Hopp til innhold

Lene fanga unike bilete: – I ettertid tenkjer eg jo at det her var heilt sinnssjukt

Bryllaupsbilete frå fjelltoppar med utsikt er ikkje noko nytt, men Ingrid og Håkon Johannesen kan skryte på seg noko heilt unikt.

Ingrid og Håkon Johannesen sitt bryllaupsbilete.

Mange vel å ta brudebilete i flotte naturomgjevnader, men dei færraste får besøk som det Ingrid og Håkon Johannesen fekk.

Foto: Lene Kristine Torgersen

Ikkje mange kan sei dei har kjend eksosen frå eit lågtflygande jagarfly rive i brudekjolen. Det kan Ingrid og Håkon.

Då dei skulle forevige den store dagen valde dei å gjere det på rullebana ved Bodø lufthavn. Dei fekk ei lita overrasking då nokre linseluser i form av to F-16-fly sveipa nedom.

– I ettertid tenkjer eg jo at det her var heilt sinnssjukt, seier fotograf Lene Kristine Torgersen.

Det var Bodø Nu som først omtalte saken.

Lene Kristine Torgersen fotograferer Ingrid og Håkon Johannesen.

Ein må gjere mykje som fotograf for å få det gode biletet. Lene Kristine Torgersen fekk hjelp av sambuaren for å få den rette vinkelen.

Foto: Privat

– Ei vill oppleving

Torgersen er fotograf av yrke og har fotografert mange bryllaup. Ho vil at brudeparet skal få sjå seg sjølve i korleis bileta blir, og høyrer difor på deira eigne idear.

Og brudeparet Johannesen, som begge er flygeleiarar, ville ut på rullebana.

– Eg tente jo på den ideen med ein gong, eg syntest det høyrde dritkult ut, rett og slett, seier Torgersen.

På bryllaupsdagen, rett før brudeparet og fotografen skulle opp på rullebana kom beskjeden om at to F-16-fly kom til å fly i formasjon over dei.

Det var kollegaane til Ingrid og Håkon i flytårnet hadde spurt om jagarflya ville ta ei overflyging.

– Eg kjende eksosen idet dei flaug over hovudet på meg. Det var eit rush, seier fotografen entusiastisk.

– Og so såg eg på kameraet og tenkte: no har eg biletet.

Ingrid og Håkon Johannesen sine brudebilete

Ingrid og Håkon Johannesen er ganske godt kjende med fly, men dette var likevel ei spennande oppleving.

Foto: Lene Kristine Torgersen

Forsvaret passa på

Men å fotografere brudebilete på ein militær flyplass er ikkje berre-berre. Forsvaret var med og sørga for at fotografen ikkje tok bilete i ei retning ho ikkje skulle. Sjølv om brudeparet er flygeleiarar, var dette ein eksotisk plass.

– Det var jo gøy. Det var stilig å kome so nær flya. Dei kom jo rett over hovuda våre då dei landa. Vi er jo vande til å ha dei litt meir på avstand, seier Håkon.

Og jagarfly er ikkje akkurat kjend for å vere stillegåande. Det vart mykje lyd og lufttrykk idet dei passerte.

– Dei tok ganske godt tak i kjole og slør. Då dei landa kjende vi at det vart ganske varmt og, seier Ingrid

Det var jo tilfeldig at F-16-flya kom over. Dei hadde vore ute i ein annan samanheng og vart spurd av dei i flytårnet om å ta ei ekstra overflyging før dei landa.

– Vi er strålande nøgd! Det blei kjempekult, seier Håkon.

Ingrid og Håkon Johannesen
Foto: Lene Kristine Torgersen

Vil ikkje overgå prosjektet

Torgersen vart svært nøgd med bileta frå flystripa.

– Det er liksom babyen min, seier fotografen og ler.

– Kva blir det neste store no?

– Alle bryllaup er forskjellige. Eg har jo mange idear, men eg vil jo at brudeparet skal vere synlege i biletet, at det er dei. Eg har ikkje nokre ambisjonar om å overgå det her, seier Torgersen.

– Det kan jo skje masse forskjellig med forskjellige brudepar, men kanskje ikkje på flyplassen neste gang.