Hopp til innhold

Pernille (23) fekk seg ei overrasking på joggetur: – Flugehelvete

Millioner av små, svarte fluger har tatt over fjell og tursti. – Eg synest det var grusomt, seier Pernille Frøskeland.

Pernille Marie Frøskeland løper fra fluer på Skrovtind.

Pernille Marie Frøskeland spring frå fluger på Skrovtind.

Foto: Pernille Marie Frøskeland / privat

Nordland har hatt dei varmaste dagane så langt i år denne helga.

Det er det er det ikkje berre oss menneske som vert glad for.

Dette er nemleg ypparlege forhold for insekt.

Meir fluger i år

– Eg synest det var grusomt, seier Pernille Frøskeland.

Ho og broren, Ronald Frøskeland, var på joggetur til Skrovtind ved Reipå i Nordland då fekk dei uventa selskap.

Ein summande flokk med små, svarte fluger heldt følge med dei både opp og ned frå fjellet.

– Eg har aldri opplevd det så ille før. Eg følte at eg ikkje kunne stå i ro, seier Frøskeland.

Søskenparet er ikkje dei einaste som har merkt at flugene er irriterande i sommarvarmen. Men er det eigentleg meir fluger i år enn andre år?

– Det har vore litt meir i år enn i fjor og forleden år, seier biolog Jan Wasmuth.

At vi ser mykje fluger, har med klima å gjere. Når det har vore fuktig og kjølig og blir varmt kjem dei store klekkingane.

Juli er høgsesong for fluger

Juli er høgsesong for fluger.

Men ser vi det i perspektiv – dei siste 20-30 åra, er det veldig lite insekt no, ifølgje Wasmuth.

– Det ser ein til dømes når ein køyrer bil. Det er mykje ferre insekt som kransjer i frontruta enn det var for nokon år tilbake.

Måtte halde seg for munnen

I Meløy var flugene nesten like godt trente som søskenparet Frøskeland, og følgde etter dei i nesten åtte kilometer.

Svartflue på Skrovtind

Pernille Marie Frøskeland og Ronald Frøskeland tok søskenselfie saman med flugene på toppen.

Foto: Pernille Marie Frøskeland / Privat

Frøskeland la ut bilde av turen sin på Instagram. Som bildetekst skreiv ho: «Flugehelvete». Det vart likt av nesten 1000 menneske.

– Eg fekk nok litt ekstra protein på turen, seier Frøskeland lattermildt.

Oppover fjellsida sprang ho med handa for munnen for at ikkje dei små, svarte skulle sleppe inn. Men nokon fann vegen likevel.

– Eg er van med at flugene i blant finn vegen ned i drikkflaska på varme og vindstille sommardagar, men dette var heilt ekstremt.

Svartfluger på løpetur til Skrovtind

Ronald Frøskeland spring i vakre omgjevnadar i følge med flugesvermen.

Foto: Pernille Marie Frøskeland / privat

Men det var kanskje ikkje så rart at svermen av fluger var ekstra interessert i det joggande søskenparet.

Svartfluga vert nemleg også kalla sveittefluge – og det er ikkje utan grunn.

Ho sleiker sveitte frå kroppane våre.

Etter at Pernille Frøskeland fortalde om hendinga på sosiale medium har ho fått høyre at mange andre har oppleve det same.

Tjukke, lyse klede kan vere redninga

Svartfluga, som Pernille og broren trefte på, trivst ekstra godt i høgdedrag, gjerne over tregrensa. Særleg frå starten av juli og utover sommaren.

Og det kan vere fleire insekt enn vi ser. Viss det er vind eller regn gøymer insekta seg i lyngen og under blad. Når det er varmt, lummert og vindstille kjem dei fram.

Det fortel insektsekspert Mari Steinert frå Folkehelseinstituttet.

Mari Steinert

Mari Steinert er insektsekspert i Folkehelseinstituttet.

Foto: Gyda Steinert

– Kva skal vi gjere for at dei ikkje skal bite oss?

– Viss det er snakk om mygg og knott, kan vi bruke myggmiddel. Det beste er likevel å dekkje seg til med klede. Helst med lyse fargar og litt tykt stoff, seier Steinert.

– Om vi i tillegg held oss i bevegelse, er det mindre sjanse for å verte stukke, seier Steinert.

NRK forklarer

Kva kan vi gjere for å verte mindre plaga av insekter?

Kva kan vi gjere for å verte mindre plaga av insekter?

Bruk myggmiddel

Viss det er snakk om mygg og knott, kan ein bruke antirepelerende myggmiddel. Det får ein tak i på apoteket.

Kva kan vi gjere for å verte mindre plaga av insekter?

Dekk deg til

Det beste er å dekkje seg til med klede, gjerne lyse klede i tjukt stoff.

Kva kan vi gjere for å verte mindre plaga av insekter?

Hald deg i bevegelse

Halde deg i bevegelse eller i vinden. Insekta er sårbare mot luftmotstand.

Kva kan vi gjere for å verte mindre plaga av insekter?

Sveitt mindre

Sveitte tiltrekker insekt - spesielt mygg, klegg og fluger. Om du sveitter mindre vert det mindre insekt.

Kva kan vi gjere for å verte mindre plaga av insekter?

Gå på natta

Gå tur på natta. Mange fluger har kviletid på natta. Mygg og knott kviler derimot på dagen fordi dei tørkar inn i sola. Dei kjem fram på natta.

Men insekta er ikkje berre irriterande. Dei gjer også ein jobb for naturen. Dei bryt ned daude planter og insekt og er mat for fisk og fugl.

– Alt heng saman. Det speler ein viktig rolle i naturen, spesielt i samspel med planter for å spreie pollen, seier insekteksperten.

I Nord-Norge finn ein større svermer av til dømes fluger. Arktiske arter har ikkje like mykje konkurranse som arter lenger sør, og heller ikkje like mange predatorer. Det kan vere årsaka fortel Steinert.

Svartfluga stikk ikkje. Ho vil berre drikke litt sveitte frå huda vår.

Men det er ein fattig trøyst for dei som får eit ufrivillig følge med på tur.

Rømde til havet

Pernille Frøskeland kjem ikkje til å slutte å springe i fjellet, men trur ho må finne seg nokon andre område å springe i.

For resten av dei varmaste sommardagane har ho funne ein annan løysing.

– No skal eg berre halde meg ved havet, seier ho medan ho pumpar opp eit SUP-brettet.

– Det er tryggare når det er så mykje fluge på fjellet.