Stortingsrepresentant Snorre Valen (SV).
Foto: Stian Lysberg Solum / ScanpixWikileaks har mellom anna avslørt korleis tidlegare president i Tunisia, Zine El Abidine Ben Ali, og kona Leila, brukte pengar.
Foto: FETHI BELAID / AFPWikileaks er
av stortingsrepresentanten Snorre Valen frå SV. Han meiner organisasjonen har vore ein av dei viktigaste bidragsytarane for ytringsfridom og openheit.Nominasjonen vekkjer glede hos Wikileaks.
– Det er ei gledeleg overrasking å bli nominert. Eg meiner dette anerkjenner den innflytelsen Wikileaks har hatt, og kjem til å ha, seier Hrafnsson til NRK.
- Les:
Bidrog til Tunisia-opprør
Trass i alt det kontroversielle som har vore rundt Wikileaks dei siste månadane, meiner Hrafnsson at folk no sakte og gravis ser at Wikileaks har vore eit fundamentalt instrument for endring, både i verda og i media.
– For eksempel meiner eg Wikileaks spelte ei rolle, ei lita rolla, i det tunisiske opprøret, ved å avsløre dokument frå Tunisia, seier han.
Valen trekte spesielt fram Tunisia då han nominerte Wikileaks, og meinte Wikileaks-avsløringane av økonomien til den tunisiske presidentfamilien var eit bidrag til å gjere
.Opprøret som starta i Tunisia, har seinare spreidd seg vidare til Egypt og andre land i regionen.
- Les:
– Har endra media
Hrafnsson meiner Wikileaks også har vore ein viktig bidragsytar for å få media til å jobbe på ein liknande måte.
– Wikileaks var kanskje katalysatoren som fekk Al Jazeera til å sleppe lekkasjen om den palestinske forhandlingane. Vi ser også at andre av våre samarbeidspartnarar i media tenkjer på å opne for varslarar som vil levere materiale.
– Trur du at desse lekkasjane kan hjelpe til å skape fred?
– Ja, heilt klart. Vi bør alltid tru på idealet om at openheit er eit bidrag til samfunnet, demokratiet og fridomen, seier Hrafnsson.
Wikileaks kan bli eit viktig journalistisk bidrag, meiner Time Magazine.
Foto: JOE RAEDLE / AFPAuka spenning i verda
Wikileaks har fått kritikk for å gjere det stikk motsette av å bidra til fred, nemleg å skape meir spenning mellom land i verda. Denne kritikken kom spesielt etter dei mange
.– På kort sikt kan det vi har gjort auke spenninga. Det er klart at det er spent i Tunisia no, det er spent i Egypt, det er spent i Jordan og i Jemen. Det er spent i heile verda. Dette er utløyst delvis på grunn materiale som er frigjort, seier Hrafnsson og legg til:
– Men ein bør alltid tru på at på lang sikt er sanninga det beste for fred.
Han håpar at Wikileaks på lang sikt vil vere eit sunt bidrag for eit fredeleg samfunn.
- Les:
– Nominasjon kan betre ryktet
Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange vart sleppt fri mot kausjon.
Foto: STEFAN WERMUTH / ReutersEtter lekkasjane før jul har Wikileaks fått mykje motbør. Mellom anna har fleire kredittselskap
til dei, og grunnleggjaren Julien Assange er på grunn av valdtektsklagar.Hrafnsson meiner det er vanskeleg å seie kva ein nominasjon kan gjere for ryktet til Wikileaks.
– Det er vanskeleg å seie. Det er førebels berre slik at det er ein person som har nominert oss til fredsprisen. Det har vore mykje press mot organisasjonen, og mykje hat retta mot oss frå både individ, regjeringar og institusjonar, seier han.
– Vi er angripne på mange frontar. Vi håpar kritikken vil stilne, slik at folk kan starte å sette pris på openheit og sjå at dette er noko positivt.