Hopp til innhold

Betre for Hurtigruten

Selskapet hadde eit overskot på 157 millionar kroner i andre kvartal.

MS Finnmarken

Hurtigruteskipet MS 'Finnmarken'. Selskapet har vore inne i økonomisk krise, men tala for andre kvartal viser at tåka kan vere i ferd med å lett litt for Hurtigruten.

Foto: Atle Markeng / NRK

Hurtigruten hadde eit overskot før skatt på 157 millionar kroner i andre kvartal i år, mot 26 millionar kroner i 2008.

Betringa av resultatet i andre kvartal samanlikna med i fjor skuldast mellom anna lågare kostnader, nedbemanning og utleige av hurtigruteskipet MS Nordnorge.

- Det er veldig hyggeleg å kunne levere eit så stort overskot i kvartalet, og eit overskot for heile første halvår. Det er ei stund sidan sist, seier administrerande direktør Olav Fjell til NRK.

Han vil imidlertid ikkje avblåse den økonomiske krisa i Hurtigruten riktig enno, og selskapet ventar framleis at 2009 skal bli eit krevjande år.

- Vi er ikkje igjennom denne prosessen før vi er heilt sikre på at vi har svarte tal for heile året. Vi har tidlegare sagt at vi må gjennomføre det programmet som vi er midt inne i, seier Fjell.

Kutta kostnader

Noko av bakgrunnen for det positive resultatet er høgare inntekter frå avtalen med staten. Men i hovudssak skuldast overskotet utleige av MS Nordnorge samt lågare kostnader til drivstoff, administrasjon og personell.

Om lag 100 personar har mista jobben i selskapet sidan januar, og ytterlegare 100 må gå innan administrasjon og sal i løpet av hausten.

Direktør Olav Fjell i Hurtigruten

Administrerande direktør i Hurtigruten Olav Fjell.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

- Den økonomiske effekten av nedbemanninga vil ikkje gi utslag før til neste år, ettersom oppseiingane blei gjort i januar. Dermed har dei som har blitt oppsagt jobba ut oppseiingsperioden fram mot sommaren, seier Fjell.

I tillegg har gunstige valutakursar bidrage til at resultatet i andre kvartal er 131 millionar kroner betre enn i fjor.

Vil framleis leige ut MS "Nordnorge"

Hurtigruten prøvde våren 2008 å selje MS "Nordnorge", men klarte ikkje å få ein god nok pris for skipet. Difor blei fartyet leigt ut som hotellskip til oljeindustrien frå desember i fjor og fram til august i år. Dette ga Hurtigruten solide inntekter. No håpar Fjell å leige ut skipet på nytt.

- Vi reknar ikkje med at det er mogleg å selje det til ein anstendig pris. Uansett vil vi ikkje gjere det, for vi må avvente å sjå kva det nye anbodet vil krevje av tonnasje. Det kan hende vi vil trenge skipet sjølv. I mellomtida får vi prøve å leige det ut på same måte som vi har gjort.

Færre passasjerar

Hurtigrutepassasjerer

Trass eit positivt resultat, opplevde Hurtigruten svikt i bookinga i andre kvartal.

Foto: Atle Markeng / NRK

Ei utfordring for Hurtigruten er svikt i bookinga. Eit nytt bookingsystem er innført i Norden og ansvaret er overført til ein underleverandør i Tallinn. Det må ta noko av skulda for svikten, meiner Fjell.

- Det har gitt ein del tekniske problem i oppstarten. I tillegg må vi byggje opp kompetanse på ein ny stad, og det tar tid. Det har ført til mykje frustrasjon blant kundane og i eigen stab. Men no trur eg vi er gjennom dei værste problema no, og det er ingen tvil om at denne omstillinga var riktig, seier han.

Tilbakemeldingane frå dei som reiser med Hurtigruten er også gode, og med omstillingane i rute er Fjell optimistisk med tanke på framtida for selskapet, som har vore inne i djup økonomisk krise.

- Det har vore eit utruleg vanskeleg første halvår. Det er veldig stimulerande å sjå at det går riktig veg, og å sjå at vi vil klare å gjere Hurtigruten lønsam med dei grepa vi har gjort. Eg er veldig optimistisk.

Første halvår ga eit overskot på 24 millionar kroner, mot eit underskot på 186 millionar kroner i 2008. Dette er ei forbetring på 210 millionar kroner.