Hopp til innhold

– Utan tvil, mi største naturoppleving

Dette er truleg første gong jerv som angrip rein er fanga på film.

Se de unike opptakene av jerv som angriper rein

Ein slik kamp på liv og død mellom jerv og reinsdyr er svært sjeldan å sjå. Endå meir unikt er det å klare å filme det.

– Eg har passert femti, og har gått ein del i marka og i fjellet, men eg har aldri sett jerv før. Det var ei fantastisk naturoppleving, men også vondt for det dyret som lir, seier Jan Eide.

I helga var han på tur til DNT-hytta Rostahytta nær svenskegrensa i Indre Troms. Målet var å kjenne, og oppleve uvêret som var meldt. Men han fekk oppleve meir enn stormkast rundt hytteveggen. Under frukosten inne i hytta søndag morgon sa ei jente at ho såg ein rein, og at det var noko etter den.

Fullstendig unikt. Knapt filma i vill tilstand nokon stad i verda vil eg tru.

Ulf Myrvold, NRK

– Eg hadde berre mobiltelefonen, men klarte å fanga to minutt av kampen som vara i fem-seks minutt. Det var ei stor oppleving, fortel Eide.

– Kom stormande, blodig og stygt skadd

Jan Eide

– Eg hadde lagt speilreflekskameraet heime fordi eg tenkte vêret kom til å bli for dårleg. Det skal eg aldri gjere igjen, seier Jan Eide, etter at han måtte filme dei unike scenene med mobiltelefonen.

Foto: Privat

Opptaket, som er gjort gjennom vindauget rundt 100 meter frå staden der kampen utspant seg, viser korleis jerven hoppar opp og bit fast i nakken på reinsdyret, medan reinen prøver å riste jerven av seg.

– Reinen klarte å slenge jerven av fem-seks gonger, og jerven klarte å legge reinen i bakken to-tre gonger. En enorm kamp, fortel fotografen.

Til slutt kom reinen seg unna. Truleg skadd for livet.

Dette har aldri vore på ein filmrull eller på eit videoband tidlegare.

Terje Dale, redaktør NRK Natur

– Reinen kom stormande, blodig og stygt skadd mellom hyttene der vi var. Jerven hadde bite av skinnfiller som den åt på og rulla seg i, før den stakk av i motsett retning. Kort tid seinare såg vi reinen gå med senka hovud over ein åskam. Den overlevde nok ikkje, trur Eide, som sjølv er bonde.

– Du får spørsmål om kvifor du ikkje gjekk ut og jaga jerven?

– Hadde eg gjort det så hadde den tatt ein annan rein. Eg såg ikkje nokon grunn til å øydeleggja for naturen. Eg vil absolutt ikkje at mine dyr skal bli utsett for noko slikt, men veit også at slik er naturen, seier han.

– Fullstendig unikt opptak

Etter at Eide la ut videoen på Facebook søndag, har videoen blitt delt over 800 gongar, den har hatt 131 000 sjåarar, og fått nærare 300 kommentarar.

– Eg har aldri opplevd noko liknande. Eg er heller ikkje spesielt aktiv på Facebook, men syns det var greit å vise denne. Vise korleis naturen virkar, seier Eide.

Redaktør Terje Dale i NRK Natur har sett det aller meste som er filma av natur i Norge. Dale er klar på at opptaket Jan Eide har gjort av jerv som angrip rein, er heilt unikt.

– Dette har aldri vore på ein filmrull eller på eit videoband tidlegare, seier Dale.

Ulf Myrvold, ein av dei mest erfarne naturfotografane i NRK er einig:

– Dette er fullstendig unikt. Knapt filma i vill tilstand nokon stad i verda vil eg tru, seier Myrvold.