Hopp til innhold

Færre døyr i brann – røykvarslar redda Hilde og Kjetil då huset tok fyr

I 2023 døydde 34 personar i brann. Det er det nest lågaste talet sidan ein byrja å føre statistikk.

Hilde Jenny Oskarsen og mannen Kjetil Willumsen

Hilde Jenny Oskarsen og Kjetil Willumsen er svært glad for at dei hadde røykvarslar då dei trong det som mest. Jula har dei feira i ei leigd leilegheit.

Foto: Privat

Førjulstida vart forvandla til eit lite mareritt for Hilde Jenny Oskarsen og Kjetil Willumsen i Steigen kommune i Nordland.

Då Hilde bakte julekaker på kjøkkenet, og paret pynta til jul, oppdaga ho og sambuaren Kjetil ei rar lukt i huset. Det lukta verken vedfyring eller brende julekaker.

– Brannvarslaren gjekk, men vi merka ikkje noko røyk. Vi gjekk ut på kjøkkenet og slo av brannvarslaren.

Sambuaren gjekk ned i underetasjen, og det gjekk ikkje lange tida før han brølte opp at Hilde måtte kome seg ut.

Huset sto i full fyr, og røyken velta ut døra.

– Etter 25 minutt var nesten heile huset overtent. Vi vart sende til legevakta og kom tilbake etter noko tid. Det var ein slitsam affære, seier Hilde.

Enebolig overtent i Leinesfjord i Steigen

Bustaden til Hilde Jenny Oskarsen og Kjetil Willumsen byrja å brenne i slutten av november 2023.

Foto: Nordland politidistrikt

Nest lågaste

Sambuarparet kunne ikkje gjere noko då flammane slukte huset og alle minna som Kjetil Willumsen har bygd opp sidan 1992.

– Brannfolket hadde aldri opplevd at det var så overtent og at det brann så lenge. Eg vel å fokusera på at vi begge er her, også tek vi nedturane som kjem etter jul, seier Oskarsen.

I år feira dei jul som vanleg i ei leigd leilegheit. Og at dei berga livet, er dei ikkje åleine om.

Men ikkje alle er like heldige.

I romjula omkom ein person etter ein brann på Sunnmøre. Tilsaman 10 personar omkom i brann i desember

Statistikk frå DSB viser at det omkom 34 personer i brann fordelt på 24 menn og 10 kvinner.

Dette er det nest lågaste talet sidan DBS byrja å føre statistikk i 1979.

Året med flest omkomne var i nettopp 1979. Då omkom 91 personar. Neste på lista er i 2008, då omkom 82 personar.

Johan Marius Ly er avdelingsdirektør i DSB, og meiner tala først og fremst er gode nyheiter.

Ser vi på tala for dei to siste tiåra, peikar pilene nedover takka vere eit målretta samarbeid mellom brann- og redningsvesenet, el-bransjen, forsikringsbransjen og styresmaktene. Men det er tragisk at mange menneske framleis omkjem i brann.

– Kva er det slags tiltak og fokus som de tenkjer har bidrege til å få ned desse tala?

– Viss eg skal peika på ei sak som er den viktigaste, så er det at det er veldig stort fokus på det å ha røykvarslar. Det er krav om at alle skal ha røykvarslar, éin i kvar etasje.

Les også Evakuerte får flytte heim etter brannen i Brønnøysund

Brann i Brønnøysund

Hovudårsaka er open eld

Eitt av tiltaka er også batteribytedagen på røykvarslarar, og førebyggjande arbeid hos risikogrupper.

– Spesielt i regi av dei lokale brann- og redningsavdelingane.

Ly seier at det er éin ting som forårsakar mest dødsbrannar i Noreg.

– Hovudårsaka er open eld.

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Johan Marius Ly er avdelingsdirektør i DSB

Foto: Anita Andersen (DSB)

Det kan vere gjennom røyking, bruk av stearinlys og så vidare. I desember med julefeiring og i januar er folk meir inne. Folk koser seg med levande lys, tenner opp i peisen og bruker meir elektrisk utstyr enn elles i året.

Alt dette utgjer ein større og ekstra risiko for brann, seier han.

Han tilrår først og fremst å byta ut levande stearinlys med ledlys, eller liknande.

– Og aldri ha opne flammar som ikkje er under oppsyn i huset.

Les også Hilde hoppa frå altanen då huset stod i full brann: – Det heile gjekk så fort

Hilde Jenny Oskarsen og Kjetil Willumsen

Fleire menn døyr

I rapporten til DSB står det at 75 prosent av dei som omkjem i brann er frå gruppa eldre, pleietrengande og rusmisbrukarar.

Ly seier at både familie og kommunale tenester kan gjere mykje for at desse skal bli mindre representerte i statistikken.

– Det er å sjekka at røykvarslar fungerer, har nytt batteri, og at tilstanden i heimen er bra. Ta ein ekstra sjekk slik at tryggingsrutinar knytte opp til opne flammar og levande lys er følgt, eventuelt byt dei ut med ledlys.

Hytte brann ned palmelørdag i Lødingen i Nordland.

Ei hytte som brann ned i Lødingen, palmelaurdag tidlegare i år. Heldigvis var det ingen som omkom i denne brannen.

Foto: Jens Andre M. Birkeland

I tala for dei to siste åra ser ein at ei overvekt av dei som omkjem i brann er menn.

I 2023 omkom 22 menn, ni kvinner og to ukjente.

Også i 2022 var det ein overvekt av menn som døydde

– Det er menn som omkjem hyppigast, samanlikna med kvinner. Årsaka til det, veit vi ikkje. Sannsynlegvis fordi at dei rett og slett er meir utsett enn kvinner er, generelt sett.

DSB jobbar for å finna svar på nettopp det spørsmålet, som dei håpar kan kome tidleg på nyåret. 9 av 10 som omkjem i brann gjer det i eigen bustad.

– Dette kan gi oss betre oversikt og betre grunnlag for å i verkssettet målretta
til førebyggjande tiltak nettopp mot dei som er mest utsett.

Les også Over 30 dyr brant inne i fjøs i Nordland

Brannvesenet jobber med slokking av en fjøs som brant ned til grunnen.

Pass på brannfaren i vinterkulda

Hilde og Kjetil er svært glad for at dei hadde røykvarslar når dei trong det som mest.

– Ære vere at vi hadde ein brannvarslar, for viss ikkje så kunne vi stått i stova medan det brann under oss. Vi kunne kanskje ikkje ha merka noko før vi hadde ramla igjennom golvet, seier Hilde.

Ho legg til at mange i kommunen no har byrja å sjekke at dei har alt på stell med brannsikkerheita.

For brannfaren aukar mot vinteren som følgje av at vi oftare er heime i bustadene våre.

Vi brukarar meir open varme som stearinlys og fyrar i peisen, samtidig som vi lagar meir mat og oftare er samla i store grupper.

Salten Brann IKS oppmodar alle til å mellom anna ha brannøvingar i heimen.