Hopp til innhold

1. mai kan du bytte til sommardekk – bør du eigentleg gjere det?

Skal du ut på biltur med sommardekk eller på fottur i fjella denne vårdagen, må du sjå an forholda.

Hadselfjorden

Utsikt over Hadselfjorden.

Foto: Sverre Tåga

Kom mai du skjønne milde.

Men det er ikkje mykje som minner om vår den andre dagen i mai.

Fleire stader i fylket har det falt mykje snø. Mellom anna i Reipå i Meløy kommune og på Andøya falt det 10 cm med snø i natt.

Må vere skodd for forholda

– Folk må køyre etter forholda. Er dei ikkje det får dei heller la bilen stå, seier Kenneth Magnussen, operasjonsleiar i Nordland politidistrikt.

2. mai i Melbu

Ein snødekt 2. maimorgon i Melbu.

Foto: Sverre Tåga

Han kan fortelje at dei har fått inn fleire meldingar om trafikkuhell knytt til glatte vegar natt til søndag 2. mai.

– Mange stader er det vanskelege køyreforhold med mykje slaps på vegane i det snøen smelter, seier operasjonsleiaren.

Magnussen seier at viss det er bart på vegen kan folk køyre med sommardekk, men folk må vere merksam på at snøen held seg lengre i høgda om ein skal køyre der.

– Det er lov til å køyre med sommardekk etter 1. mai om mønsterdjupna er minimum 1,6 millimeter, men ein må gjere gode vurderingar når ein skal køyre ut sånn som forholda er no.

Tiner ikkje i fjella

– Når ein har ein slik vêrsituasjon er det forholdsvis normalt at det også i mai kjem snøfall, seier Sjur Wergeland frå Meteorologisk institutt i Tromsø.

Instituttet har tal på snøfall mellom 5–10 cm enkelte stader, men Wergeland legg vekt på at snøbygane er lokale. Somme stader kan det ha kome meir snø enn dette som dei ikkje har oversikt over.

Statsmeteorolog Sjur Wergeland

Sjur Wergeland frå Meteorologisk institutt i Tromsø

Foto: Oda Viken / NRK

– I låglandet vil det tine, men i fjellet er det heilt sikkert at det ikkje kjem til å tine. Det kjem ikkje til å bli noko særleg snøtining over 500 meter den komande veka, seier meteorologen.

Kaldt vêr i månadsskiftet april-mai legg til rette for snøbyer, men utover i veka melder Wergeland mindre snø og temperaturar opp til 6–7 grader enkelte stader.

Meteorologen meiner at om ein skal skifte dekk eller ikkje, er avhengig av om ein har tenkt seg opp i høgda.

– Skal ein over Saltfjellet til dømes, og har tenkt til å køyre tidleg på morgonen eller seint på kvelden, ville eg nok ha venta. Det kan danne seg ein ishinne med kuldegradene i løpet av natta, seier Wergeland

Bjerkvik ligg 14 meter over havet. Bildet er tatt litt over halv ni søndag morgon 2. mai.

Bjerkvik ligg 14 meter over havet. Bildet er tatt litt over halv ni søndag morgon 2. mai.

Foto: Statens Vegvesen

– Skal du berre ferdast i låglandet er det ikkje så farleg å skifte dekk. Då kan ein i alle fall vurdere det ut ifrå behov og kor mykje ein skal køyre.

Skredfare ved 30 grader

Emma Julset Barfod, vaktleiar i Snøskredvarslinga, seier at slike snøfall utgjer ein fare for snøskred.

– Når det kjem nysnø og vind, blir det fare for at ein kan løyse ut skred.

Ho vil oppfordre å følge med på varsom.no om folk har tenkt seg på fjelltur i dag. Der kan ein finne gode råd for regionen ein sjølv oppheld seg i.

Foto av Tjeldsund bru lang E10 tatt omkring kl. halv ni søndag 2. mai.

Foto av Tjeldsund bru lang E10 tatt omkring kl. halv ni søndag 2. mai.

Foto: Statens Vegvesen

I går omkom to personar i ein snøskredulykke i Lyngen i Troms.

Det losna eit snølag som låg under den nykomne snøen. Då vart det mykje meir ustabilt. Det kan også verte tilfelle av dette i Nordland.

– Vi oppfordrar alle til å gjere eigne vurderingar. Merker ein at den ferske snøen sprekker opp og ein høyrer drønn er det eit tydeleg fareteikn ein unngå skredterreng.

Vaktleiaren meiner det vil vere trygt å ferdast på merkte stiar, men poengterer at det òg er mogleg å løyse ut skred på avstand. Ein kan stå i eit flatt område, og likevel løyse ut skred i bratte sider i nærleiken. Difor må ein også halde god avstand til dei.

regops.no finst det kart over bratte område som ein kan bruke til å planlegge turen utanom skredterreng.

– Ved 30 grader og brattare ein kan løyse ut skred. Om ein ikkje går i så bratt terreng er det ingen fare. Det er mange fine turar ein kan ta som er utanom skredterreng, seier Barfod.