Hopp til innhold

Annika fortel i kortfilm at ho og sonen heldt på å døy: – Kvit propaganda, seier ekspert

I kampen for akuttkirurgi har tidlegare pasientar laga video om korleis sjukehuset i Narvik redda livet deira. Men er dette propaganda?

Annika Rose Jensen og familien står foran hav og fjord i Narvik.

Annika Rose Jensen og sonen Mateo hadde sannsynlegvis ikkje vore i live i dag om sjukehuset i Narvik ikkje hadde akuttmottak. No håper ho ein ny kortfilm vil redde denne funksjonen ved sjukehuset.

Foto: Michael Ulriksen

14. juni 2021 kom Annika Rose Jensen inn på sjukehuset i Narvik som ein helt vanleg andregongsfødande.

Ho venta sonen Mateo.

Alt såg heilt normalt ut heilt til midt på natta. Då la Mateo seg på tvers i magen.

Livmorveggen haldt på å breste. Plutseleg blei det veldig akutt.

– Eg blei sendt ned på operasjonsstua for eit katastrofekeisarsnitt.

Der henta dei ut ein livlaus gut.

Annika Rose Jensen gir sønnen Mateo en stein som han kan kast i havet bak dem.

Mateo, sonen til Annika Rose Jensen, er no ein frisk og rask gut på to og eit halvt år.

Foto: Michael Ulriksen

– I ettertid har eg skjønt at både mitt og hans liv sto i fare, seier Jensen.

– Utan den akuttmedisinske beredskapen i Narvik hadde verken eg eller Mateo kome heim.

Annika Rose Jensen er ein av fire tidlegare pasientar ved sjukehuset i Narvik som har fortalt sin historie framfor kamera.

Det blei til ein kortfilm som fekk om lag ein halv million visningar berre dei første døgna på sosiale medium.

Kampen om sjukehusstruktur i nord spissar seg til.

Men er videoar som denne eigentleg propaganda?

Her kan du sjå eit kort utdrag av filmen om tidlegare pasientar ved UNN Narvik.

Propaganda eller informasjon?

Dette er ikkje første gong det blir laga film om ein konfliktsak.

Ein av landets mest profilerte dokumentarfilmskapar, Håvard Bustnes, lagar mellom anna film om vindkraftkonflikten på Fosen.

I tillegg finn ein fleire videoar om denne konfliktsaka i sosiale medium.

Så kva er informasjon og kva er propaganda?

– Så lenge informasjonen er korrekt, vil eg seie videoen frå Narvik er kvit propaganda.

Det seier David Erland Isaksen, førsteamanuensis ved USN Handelshøgskulen.

Propaganda blir ofte brukt som eit skjellsord. Men det er ulike grader av propaganda.

NRK forklarer

Kva er dei ulike typane propaganda?

Kva er dei ulike typane propaganda?

Kvit propaganda

Kvit propaganda er propaganda som gir att korrekt informasjon, og er sannferdig om kva opphav informasjonen har.

Likevel er informasjonen vinkla og det er berre eit utval av sannheitar og kjelder.

Det er dette førsteamanuensen meiner produksjonen av filmen om dei tidlegare pasientane ved sjukehuset i Narvik er.

Kva er dei ulike typane propaganda?

Grå propaganda

Grå propaganda er ein blanding av løgn og sanning om både informasjon og opphav.

Informasjonen kan vere korrekt, men opphavet kan vere skjult.

Eller det kan bli presentert direkte løgnar, men dei kan ha eit sannferdig opphav.

Dette bildet frå propagandakanalen Al Hol.

Kva er dei ulike typane propaganda?

Svart propaganda

Svart propaganda er direkte løgnar og oppdikta historier som står fram som ekte.

Ofte skjuler denne typen propaganda sitt opphav.

Førsteamanuensis ved USN Handelshøgskulen, David Erland Isaksen, fortel at det er denne type propaganda det ofte blir avdekka at Vladimir Putin driv med.

– Om det er eit medvit og systematisk forsøk på å forme verkelegheitsoppfatninga er det propaganda, fortel Isaksen.

Definisjonen av propaganda er nemleg ganske klår.

Ein medvit og systematisk forsøk på å forme virkelegheitsoppfatninga, manipulere erkjenninga og styre adferd for å fremmje ein respons i tråd med propagandisten sitt mål.

Jowett og O’Donnel

– Det vil i høgaste grad videoen laga for sjukehuset i Narvik gjere. Han kallar til handling og viser til ein viss verkelegheitsoppfatning.

Samstundes peiker han på at videoen er godt laga og kan vere eit legitimt bidrag i debatten som eit partsinnlegg.

Men om det berre er denne sida som blir vist fram, og alt blir emosjonelt, meiner han den demokratiske diskusjonen kan lide.

David Erland Isaksen. Førsteamanuensis ved USN Handelshøyskolen, Institutt for økonomi og IT ved Campus Bø

– Også korleis ein journalist til dømes framstiller ei sak på kan vere ein form for propaganda, seier David Erland Isaksen, førsteamanuensis ved USN Handelshøgskulen.

Foto: Kaja-Lena Isaksen / Privat

– Kva effekt har slike videoar?

– Dei fungerer best dersom folk allereie er einige, men treng ein ekstra dytt for å kome seg opp av stolen, seier Isaksen.

– Kan det vere farleg?

– Ja, det er lett å manipulere kjensler. Ofte kjenner du deg nesten forplikta til å føle noko.

Isaksen seier at ein har sett mykje av det same i vindmølledebatten, slik som den på Fosen.

Les også Isaksen: – Fosen-saken er ikke løst

Ella Marie Hætta Isaksen snakker til aksjonistene utenfor slottet.

Når slike videoar blir delte og trendar på sosiale medium, har det slagkraft med ein gong, fortel han.

– Om nok folk «kastar seg på» på nett og vil noko, skjer det ofte, seier han.

– Om ein ikkje har eit sterkt motargument tidleg nok, har ein ofte allereie tapt fordi den andre sida har bygd seg opp eit slikt momentum.

– Håper galskapen skal stoppe

Årsaka til at filmen blei publisert no, er at NRK førre veke fekk lekka eit utkast som seier at Helse Nord vil avvikle akuttkirurgi i Lofoten og Narvik.

Men fotograf og filmprodusent Michael Ulriksen meiner ikkje at filmen er propaganda.

– Formålet med filmen er å vise kva dette handlar om, nemleg liv, helse og tryggleik, seier Ulriksen.

Bilde av filmsettet der Annika Rose Jensen og familien står på ei strand i Narvik med hav og fjell i bakgrunn

Fotograf og filmprodusent Michael Ulriksen og hans kollega filmfotograf William Jacobsen jobba i tre veker med å lage kortfilmen om menneskehistoriene frå sjukehuset i Narvik.

Foto: Michael Ulriksen

Filmen har han laga saman med filmfotograf William Jacobsen, med økonomisk stønad frå næringsaktørar i Narvik.

Ulriksen og Jacobsen meiner Helse Nord framstiller saka om omstrukturering av sjukehusstruktur med rekneark, der ein agerer ut ifrå økonomisk balanse eller ubalanse.

– Men det er ekte menneske, med ekte historier og ekte kjensle som har hatt livsnødvendig hjelp av ein operativ akuttberedskap. Kor mykje er liva til disse verdt? spør Ulriksen

– Vi håper at filmen kan vere noko som samlar alle gode krefter saman, og at menneske i posisjon til å ta avgjerd i saka ser videoen og bruker historiene som element i deira vurdering, legg han til.

Fotograf og filmprodusent Michael Ulriksen har blå boblevest og blå skjorte. Han står ute og har mørkt hår og briller.

– Filmen viser kor symbolsk de er med denne begynnande nedlegginga i nord. Det gir ei slags forståing om kva myndigheiter og folk trur om framtida her oppe, seier Michael Ulriksen.

Foto: William Jacobsen

Sjølv om desse historiene kjem frå sjukehuset i Narvik, seier filmprodusenten det var viktig for dei at kortfilmen representerer alle lokalsjukehusa som no kan miste tilbod.

– Dette er bodskapen og kampen vi alle kjemper. Denne filmen ser det frå Narvik sitt perspektiv, sidan vi jobbar i Narvik og har mest innsikt her.

– Men vil ikkje ein slik film forsøke å få Helse Nord til å velje Narvik framfor Lofoten eller sjukehusa på Helgeland?

– Vi håper berre at denne galskapen skal stoppe. Viss folk skal bu her, må vi sørge for dei basale behova, seier filmskaparen.

Helse Nord: – Tar med oss innspela

Jan Eskil Severinsen, kommunikasjonsrådgjevar ved Helse Nord, skriv i ein e-post til NRK at endringar i helsetenester alltid vil skape debatt.

– Det er vi glade for at det gjer. Vi tar med oss innspela i arbeidet vi gjer.

Det er styret i Helse Nord som skal bestemme om forslaget til ein herskapeleg plan skal bli vedtatt eller ikkje. Det skjer på styremøtet 9. januar.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol på plass i Lofoten, Gravdal

Ingvild Kjerkol er Helse- og omsorgsminister. I starten av desember var ho på sjukehuset i Gravdal i Lofoten for å høyre dei tilsette sine meiningar om saka.

Foto: Vilde Bratland Erikstad

Deretter skal planen på høyring i åtte veker, før Helse- og omsorgsdepartementet får saka.

– Kvifor vurderer de å ta bort akuttmedisinsk beredskap når det er så viktig for folk i Narvik?

– Oppdraget frå Helse- og omsorgsdepartementet er å sørge for ein berekraftig spesialisthelseteneste i Nord-Noreg i framtida. Då må det bli tatt nokre val som ikkje alle vil vere einige i. Det har vi forståing for, skriv Severinsen.

Les også Stort opprop fra leger over hele landet: Vil starte Helse Nord-prosessen på nytt

Jan Håkon Juul

Hold på å blø i hel

Jens Inge Fjellheim fortel også si historie i kortfilmen.

Han ramla om i april 2021. Fjellheim hadde ein blødande aneurisme og hasteoperasjon måtte skje umiddelbart.

Då han vakna, fekk han vite at han hadde overlevd mot alle odds.

Jens Inge Fjellheim frå Narvik er ein av dei fire personane som har fortalt sine personlege historier i filmen om sjukehuset i Narvik. Han hadde døydd om sjukehuset ikkje hadde hatt akkuttfunksjonar.

Jens Inge Fjellheim frå Narvik hadde mista fire og ein kvart liter blod, og hadde ikkje overlevd om det ikkje var akuttberedskap i Narvik.

Foto: MICHAEL ULRIKSEN

– Det er spesielt å fortelje historia framfor kamera. Du lever det litt om igjen, sjølv om du har fått det på avstand, seier Fjellheim.

I etterkant har han fått høyre at historia hans har rørt mange.

– Eg håper at denne filmen bidrar til at dei skal ombestemme seg og sjå alvoret i å legge ned ei akuttavdeling i Narvik, seier han og legg til:

– Det burde landet Noreg ha råd til.

Også Annika Rose Jensen håper filmen gjer at Helse Nord snur, og at dei får behalde sjukehuset slik det er i dag.

– Eg håper at fordi vi har vore opne om det vi har vore med på, kan bidra til å berge livet til nokon andre.

Les også Helse Nord: Vil avvikle akuttkirurgi i Lofoten og Narvik «under tvil»

Nordlandssykehuset Lofoten på Gravdal

Les også Jordmødre vurderer å slutte: – Føles ikke trygt

Jordmødrene Ida Nyström og Mille Olsen står sammen på en fødestude på Gravdal sykehus i Lofoten. I bakgrunn er et juletre og en stjerne i vinduet