Hopp til innhold

Bodø-jente skal til NM i uvanleg sport

Gøril Synnøve svingar seg lettkledd kring ei stong, men det ho driv med er langt frå det som skjer i raudlysdistriktet.

Gøril Synnøve Johansen driv med påledans, og skal delta på noregsmeisterskap.

POPPIS: Ein av Gøril Synnøve Johansen sine videoar på Facebook har blitt sett over fire millionar gongar.

– Det er ikkje lett, altso. Men so skal det ikkje vere det, heller, ler Gøril Synnøve Johansen.

Påledans er ein relativt ny og svært populær sport. Spesielt unge damer finn glede i aktiviteten. Om tre vekers tid haldast det Noregsmeisterskap i Oslo, og 23 år gamle Gøril Synnøve Johansen frå Bodø skal delta.

– Det er veldig hard konkurranse, og eit høgt nivå i sporten, seier Johansen.

Ho har drive med sporten i vel fire år, og er no instruktør for å lære andre.

Gøril Synnøve Johansen portrett

NØGD: Bodøjenta seier ho vil drive med sporten so lenge det let seg gjere.

Foto: YASMIN HADAFOW / NRK

Populær på sosiale media

– Det er jo klart det er kjekt, ler bodøjenta.

Ein av hennar videoar på Facebook har blitt sett over fire millionar gongar.

– Det er veldig mykje, men det påverkar meg liksom ikkje direkte. Det følast nesten litt uverkeleg, seier Johansen.

På sin Instagramkonto har ho over 32 000 følgjarar. Ho er eit kjend namn innan sporten.

Når ein har so mange følgjarar frå heile verda som Johansen har, får ein ein del kommentarar. Mellom anna har nokre ihuga tilhengjarar kome med frieri i kommentarfeltet.

– Det er jo sjølvsagt hyggjeleg, sjølv om eg ikkje alltid er like interessert, er det svært smigrande, ler bodøjenta.

Snart klar for NM

– Påledans kjem ikkje lett for nokon. Det er hardt arbeid, seier Johansen.

Johansen skal konkurrere i noregsmeisterskapet i Oslo om tre vekers tid.

– Eg driv siste finpuss på rutinen mi, og er dødsspent på korleis det kjem til å gå, seier bodøværingen.

Men sjølv om ho er flink, møter ho sterk konkurranse.

– Eg siktar i hovudsak ikkje på siger, eg er med fordi det er kjekt. Det er ikkje at eg ikkje er flink, men det er so mange andre som også er flinke, smiler Johansen.

Gøril Synnøve Johansen øvar påledansing i NRK-treningsrommet

UTSTREKK: Johansen fekk syne seg litt fram i NRK sitt treningsrom, sjølv om dei ikkje hadde påle.

Foto: Yasmin Hadafow / NRK

Vil halde på så lenge som mogleg

– Påledans er fantastisk kjekt! Spesielt tykkjer eg mi eiga utvikling er artig. Eg får til so mykje meir no enn kva eg trudde var mogleg for litt sidan, seier Johansen.

– Eg vil halde på so lenge eg greier. Eg ser ikkje føre meg at eg kjem til å slutte med mindre eg må, ler Johansen.

I dag bur ho med kjærasten i Stavanger og jobbar. Påledansen kjem i tillegg.

– I kveld skal eg på trening i mitt gamle studio med min gamle instruktør. Me skal øve litt meir før NM. Ho er av og til litt slem med meg, men eg treng nokon som er litt strenge, ler Johansen.

Korleis det går med Gøril Synnøve i meisterskapet står att å sjå.

Gøril Synnøve Johansen påledansar

SPENT: Johansen gler seg til NM i Oslo, men satsar ikkje på siger med det fyrste.

Foto: Gøril Synnøve Johansen / Privat