Hopp til innhold

Milliardflya står fortsatt på bakken

Dei nye milliardflya på Evenes har stått på bakken sidan februar, skriv Fremover.

Det første av Noreg sine nye overvakingsfly landa på Evenes i februar. Etter planen skulle flygarar og anna mannskap starte treninga ut frå Evenes i utgangen av mars, men fram til no har flyet stått på bakken.

Årsaka til forsinkinga er delvis at manualane for vedlikehald for det nye flyet endå ikkje er godkjent.

– Noko av det vi ventar på å få godkjent er manualen for petroleum, oljer og smøremiddel.

Det seier sjef for Luftforsvaret, Rolf Folland. Han fortel vidare at Luftforsvaret har ein stram plan for testing og evaluering av dei nye flya.

Han er optimistisk til at dei skal klare å følge planen for når P-8 Poseidon skal overta for P-3 Orion i august 2023.

I august neste år skal P-8 Poseidon ta over operasjonane for det gamle maritime patruljeflyet P-3 Orion, som har sin base på Andøya.

I løpet av neste veke vil det tredje av dei fem nye flya lande på Evenes. Dei to siste vil kome til Evenes neste sommar.

Sjef for Luftkapasiteter i Forsvarsmateriell, Jarle Nergård, ser for seg at det første flyet vil lette snart.

– Vi håpar dette løsnar ganske snart, og at vi vil sjå eit norsk P-8 ta av frå Evenes for første gong i starten av juni.

Forsvarets P8A- Poseidon. Norges nye overvåkingsfly. Stasjonert på Evenes.
Foto: Frida Brembo / NRK