For åtte månadar sidan blei Ukraina invadert av Russland.
Sidan den gong har brannstasjonar og brannmateriell vore eit strategisk mål i Ukraina.
Det er stort behov for norske pensjonerte brannbilar.

Sløkker ukrainske brannar med norske brannbilar

– Ikkje ein hobby, men ulønt arbeid for å redde liv.

– Den nye russiske strategien ser i aukande grad ut til å ramme sivil infrastruktur. Det kan sjå ut til at brannberedskapen blir sett under eit alvorleg press, seier forskar og oberstløytnant, Tormod Heier.

– Dersom ukrainske brannbilar blir tatt ut, vil ein viktig ressurs forsvinne frå sivilsamfunnet. Dette er fordi brannbilar og brannmannskap er viktige for søk og redning, ikkje minst av uskuldige sivile som har blitt råka i sønderskotne hus og bustadblokker.

Over 1700 brannbilar er utsletta av russiske styrkar.

– Russarane har gått målretta mot brannvesen og alt anna av beredskap, seier Joakim Sandodden frå organisasjonen Norsk Ukrainsk brann- og ambulansestøtte.

På den vesle øya Herøy i Nordland har dei i lang tid hatt to gamle brannbilar.

– Vi fann ut at det var behov for ein ny kombibil her på Herøy, seier brannkonstabel Odd Arne Svinøy.

– Det er veldig kostbart å ha to bilar. Difor fann vi ut at vi ønskte oss ein bil som var kombinert tankbil og brannbil, legg kollegaen hans Timo Taidla til.

Då trong dei ikkje lenger dei gamle bilane.

Men det gjorde Ukraina.

Difor har dei no sendt dei to pensjonerte brannbilane sørover.

– Ein brannbil og ein tankbil er no på tur til eit nytt liv i Ukraina. Dei skal hjelpe befolkninga der som har eit stort behov for utstyr, seier Svinøy.

Og Herøy brann og redning er ikkje dei einaste som har gjort det.

– Dette blir den sjette turen vi køyrer med brannbilar til Ukraina, seier Sandodden frå organisasjonen Norsk Ukrainsk brann- og ambulansestøtte.

Allereie har dei levert 36 køyretøy.

Neste helg skal dei køyre 11 bilar til nedover.

Og enno har dei fleire bilar som ventar på å køyre kolonne til det nest største landet i Europa.

Alt i alt har norske brannmannskap samla inn over 50 køyretøy til Ukraina.

– Det er sjølvsagt berre ein drope i havet, men om den dropen kan redde liv er det verdt det, seier Sandodden.

Organisasjonen har direkte kontakt med leiinga i brannvesenet i regionen Dnipro i Ukraina. Dei har fortalt at brannbilane frå Noreg allereie har vore med og redda liv.

– Dagleg får vi bilde og video frå brannmennene i Dnipro. Berre sist veke redda utstyr sendt frå Noreg livet til 14 ukrainarar i ein bygning som hadde rasa saman, seier Sandodden.

Han fortel at det er ei stor mengde arbeidstimar som ligg bak kvar kolonne med brannbilar dei sender sørover. Likevel er det verdt det.

– Det er ei vanvettig kjensle. Dette er ikkje ein hobby, men ulønt arbeid for å redde liv. Mottakinga vi får viser at det nyttar.

Også brannkonstablane i Herøy i Nordland er glade for at deira gamle brannbil kjem til nytte.

– Det er ei veldig god kjensle at nokon som har meir behov for dei, får nytte av dei.

– Til sjuande og sist blir brannmannskapa eitt av mange uttrykk for den eksistensielle forsvarskampen som ukrainarane står ovanfor.

Alle ressursar i samfunnet må bli mobilisert for ikkje å gi etter for dei russiske tvangsmidla, seier forskar og oberstløytnant Tormod Heier.

Men kor mykje hjelper norske brannbilar i Ukraina?

– Eg trur hjelpa kan vere viktig. Dei norske brannbilane viser at Ukraina ikkje er åleine i krigen, og at Ukraina er del av eit vestleg sikkerheitsfellesskap som stiller opp, også på det humanitære planet, seier Heier.

– Sivile lidingar og det humanitære aspektet må ikkje bli gløymt i ein krig der det ofte er kuler og krut som får dominere den vestlege stønaden.

Fotojournalist

Sofie Olaisen
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal