Det er britiske
som skriv dette i dag. Det var i desember, like før protestane mot presidenten starta, at Wikileaks avslørte hemmelege dokument frå den amerikanske ambassaden i Tunisia om presidentfamilien.Her kom det fram at USAs ambassadør har samanlikna presidentfamilien med ein mafiaelite som styrer heile den tunisiske økonomien.
LES OGSÅ:
I rapporten heiter det blant anna:
- Korrupsjonen i makteliten er aukande. Også vanlege folk i Tunisia kjenner til dette, og koret av protestar er i vekst. Folk i Tunisia intenst mislikar, jamvel hatar, kona til presidenten, Leila Trabelsi og familien hennar.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Det kjem fram at presidentfrua blant anna har tent enorme pengesummar på bygginga av ein eksklusiv skule.
Dei hemmelege dokumenta frå den amerikanske ambassadøren skal innehalde svært nærgåande skildringar av måten den tunisiske presidentfamilien har skaffa seg økonomiske fordelar.
Bruk av sosiale medium har vore ein viktig måte å kommunisere på for dei som har organisert demonstrasjonane mot regimet. Facebook har vore den viktigaste måten å spreie informasjon på
Zine El Abidine Ben Ali tok makta i Tunisia i eit fredeleg kupp i 1987.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: