Hopp til innhold

Kvifor har vi haustferie på ulike tidspunkt?

Nokon har haustferie denne veka, og andre har neste. Nokon har til og med skulefri i berre tre dagar.

To barn sitter på knærne i potetåkeren, med to bøtter som de putter potet i.

Tidlegare heitte haustferien «potetferien» fordi elevane måtte ha fri for å hjelpe til med å ta opp potet.

Foto: Morten Andersen / NRK

Haustferien er snart over for Agder, Oslo, Viken, og Troms og Finnmark.

Og gjengen på Austlandet fekk ein fin start med periodar med sol og rolege vindforhold.

Medan resten av landet så vidt har starta på sin, då dei har ferie 9. til 13 oktober.

Før var haustferien bestemt av når poteta var klar til å bli innhausta.

– Elevane måtte ha fri for å hjelpe til med å ta opp potet, seier Geir Hareide Hansen, direktør for utdanning og kompetanse i Nordland fylkeskommune.

Det var potetferie for mange så seint som ut på 1980-talet.

Barna er ut på jordet for å plukke poter for å tjene penger i høstferien. Bilde er hentet fra serien "Gården og bygda vår" som ble sendt i 1983.

Barn er ut på jordet for å plukke poteter for å tene pengar i haustferien. Bilete er henta frå serien «Gården og bygda vår» som vart sendt i 1983.

Men i dag har vi haustferie for å ha litt fri.

– Det er sånn at eit skuleår består av 190 dagar, og når ein startar i slutten av august og er ferdig i slutten av juni så må ein ha nokre fridagar inn i mellom. Difor er det nok framleis haustferie, seier Hansen vidare.

Men kvifor vi har haustferie på ulike tidspunkt i landet, er det forskjellige svar på.

Reiseliv og vêr?

NRK har tidlegare skrive at den såkalla potetferien måtte kome først i sørlege delar av landet, der poteten først vart moden.

Men det er lite som peikar på at dette framleis er grunnen.

Hansen trur grunnen til dei ulike tidspunkta kan ha noko med vêret å gjere. Medan konstituert direktør for utdanning lenger sør i landet, nærmare sagt i Viken, Jan Helge Atterås peikar på reiselivsnæringa.

– Det er antakeleg omsynet til kapasiteten i reiselivsnæringa som tilseier at fylke bør ha ulike veker. Same omsyn gjeld vinterferien, seier Atterås.

Høst ved Storskogvatnet i Rago nasjonalpark

Geir Hareide Hansen, direktør for utdanning og kompetanse i Nordland fylkeskommune trur grunnen til dei ulike tidspunkta kan ha noko med vêret å gjere.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Opplæringssjef for Finnmark i Troms og Finnmark fylkeskommune, Margunn Blix, seier det mest sannsynleg er på grunn av forskjellige behov i nord og sør.

– Landet vårt er langstrekt.

Underdirektøren hos statsforvaltaren i Nordland, Gunn Randi Skjerve, er inne på noko av det same.

Ho seier at ulike veker for haustferie nok kjem av at det ikkje er noko samarbeid mellom fylka om dette.

– Vi veit jo at skulane sørpå startar skulen etter sommarferien tidlegare enn oss, og derfor kan ha haustferien tidlegare òg, seier ho og legg til:

– Det same gjeld vinterferien. Klima sørpå og her nord er ulikt, derfor legg vi forslag til vinterferie seinare enn sørpå.

Les også Her blir været best i høstferien

Solen skinner gjennom høstfargede blader.

Berre tre dagar

Det er fylkeskommunane i samråd med kommunane som bestemmer kor tid haustferien skal starte, og sjølv om ferien kjem på ulik tidspunkt varar han som regel i ei veke.

Bortsett frå i Nordland, Troms eller på Svalbard.

Der har elevane berre fri i tre eller to dagar.

– At vi i mange år har hatt tre dagar haustferie, har vore vurdert ut frå ulike ønske og behov frå skular, elevar, foreldre, tilsette i barnehagar og skular, seier Skjerve.

Gammel bru over elv i Trofors en høstdag. Sideelv til Vefsna.

Det er fylkeskommunane i samråd med kommunane som bestemmer kor tid haustferien skal starte og kor lenge han skal vare.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Det er statsforvaltaren i Nordland som har anbefalt denne tredagars haustferien i samråd med fylkeskommunen. For den anbefalte skuleruta som blir lagd ut er eit samarbeid mellom dei to.

– Det er ulike behov og ønskjer om dette, spesielt ut frå foreldreperspektivet. Det er mange foreldre som ikkje har høve til ei veke fri på hausten, seier Skjerve.

Les også Lager egne sanger i høstferien

Gruppebilde av barna som var med på sangskrivekurs i høstferien i Kristiansand.

Kommunane vel sjølv

– Dei andre stadane i landet har ei heil veke, er ikkje det litt rart at Nordland då berre skal ha tre dagar?

– Ja, for så vidt. Det kan det godt vere. Det har jo vore ein lengre tradisjon, seier Hansen, direktøren for utdanning og kompetanse i Nordland fylkeskommune.

Men dette skal endre seg, for no jobbar dei med å få ferien til å vare i ei veke.

– Det er noko vi ser på om er mogleg å få til.

En jente løper langs en asfaltert sti med høstfargede trær.

Underdirektør hos statsforvaltaren i Nordland, Gunn Randi Skjerve seier at den endelege skuleruta frå 2024 og fram til 2028 vil mest sannsynleg få eit forslag på ei veke haustferie.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

For det er ikkje alle skulane i Nordland som tar tre dagar fri, nokon vel å ta ei heil veke.

– Det er cirka 50/50, seier han og utdjupar:

– Det er eigentleg opp til den enkelte kommune å bestemme om dei tek ei veke eller tre dagar fri.

For forslaget som kjem frå fylkeskommunen og statsforvaltaren er nettopp det, eit forslag.

– Den enkelte kommune bestemmer sjølv og avgjer kva skulerute kommunen vil ha for innbyggjarane sine, seier Skjerve.