Hopp til innhold

Erna Solberg: – Å styre vasskanonen med joysticken var nesten som å spele eit spel

Statsminister Erna Solberg er på rundreise i Nord-Noreg, og i dag fekk ho prøve seg som brannmann på Noregs Brannskule i Tjeldsund ved Harstad.

Erna Solberg sløkkjer ein brann

FULL GUFFE: Statsministeren fekk prøve seg som brannmann på Noregs Brannskule i Tjeldsund ved Harstad. Her sløkkjer ho ein simulert flybrann.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Denne rundreisa viser det innovative og nyskapande Nord-Noreg, samstundes som vi får nyte våren her nord, seier statsministeren.

Programmet til statsministeren er like tettpakka som ein opplevingsferie.

Dei siste dagane har statsminister Erna Solberg vore på rundreise i Nordland og Troms. På programmet står alt frå grilling til demonstrasjonar av militært utstyr og opning av settefiskanlegg.

– Det er alltid hyggjeleg å reise til Nord-Noreg. Det er også mykje spanande som skjer, smiler Solberg.

Per-Willy Amundsen sløkkjer ein oljebrann

GRASROT-ERFARING: Justus- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen fekk prøve å sløkkje ein oljebrann. – Han er jo ansvarleg for dette, og no kan han det i praksis også, ler statsminister Erna Solberg.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Vil auke brannkompetansen

Ein viktig stopp på turen var Noregs Brannskule. Her prøvde både stats- og beredskapsministeren seg i eit viktig yrke. Og bak spakane til landets mest moderne brannbil sat Solberg sjølv.

Brannbil sløkkjer brann

ØVER: Slike øvingar driv dei med på Noregs Brannskule, og skal førebu elevar på ekte hendingar.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Det var kjekt. Å styre vasskanonen med joysticken var nesten som å spele eit spel, ler Solberg.

– Vi vil det skal vere ei god og systematisk utdanning for brannfolk frå heile landet, slik at fagmiljøet og kompetansen vert endå betre enn den er i dag, seier Solberg.

Tek med seg historier til Oslo

Statsministeren sitt program er tett og fastsett på klokkeslettet. Det fører til at det vert kort tid på kvar av postane.

– Du brukar jo ikkje mykje tid på kvar av desse plassane. Kva er det som sit att etter ein slik turné?

– Eg hugsar godt møter med menneske og fysisk aktivitet, som å sløkkje ein brann. Det er annleis enn ein kvardag der eg sit på møter og diskuterer politikk, seier Solberg.

– For dette er kanskje litt kjekkare?

– Dette er då eg seier at #statsministerenleikar, ler Solberg.

Erna Solberg vitjar spesialstyrkane på Ramsund

TESTAR MILITÆRUTSTYR: Statsministeren vitja også Ramsund Orlogstasjon, forsyningsbasen til Sjøforsvaret i Nord-Noreg.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix