Hopp til innhold

Evakuerte får flytte heim etter brannen i Brønnøysund

Dei fleste bebuarane frå dei sju bustadene som blei evakuert fredag kveld får no flytte tilbake. Men det er framleis sløkkingsarbeid på staden.

Brann i Brønnøysund

Brannen har spreidd seg raskt, opplyser politiet. Naudetatane er på staden.

Foto: Politiet

Fredag kveld meldte politiet i Nordland at det brann i ein verkstad i Nordbygda i Brønnøysund.

Det var ein nabo i området som varsla politiet.

Laurdag skriv politiet at dei evakuerte no får flytte heim til bustadene, bortsett frå ei adresse som ligg nærmast brannstaden.

– Det er gjort ein del tiltak på tomta som gjer at vi kunne opne vegen og dei husa som låg lengst unna. Faren for ein eksplosjon blir redusert time for time i takt med avkjølinga, seier operasjonsleiar Kai Eriksen ved politiet i Nordland.

Politiet har no god kontroll på brannstaden, men på grunn av ei uavklart gassflaske spylar dei framleis vatten på området.

– Det er snakk om fleire timar før ein kan gjere nærare undersøkingar.

Vegen forbi ulykkesstaden, fylkesveg 17, er no opna igjen for ferdsel.

Slik såg det ut då forbipasserande køyrde forbi området tidlegare i kveld. Foto: Privat.

Frykta eksplosjonsfare

Laurdag morgon seier politiet til NRK at det framleis blir ettersløkka på branntomta.

I tillegg fryktar ein at ein gassbehaldar kan eksplodere.

– Det er ei gassflaske som ein ikkje har heilt kontroll på. Derfor held vi fram med sikkerheitssona på 300 meter og skal kjøle alt ned. Det kan fort ta fleire timar, seier operasjonsleiar Kai Eriksen i politiet.

Brannen i omkringliggande vegetasjon minkar og blir overvaka av brannvesenet. Per no er det ikkje spreiingsfare.

– Vi har starta med den taktiske etterforskinga, og så vil vi gå over til teknisk etterforsking når det vil vere mogeleg å bevege seg inn på brannområdet. Men ifølge brannvesenet vil det ikkje vere mogleg endå, seier Eriksen.

– Full overtenning

– Vi fekk melding 21.26 om at det var brann i ein verkstadbygg i Brønnøysund. Når dei kom dit ser dei at det er full overtenning.

Det sa Veronica Nylund, operasjonsleiar i politiet i Nordland, fredag kveld.

Evakuerte fleire bustader

– Det er ein verkstad med ukjent kva som kan vere inne i den med tanke på eksplosjonsfare. Så vi har sett sikkerheitsavstand på 300 meter i radius av verkstaden, seier Nylund.

Politiet har ingen informasjon om kva årsaka er per no.

– Vi var raskt på staden, men det brenn godt der, opplyste Nylund.

Politiet har ikkje fått informasjon på at det skal ha vore folk i garasjebygget.

Det er mykje røyk i området, viser bildene frå NRK-journalisten som ventar utanfor avsperra område.

Frå det avsperra området på staden kan ein sjå at det er mykje røyk i området, og fleire brannar på avstand.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Kommunen ordnar overnatting

Som følge av evakueringa har kommunen ordna med lokale til dei evakuerte.

– Kommunen har ordna overnatting til dei evakuerte viss det trengst og vi har dialog med politiet, opplyser ordførar Eilif Trælnes i ei tekstmelding.

Ifølge politiet vil ni menneske få tilbod av kommunen.

– Vi ser på moglegheitene for å få folka på nordsida, altså feil side, gjennom innsatsområdet på ein trygg måte, seier operasjonsleiar Bech.

Brønnøysund er ein by og administrasjonssenteret i Brønnøy kommune i Nordland.

Ingen skadde

Han forklarar at dei ikkje har fått melding om at nokon skal vere skadde.

Politiet vil halde oppe sperringane inntil vidare, opplyste dei natt til laurdag.

– Det vil vere unaturleg å be dei om å kome tilbake klokka 04 i natt. Dei har fått eit anna butilbod, så får vi sjå kor lenge vi er avhengige av å halde oppe desse sperringane.

– Per no har vi fokus på å sløkke brannen som er der. Så vil politiet sette i verk ei etterforsking for å avklare brannårsak. Men vi har fokus først no på at vi får slått ned alle overflatene.

Videoen er tatt frå området som politiet har sperra av på grunn av sikkerheitsomsyn. Foto: Ole-Christian Olsen.