Hopp til innhold

Reagerer på bålforbod: Meiner DSB driv med skremselspropaganda

Du kan fyre bål om sommaren. Men friluftslektor meiner DSB skremmer folk frå å kose seg rundt flammane.

Bål

FORBOD: Sølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann.

Foto: Inger-Lise Hansen

Bålkos er noko mange nordmenn set pris på.

Men på sommarhalvåret er det ikkje nødvendigvis så lett å skjønne når det er lov å fyre opp eit bål.

– Eg trur mange ikkje tør å tenne bål, seier Odd Lennart Vikene. Han er høgskulelektor og undervisar i idrett, kroppsøving og friluftsliv ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Han meiner brannetatane og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gløymer å formidle at det ikkje er eit totalforbod.

Det er nemleg eit generelt bålforbod som gjeld frå 15. april til 15. september. Men sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann.

Dette kan til dømes vere viss det ligg snø på bakken, eller at det har regna i lang tid.

 Odd Lennart Vikene

Odd Lennart Vikene meiner DSB driv med skremselspropaganda.

Foto: Privat

– Eg trur folk flest høyrer det som står først og så tør dei ikkje fyre bål. Ein skal rett nok ha respekt for brann og dei konsekvensane det kan ha, men det er synd viss folk blir livredde for å fyre bål under forhold der det openbert er greitt, seier han.

– Bombastisk skremselspropaganda

– Det blir ofte litt bombastisk skremselspropaganda, seier høgskulelektoren.

Han meiner det er klart folk flest blir litt skeptiske. Enkelte plassar står det at dersom bålfyring fører til utrykking, så kan ein risikere å betale bot eller fengsel.

– Det er ganske alvorlege truslar.

Visste du at det er lov å fyre opp bål på sommeren?

Han strekar under at ein naturlegvis skal ta branntryggleik på alvor, men meiner DSB burde bruke meir energi på å formidle kva som er trygg og god bålfyring, ikkje berre fokusere på at det er eit forbod.

– Skal ein forby alt? Det å fyre bål har vore ein lang og god friluftstradisjon. Det er litt synd viss vi skal setje ned forbod mot det.

Vikene har også skrive ein kronikk om temaet i Utemagasinet.

Hindre at skog og mark tek fyr

Vaktleiar ved 110 i Nordland, Andreas Skindlo, opplever ikkje at folk mistolkar lova.

– Dei fleste eg kjem i kontakt med ringer for å fortelje at dei skal tenne bål. Då gjer vi dei merksame på dei lovene og reglar som gjeld, seier Skindlo.

Det er veldig sjeldan folk ringer til dei i samband med eit lite kaffibål. Om nokon ringer handlar det som regel om bål som kan forvekslast med brannar, ifølge Skindlo.

– Det er for å hindre at det skal ta fyr i skog og mark der det er kan vere tørt gras, spesielt no som vi har det gamle graset frå i fjor.

Eit glødande og oransje bål brenner i skogen

Dersom nokon bryt det som i lova, som er omtalt som plikt til varsemd, kan ein straffast med bot eller fengsel. 

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Men skal du ha eit kaffibål eller noko liknande, skal du alltid kunne sløkkje det sjølv.

Skindlo seier også at det viktig å tenkje på at du ikkje lagar bålet for nær brennbart materiale. Det skal heller ikkje vere til sjenanse for andre.

Les også Advarer mot skogbrannfare i store deler av landet

Gult farevarsel

Kan true liv og helse

Det er rett at det er lov å tenne bål om sommaren, men på stader der ein brann ikkje kan oppstå. Det er fastsett i forskrifta om brannførebygging, ifølgje avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Johan Marius Ly.

På den andre sida så var det 1275 brannar i inn- og utmark i 2022. Bål og menneskeleg aktivitet er den vanlegaste årsaka til skogbrannar, seier Ly og legg til:

Eitt bål kan starte ein brann som kan bli stor, og som kan spreie seg til å true liv, helse, eigedom og kritisk infrastruktur.

Ly seier dei forstår at det generelle bålforbodet kan verke avgrensande for båltenning, men intensjonen i lova er å førebyggje skogbrann.

Det er ingen intensjon om å hindre all bålbrenning, men å leggje til rette for at bålbrenninga kan gjennomførast på ein så trygg måte som mogleg, slik at ein kan redusere faren for skogbrann. Vi trur at folk flest både forstår og aksepterer at det er viktig å unngå brannar i skog og mark.

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Ein skogbrann kan true liv, helse og materielle verdiar. Det kan føre til ein ressurskrevjande og risikabel sløkkjeinnsats for brannfolk, sivilforsvaret og andre, seier Johan Marius Ly i DSB.

Foto: Pressefoto

I periodar med ekstraordinær tørke kan kommunen lokalt innføre totalforbod mot all bålbrenning utandørs, også på dei godkjende plassane, seier han.

– Om ein straffereaksjon er for streng skal ikkje eg vurdere. Det er viktig at alle opptrer slik at brannar blir unngått og varslar raskt til 110 viss ein brann skulle oppstå. Er du i tvil på om det er for tørt, så la vere.