Hopp til innhold

Fiskar blei hetsa då han fekk spekkhoggar i garnet: – Ein blir berre trist

Ein fiskar frå Bodø fekk spekkhoggar i garnet. Han trur mange held slik fangst hemmeleg for å unngå sjikane. Professor ved UiT meiner det er bekymringsverdig.

Spekkhogger i garnet, Geir Løpsmark

Her er fiskaren Geir Løpsmark og spekkhoggaren som døde etter at den vikla seg inn i fiskegarnet til Løpsmark. Fiskaren fryktar at folk ikkje melder frå om slike hendingar fordi folk kjem med truslar og hets på nettet.

Foto: Privat

– Det er ikkje noko ein ønsker å få. Ein blir jo litt trist. Det er ikkje difor ein set garn i sjøen, seier fiskaren Geir Løpsmark.

Løpsmark var ute og fiska sei onsdag i førre veke. På veg ut såg han ein flokk med spekkhoggarar utanfor Skivika i Bodø.

Han har sett spekkhoggarar fleire gonger dei siste vekene.

– Eg tenkte at spekkhoggarar er så store, at dei får eg ikkje i garnet.

Drukna i garnet

Utpå ettermiddagen hadde han dratt nesten alt garnet sitt. Det var berre to garnlenker igjen.

Då han stoppa maskina som drar opp garna såg han spola til ein spekkhoggar som stakk over ripa.

Det var Avisa Nordland som først omtalte den uheldige fangsten.

– Det var berre eit ungdyr. Ein kalv. Eg håpa at han var levande, men dei treng jo luft. Det var allereie for seint.

Løpsmark måtte berre skjere spekkhoggaren laus.

– Er det noko ein kan gjere for å hindre at ein får spekkhoggar i fangsten?

– Nei, den spekkhoggaren har vikla det tjukke flytetauet til garnet rundt halefinnen. Det klarte han ikkje å slite av.

Spekkhogger i garnet

Den unge spekkhoggaren led ein tragisk skjebne.

Foto: Privat

– Vanlegare enn ein trur

Sjølv om det ikkje har skjedd Løpsmark før trur han det kan vere vanlegare enn ein trur.

– Dei fleste fiskarane seier ikkje noko om det, men berre skjer han laus. Eg trur det er vanlegare enn ein trur.

– Men kvifor er det ikkje fleire som fortel om det då?

Spekkhogger i garnet

Her ser ein berre halen til spekkhoggaren, som tragisk nok døde da den vikla seg inn i et fiskegarn.

Foto: Privat

– Eg går rundt og er nervøs no. Etter at eg tok opp spekkhoggaren på land, får eg masse stygge meldingar og telefonar frå miljøvernarar og andre.

I sommar fekk fiskaren ein håbrann i garnet. Då skjedde det same.

– Det er ein utilsikta fangst. Det er eit dyr som har vore veldig uheldig, og eg ha vore like uheldig.

Spekkhoggarkalven øydela to garn. Men det bryr ikkje fiskaren seg om.

– Det er ein utgift for meg, men det garnet skiter eg i. Ein blir berre trist.

Problematisk netthets

Audun Rikardsen er professor i marinebiologi ved UiT og anerkjent naturfotograf.

Han kjenner seg igjen i de sjikanerande meldingane som fiskaren har fått, og seier at det kan vere problematisk for arbeidet mot å få ned dødsfalla.

– Det er ikkje så vanleg at spekkhoggarar går i garn, men vi veit at det skjer, og kanskje også oftare enn man trur. Det er synd at fiskarar skal få så mykje sjikane på nettet. Dette kan føre til at folk sluttar å rapportere om døde spekkhoggarar i fiskereiskap.

Rikardsen har både fått hatmeldingar sjølv, og han kjenner fleire fiskarar som er blitt utsett for det same. Han seier at spesielt spekkhoggarar er et sårt tema for mange.

Audun Rikardsen

Audun Rikardsen, professor, biolog og naturfotograf.

Foto: Privat

– Eg har sjølv opplevd å få truslar, fordi folk ikkje skjønner hensikta med forskinga vår. Det er viktig at folk rapporterer om disse funna, for elles vil vi aldri få vite om det faktiske omfanget slik at vi kan sette i verk riktige tiltak.

Håper på løysning

For rundt et år sidan vart det påbod om såkalla «pingere» som skal gi ut ein lyd som skremmer vekk nise frå fiskegarn.

Dette er derimot berre påbod i Vestfjorden mellom 1. januar og 30. april. Dessutan sår biologen tvil om lyden har innverknad på spekkhoggarar.

– Vi veit at det går 3–4000 niser i norske garn kvart år, men det er ikkje sikkert at lyden som skremmer bort niser vil ha same effekt på andre typar kval.

Nå skal forskarane ved UiT og Havforskningsinstituttet forske på kva slags lyder som kan skremme nettopp spekkhoggarar bort frå fiskebåtar.

– Vi har et prosjekt der vi skal teste ut ulike typar lyd der vi skal sjå om vi kan halde knølkval og spekkhoggar unna fiskebåtar. Ingen fiskarar ønsker denne situasjonen, så vi jobbar med å finne ein løysing, sjølv om vi veit at det kan bli vanskeleg.

Ble våt av plasket.

Ble våt av plasket.