Hopp til innhold

Ida (8) sløkte brannen og redda hunden då ho var åleine heime

Ida lukta seg fram til kor det brann mens mamma og pappa var vekke. Å bruke brannsløkkingsapparat hadde ho lært på TV.

Ida (8) sløkte brannen og redda hunden sin Scarpa då ho var åleine heime. Her frå ein hausttur med hunden Scarpa <3 <3

– Eg var redd for at huset skulle brenne ned, seier Ida på åtte år som fekk sløkka brannen og redda hunden Scarpa. Det lærte ho på NRK Super. – Vi blir kjempestolt, seier programredaktøren.

Foto: Privat

– Eg var redd og stressa. Og så var eg heilt aleine.

Det seier åtte år gamle Ida Myrlund Haugum frå Mo i Rana.

Etter at ho var komen heim frå skulen den siste måndagen i januar kjende ho at det lukta litt brent.

Ho følgde lukta opp trappa, og utanfor hunderommet høyrde ho knitring.

Då ho opna døra såg ho at det brann.

– Hundesenga sto i fyr og flamme, seier Ida.

Ida (8) sløkte brannen då ho var åleine heime

Bjørnis-bamsen fekk Ida av brannmannskapet etter hendinga.

Foto: Privat

Tok saka i eigne hender

Då sprang ho inn på badet og henta vatn, men det hjelpte ikkje på flammane.

– Då gjekk eg ned å henta brannsløkkingsapparatet. Det var veldig tungt. Vi har også ei lang trapp, men eg var så stressa at eg fekk det opp.

Oppe fekk ho lett tatt ut sikringa på apparatet, men ho sleit med å få laus slangen.

– Men med eit uhell så trykte eg på knappen og då spruta det over heile golvet.

Til slutt fekk ho laus slangen og gjekk inn på hunderommet og starta sløkking.

Ida (8) sløkte brannen og redda hunden sin Scarpa då ho var åleine heime. Frå ein hausttur med hunden Scarpa.

Ida redda den seks månadar gamle kvalpen Scarpa.

Foto: Privat

– Du er helten

Ida var kjemperedd for for den seks månadar gamle kvalpen Scarpa som var inne på rommet det brann.

– Ho hadde spurta ut av døra og gøymde seg under sofaen utan at eg visste det.

På grunn av innsatsen til Ida står huset på Mo og ingen vart skada.

Men Ida måtte ha ei natt på Helgelandssjukehuset fordi ho hadde pusta inn mykje røyk, medan Scarpa fekk ein sjekk hos veterinæren.

Ida (8) sløkte brannen då ho var åleine heime

Her ser Ida gjennom alle teikningane ho fekk frå folk i klassen etter brannen.

Foto: Privat

– Du er helten, seier innsatsleiar Per Skotnes ved Rana brann og redning til Ida.

Det skriv Rana Blad, som omtalte saka først.

Skotnes seier ho gjorde alt rett og at hennar innsats berga huset frå omfattande brannskadar.

– Det som imponerer meg mest er at ho tek seg inn i eit rom med full fyr i hundesenga og angrip flammane med brannsløkkingsapparatet, seier han til avisa.

Høyr Ida framføre songen om korleis ein kontaktar naudetatane:

Du lærte en sang en gang?
Ja! Brann er ikke tull, du må ringe 110
Har du fått en tyv på do, må du ringe 112
Har du veldig vondt et sted, må du ringe 113
Det er lett å huske deeet

Lært av NRK Super

– Kor har du lært å bruke brannsløkkingsapparat?

– Det har eg lært på NRK Super, svarar Ida.

Der har ho sett programmet «Verdens beste SFO».

Det syns programredaktør i NRK Super, Siril Heyerdahl er heilt fantastisk.

– Vi blir kjempestolt når vi høyrer dette. Det at vi har bidratt og inspirert til god brannsløkking, det er kjempefint.

Les også Færre døyr i brann – røykvarslar redda Hilde og Kjetil då huset tok fyr

Hilde Jenny Oskarsen og mannen Kjetil Willumsen

Ho seier at dei i NRK Super har ein visjon om at alt dei lagar skal styrke barn sine evner til å meistre livet.

– Det er ikkje slik at dei skal lære av alt vi lagar, men det skal romme nokre verdiar om at ein skal forstå samfunnet, seg sjølv eller andre. Det ligg under alt, sjølv om det skal også skal vere kjekt, seier Heyerdahl.

6 milliardar i skadeerstatning

Rolf Søtorp, administrerande direktør i Norsk brannvernforeining, seier at forskinga viser at dette i alle tilfelle handlar om å ha forstått og øvd seg på noko.

– Så eg trur ikkje dette er ein heilt vanleg åtteåring for å seie det slik. Men det er mange åtteåringar som har utvist handlekraft. Det ser vi i samanheng med drukning og i mange ting, seier han.

Han fortel at norske forsikringsselskap betalar ut rundt 6 milliardar kroner i året på skadeerstatning.

Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening

Rolf Søtorp i Norsk brannvernforeining.

Foto: Norsk brannvernforening

– Det brenn framleis alt for mykje og for veldig store verdiar.

Når det er sagt, har Noreg eit breitt arbeid som systematisk jobbar med ungar og inn i vaksen alder, seier Søtorp.

– Det er det som over lang tid har ført til at vi har færre skadar enn våre naboland og andre land i Europa som ein samanliknar seg med.

Les også Aksels (5) mysterium har ført til endring i svensk historie

Aksel

Bidratt til at andre har brannøving

Mor til Ida, Lisbeth Myrlund, synest ho var kjempeflink.

– Eg er kjempestolt over ho. Samtidig tenker eg på korleis det kunne ha gått. Det er jo veldig skremmande, seier mamma Lisbeth Myrlund.

– At ho verkeleg gjorde det, at ho var å henta brannsløkkingsapparatet og starta sløkkinga, det hadde eg ikkje trudd.

– Er dette noko de har fokus på heime, eller er det rett og slett veldig god opplæring frå NRK Super?

– Eg må nok takke NRK Super for den, seier ho med ein latter og legg til:

– Men no skal vi ha brannøving heime.

– Og så trur eg kanskje vi skal kjøpe eit litt lettare brannsløkkingsapparat som er litt lettare å handtere.

Ifølge mora er det fleire som har hatt brannøving heime etter hendinga.