Hopp til innhold

Hilde hoppa frå altanen då huset stod i full brann: – Det heile gjekk så fort

Mens Hilde Jenny Oskarsen bakte til jul gjekk brannalarmen. No er huset brent heilt ned.

Hilde Jenny Oskarsen og Kjetil Willumsen

Huset til Hilde Jenny Oskarsen og sambuaren tok fullstendig fyr natt til torsdag. Begge kom frå det med liva i behald.

Foto: Øyvind A. Olsen / Avisa Nordland

– Det som er mest skremmande er at det gjekk så fort. Det er heilt sjukt, eg har ikkje ord.

Hilde Jenny Oskarsen stod og steikte julekaker onsdag kveld.

Før ho visste ord av det stod nesten heile huset i brann.

Men det var ikkje på grunn av steikinga at det tok fyr.

Oskarsen fortel at ho merka ei ukjent lukt ho før brannalarmen gjekk.

– Det lukta liksom ikkje steikte kaker. Heller ikkje slik som når du brenn i omnen. Det var ei annan lukt.

Enebolig overtent i Leinesfjord i Steigen

Slik så det ut heime hos Hilde Jenny Oskarsen og sambuaren i natt. Paret var tilbake på tomta si torsdag morgon.

Foto: Nordland politidistrikt

Avisa Nordland omtalte historia først.

Måtte hoppe frå altanen

Då mannen, Kjetil Willumsen, skulle ned trappa til kjellaren var det ein vegg av røyk som slo han i ansiktet.

Mannen ropte at ho måtte komme seg ut. Sjølv brukte han ytterdøra.

Oskarsen klarte å få tak i telefonen som låg på stovebordet før ho hoppa ned frå altanen.

Utan noko som helst anna, berre i sokkelesten.

– Frå brannvarslaren peip til vi var ute, så trur eg det gjekk under fem minutt, altså, det var så kort tid, seier Oskarsen.

Ho fortel at etter allereie fem minutt stod store delar av huset i flammar.

– På 20 minutt var halve huset overtent, seier Oskarsen.

– Kan ikkje sitte med hovudet i fanget

Paret har fått mykje støtte frå folk rundt seg det siste døgnet.

– Vi har fått mykje god støtte rundt om kring. Folk er veldig støttande.

Og sjølv om det er trist å tenke på alt dei har mista rett før jul, ser Hilde allereie no framover.

– Det får vi ta igjen forhåpentlegvis til neste år. Ein kan ikkje sette seg ned med hovudet i fanget. Vi er i live.

Aller først må dei handle klede, mens dei bur i hytta til Hilde si dotter.

Vidare skal politiet forsøke å finne ut årsaka til brannen, som starta i kjellaren.

Ingen menneskeliv trua av brannen

Brannvesenet jobba heile natta for å få kontroll på brannen.

Tore Nordli i brannvesenet hadde dialogen med dei som var involvert i hendinga. Det var sist torsdag morgon rett over klokka seks.

På det tidspunktet var det aller meste av brannen sløkkje på staden.

Han forklarar at dei tidleg fekk avklart at ingen menneske var trua av brannen.

– Så vi køyrer ikkje oppsetta våre med livreddande innsats, for då er det ein litt annan rutine.

Ambulansen kom til staden før dei og melde vidare at det var snakk om ein godt utvikla bygningsbrann.

– Men så viste det seg dessverre at det var mykje is i elva og redusert vassføring på grunn av det.

Difor måtte dei kalle ut ein branntankbil med 10.000 liter vatn på Innhavet.

– Men i dette tilfellet så hadde ikkje det noko å seie for utfallet.

Vidare er det politiet som tar seg av etterforskinga for å finne årsaka til brannen.

Pass på brannfaren i vinterkulda

Brannfaren aukar mot vinteren som følge av at vi er meir heime i bustadene våre.

Vi brukar meir open varme som stearinlys og fyrer i peisen, samtidig som vi lagar meir mat og oftare er samla i store grupper.

Salten Brann IKS oppfordrar alle til å ha brannøving i heimen.

Desse råda kan vere nyttige:

  • Sørg for at du har tørr ved, god trekk og at pipa er rein.
  • Sjekk at den elektriske julebelysninga ikkje er skada når du tar det ned frå loftet.
  • Gå aldri frå levande lys eller peis.
  • Sjekk at røykvarslar og brannslokkar fungerer.
  • Slå av apparat, som for eksempel fjernsynet, når du ikkje brukar det.
  • Ver merksam og reager raskt om det skjer noko på kjøkkenet