For Nobelkomitéen er det viktig at ikkje vinnaren av Nobels fredspris har skjelett i skapet. Difor brukar dei ei rekke nasjonale og internasjonale ekspertar til å undersøke kandidatane. Og avisartiklar:
Newsweek
– Når det gjelder fjoråret var det ikkje Ellen Johnson Sirleaf som var vanskeleg å få informasjon om. Det var fullt av reportasjar om henne. Det er berre å slå opp i TIME og Newsweek og The Economist og overalt, så står det ganske mye om Johnson Sirleaf.
– Men har de basert researchen på avisartiklar?
– Vi baserer den på all tilgjengeleg informasjon. Det kan vere ekspertutsegner og avismateriale.
Nobel-direktør Geir Lundestad gratulerer Ellen Johnson-Sirleaf og dei to andre fredsprisvinnarane Leymah Gbowee og Tawakkul Karman under fjorårets prisutdeling.
Foto: Varfjell, Fredrik / NTB ScanpixKvinnepris
Nobelkomitéen ville gjerne at fjorårets fredspris skulle vere ein kvinnepris. Valet fall på Tawakkol Karman, Leymah Gbowee – og Ellen Johnson Sirleaf, president i Liberia.
– Det ville sett ganske merkeleg ut dersom ein skulle gi en kvinnepris som ikkje inkluderte Afrikas første kvinnelege president. Det ville verkeleg ha sett merkeleg ut, seier direktør ved Det Norske Nobelinstitutt, Geir Lundestad.
- LES OGSÅ: Sirleaf ukvalifisert til fredsprisen
Vore i Liberia?
Det er han som vel ut dei internasjonale ekspertane komiteen brukar til å undersøke kandidatane si forhistorie. Kven desse ekspertane er, vil ikkje Nobelinstituttet ut med.
NRK Brennpunkt har grunn til å tru at eksperten som vurderte Ellen Johnson Sirleaf ikkje har særskild kunnskap om Liberia.
– Men den eller dei de har brukt, er det folk som faktisk har vore i Liberia nokon gong?
– Ja, sjølvsagt.
– Er du sikker på det?
– Altså ... Ja, det går eg då i aller høgste grad ut frå, svarar Lundestad.
Han avviser blankt kritikken mot tildelinga til Ellen Johnson Sirleaf. Han seier Nobelkomitéen var fullt klar over Johnson Sirleaf sin kontakt med den krigsforbrytardømde ex-presidenten i Liberia, Charles Taylor. Og like klar over det høge talet på valdtekter i Liberia og problemet med korrupsjon.
– Sjølvsagt var komiteen klar over dette, såpass klar over det at Thorbjørn Jagland nemnde det i Nobeltalen, seier Lundestad.