arbeidstid og lengre ferie.

SISTE NYTT

Siste meldinger